Målet for kampen: Ei ny og betre tid
Dette er eit kort utdrag av tala som Ludvik Botnen heldt 17. mai 1945, berre ti dagar etter at freden var eit faktum. Etter oppmoding vart tala trykt i Firda Folkeblad, der Botnen sjølv var redaktør. Heile tala er for lang til å trykke her i Floraminne. Men vi har lagt ho i si fulle lengde ut på historielaget si heimeside, http://www.florahistorielag.no/ for dei som øskjer å lese alt. Der gjengjev vi tala nøyaktig slik ho var trykt i avisa. Dei perspektiva Ludvik Botnen snakkar om i denne tala for 70 år sidan, er viktige og relevante også inn i vår tid. Så ta gjerne ein tur innom nettsida og få med deg heile tala
MÅLET FOR KAMPEN:
EI NY OG BETRE TID
Utdrag av tale for dagen, 17. mai 1945. Av Ludvik Botnen
Så er vi og gripne av dei store hendingane, vi er så fylte av jubel og glede, det strøymer på oss, – men å finne ord for kjenslene sine i desse stunder, ja prøv det kven som vil.
Det er mest ufatteleg det heile. Det er som vi desse dagane har gått redde for at vi skulle vakne opp av ein vedunderleg draum. Og det er enno slik at vi held på å gløyme oss sume tider, og er i ferd med å liste oss bort til dei som vi visste hadde radio i ein kjellar, eller ute i skog og mark, og spør etter nytt. Det er som vi enno i ørske og av gamal skrekk, gløymer oss sjølve, og lurer på om det er Gestapo i byn i dag.
Og så er det sant likevel. Vi har gjennom lange og tunge år sett fram til at atter skulle maidagen renne over landet vårt. At vi skulle verte løyst får trælekår og vinne vår fridom på nytt.
Ludvik Botnen var redaktør i Firda Folkeblad frå 1934. Han var medlem av bystyret og ordførar i Florø kommune fleire periodar frå 1955, og seinare ordførar i Flora kommune 1976–1979. Han var stortingsrepresentant for Venstre i to periodar, frå 1961 til 1969, og sat 12 år i Venstre sitt landsstyre. I 1980 vart han tildelt kongens fortenestemedalje i gull.
No er det ikkje tvil lenger. – Denne store folkemengda, og endå større folkemengder kringom i by og bygd overalt i Noregs land, vitnar om det, at det atter er 17. mai i eit fritt Noreg. Og flaggstengene står ikkje lenger nakne. Atter vaier flagget, vårt kjære norske flagg. «Fritt fløymer flagget med blåe kross i kvitt. Fritt ser du atter landet og kallar det for ditt». Det er ikkje underleg at det er jubel og glede. det er ikkje underleg at 17. mai i dag er ein 17. mai som aldri før, jamvel om vi hadde ynskt meir sol over dagen.
«Det kan vere ei takknemmeleg oppgåve, men det er inga lett oppgåve å tale 17. mai i år. Det har vore sagt så mykje sant og godt, så mange vakre og varme ord desse dagane – av kjende menn som har stade fremst i kampen, heime og ute, at det vert vanskeleg å finne nye ord som folk kan tykkje mun i.

Av og til i denne tida har vi kunne forstå den kjende utlendingen som eingong sa til Fritjof Nansen: «Eg misunner Dykk å ha eit slikt land å elske, og eg misunner Dykk å ha eit slikt folk til å elske det.» Vi skal ikkje skape disharmoni i vår vakre glede i dag, med å stogge for lenge ved dei som sveik. Det er folk som vi er ferdige med, og vi skal kome oss over dette syrgjelege kapitlet. Lat oss hugse ein ting når vi no går til arbeid. Vi ynskjer å gjere opp. Vi ynskjer ikkje at ugjern- ingane skal stå ustraffa. – Kjære folk! Lat ikkje dette vere den samlande tanke i dag. Lat oss ikkje gjere noko som vi vilde fordømme hos andre. Lat oss ikkje gjere noko som ein gong i framtida kan føre oss opp i elende på nytt. Lat oss fyrst og fremst stå fast og leve slik at det viser i gjerning at no er det slutt på den vonde tida. Lat oss prøve å vise at det no stig fram ei ånd, eit samfunn som byggjer på rettferd og humanitet. Går vi ikkje inn for dette, ja då har vi tapt av syne det vi kjempa for. No skal kvar einskild av oss i byggjande arbeid i fredens tid, vise om vi kan gjere ære på dette fagre landet vårt. Eg tviler ikkje på at vi skal greie det materielle atterreisingsarbeidet. Måtte vi og greie atter- reisingsarbeidet åndeleg sett! Det var så symbolsk den fyrste meldinga som kom frå Oslo etter kapitulasjonen: «Det var slutt på blendinga.» – Eg vonar vi kan legge meir i denne meldinga. At det i og med freden og fridomen også er slutt på all åndeleg myrklegging, og at vi aldri meir skal blenda for ljoset i vårt kjære fedreland! Skal vi våge å gå framtida i møte med så ljose voner og med så sterk tru? Det vågar vi ikkje å svare på i dag. Men kan vi gjere det, ja då kan vi også med heil hug syngje det verset av fedrelandssalmen som vi har sløyfa i desse åra under okkupasjonen:
«No er det i Noreg atter dag, -----»
Gud gjeve vi måtte leve etter den visdom vi no har fått gjennom dei lange og myrke år, slik at vi alltid held fridomsfana høgt i dette landet! Vi er byrge i dag for at litt av æra fell på nokre av nordmennene sjølve. På dei som drog ut og tok kampen opp. Fyrst og fremst kongen og hans rådgjevarar. Så dei mange som fylgde etter. Dei visste at dei våga livet, at dei kunne verte stilt mot muren dersom dei kom i klørne på Gestapo, men dei kunne ikkje sjå på dette trælelivet, og litt av eventyrhugen låg vel og i dei, dei tok sjansen og reiste, og melde seg til teneste der ute. Men også her heime hadde vi dei som held fram med kampen. Deira innsats er så visst ikkje den minste. Dei arbeidde under dei vanskelegaste tilhøva og var kanskje utsette for den største fåre, desse heimefrontens menn. Med livet som innsats har dei skrive eit blad i norsk soge som aldri skal gløymast. Tankane våre i denne stund går også til alle dei som i aprildagane 1940 drog ut til kamp. Dei måtte gje opp, men dermed skal ikkje deira innsats verte gløymd. Med små hjelpemidlar, men med eit djervt mot gjorde dei det dei kunde. Dei var iallfall villige til å stå vakt om fridomen, og nettopp dei skapte den kampånd som har vore med oss, og bore oss gjennom dei tunge år. Både frå krigen her i landet, og frå kampen seinare, der ute, ligg der nordmenn att. Dei fekk ikkje sjå det frie Norge, dei fekk ikkje sjå maidagen renne på nytt over vårt kjære fedreland. Men utan deira innsats hadde heller aldri vi nått fridomen. Difor skal tankane våre gå til dei, vi veit at deira tankar til siste stund var hos oss. – «Vi har de døde med oss den dag vi kommer igjen». Det som har vore tyngst for oss i denne tida, er alle dei som kom i klørne på Gestapo, og hamna i konsentrasjonslæger og tukthus, her i landet og i Tyskland. Og det som verre var, at så mange staute og gode nordmenn laut lata livet for desse bødlane.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.