2015-17 - Bjarte Sindre - Gamle Florø 1910

Gamle Florø

Dette postkortet er laga av fotograf Kjølvik i Sta- vanger og poststempla 22.12.1910. Det er sendt til frk. Marie Jensen i Tyskland, og er sendt av Ragna, Johan og Nancy. Etter folketeljinga i 1910 er dette Ragna og Johan Krokene og dottera Nancy som enno ikkje var fylt 1 år. Nancy utvandra til New York i 1928. Fotografen har stått heilt aust på Storåsen, og fotografert nordaustetter. Til høgre finn vi Store- vatnet, og huset vi ser om lag midt på biletet, er prestegarden. Det vart bygt av tømraren Simon Solberg i 1899. Det store huset til venstre er skulehuset. Det vart reist i 1890, og meininga var at her skulle det bli plass til eit gymnas også. Til all ulykke brann

huset i 1918, og alle gymnasplanar vart skrinnlagde. Grunnmurane og tomta vart seinare nytta til det nye sjukehuset som stod ferdig i 1935. Rett til høgre skulen ser vi det flotte huset til Gregorius Haus, styraren av hermetikkfabrikken, og seinare eigar av sildoljefabrikken på Eidet. Rett til venstre for skulebygget ser vi huset Krokene sine budde i. Det mest karakteristiske med biletet er alle hesjane. Det var prestegarden si jord vi ser, og det er godt grasland. Frå nokre av hesjane er høyet allereie kome i løa som vi ser like aust for våningshuset. Men mykje står att, og sidan vi ikkje ser folk i arbeid med berging av turrhøy, kan vi rekne som sikkert at fotografiet er tatt på ein søndag

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66