2015-23 - Odd Standal - Frå Firda Folkeblad 1945

Frå Firda Folkeblad 1945

16. MAI 1945 kom Firda Folkeblad med første utgåva etter krig-en. Avisa hadde vore stengd ned sidan 1942. Redaktøren, Ludvig Botnen, fortel om det sensurregimet som til slutt vart uleveleg, m.a. var han ved eitt tilfelle innkalla til Bergen fordi han hadde sett på trykk ein notis på 3 ½ linje om at president Roosevelt hadde 4 søner i krigen!

Hovudoppslaget denne maidagen er redaktøren sine tankar om krig og gjenreising: Han siterer den britiske utanriksministeren sine ord frå 1939, «i natt vert ljosi sløkte overalt i Europa», – men det er i Lodalen han finn eksempel på den styrken som må til for å byggje landet på nytt:

Vidare framover våren og sommaren er avisoppslaga naturleg nok prega av heimvende krigs- heltar, arrestasjon av lokale nazistar, reorganisering av kommunestyra m.v.

05.06.45: Dødsannonse for Atle Svardal:

Vi må også vekk med all åndeleg myrkleggjing. Vi må skapa ei mannaætt med høgare hugmål enn kamp og strid. Kan vi makta det? Etter flaum- katastrofen i Lodalen i 1936 vart ein av dei skadelidne spurd: Kan de for alvor tenkja på å byggja her på nytt? Ja, svara han, vi kan byggje høgre oppe neste gong. Vi kan ikkje finna noko betre motto å gå til arbeids på: Vi må byggja høgre oppe neste gong!

I same utgåva sjølvsagt også:

Min kjære mann, min snille pappa, min inderlig kjære sønn og vår bror, løytnant Atle Svardal, falt ved Florø i kampen for fedrelandet 13. mars 1945, 26 år gammel.

Fra 17de mai komiteen. Programmet for festligholdelsen av dagen er fastsatt slik:

Og så kjem programpostane slik vi kjenner dei frå våre dagar, men vi merkar oss denne :

Kl. 10.45: Barneleker. Guttene i Skolegaten, pikene i Markegaten.

Omtale i avisa: Atle Svardals arbeid desse åri er den modige manns innsats. Det var berre so trist, og so tungt for hans næraste, at det skulde ende so syrgjelegt. Men slik er no eingong krigen, – det får vere trøysta at i kampen for Noregs frigjering står Atle Svardals namn langt framme. Og minnet hans vil leva, – ikkje berre mellom dei som kjende han, men mellom dei mange andre som no høyrer om innsatsen til denne djerve Florøguten.

22.06. Gestapobanditten Arndt har vedgått i Bergen forhøyrsrett at han har vore med og pint fangar. Dei prylte dei og hengde dei opp etter bakbundne.

05.06. Florøgut med St. Olavsmedalje og engelsk orden. Vi har nemnt før at Florøguten Dagfinn Ulriksen er ein av dei som har gjort seg kjende under krigen. Han har ikkje mindre enn tre gonger vore i audiens hjå H.M. Kong Håkon, og han er tildelt både St. Olavsmedalja og ein engelsk orden.

22.06.45 Bilrute Florø – Førde frå i dag. Mange som vil reisa, men billaget er opprådd for materiell. (…) Førebels vert det rute to gonger i veka, tysdag og fredag. Ruta går ut frå Florø kl. 9 om morgonen, og kjem til Førde kl. 12.30, og gå so attende om ettermiddagen.

05.06. Olav Færøyvik skriv: Rett skal vera rett. Herr Ole Røyset Brende er ikkje nazist. Han er brochmannist. Ideologien er velkjend for alle som på eikor vis fekk med denne rørsla å gjera i førkrigsåra. Men kanskje «profeten» er vorten heilt gløymd i desse fem harde åra vi no har gått gjennom?

05.06. Annonse frå Heimefrontkontoret i Florø: Skarpskyting. Frå tysdag 5. juni d.å. og utover vert det skarpskyting på Florø Skyttarlag si bane ved Lillevatnet. Det er livsfårleg å ferdast i området omkring Lillevatnet frå kl. 10.00 til kl. 18.00 kvar dag. Barn må haldast borte frå skytebana.

22.06. Annonse frå Forsynings- og Gjenreisingsdeparte- mentet : Omsetningsreguleringen for kjøkkenutstyr, spise- bestikk m.v. Forsynings- og Gjenreisingsdeparte- mentet har bestemt at skjeer og gafler av aluminium skal være unntatt fra bestemmelsene om regulering av omsetninen av kjøkkenutstyr, spisebestikk m.v. av 15.juni 1944. Slike skjeer og gafler kan altså omsettes fritt uten mot kjøpekort og er unntatt fra forhandlernes oppgaveplikt etter forannevnte bestemmelse.

05.06. Heime på permisjon. Av Englandsfararar er Olav Mortensen og Leif Hovden, Florø, komne heim i det siste. Mortensen har vore om bord på handelsskip under krigen, som skyttar. Hovden er utlærd til flygar. Båe er no heime på permisjon.

13.07. Gestaposjefen i Bergen fakka. No har dei fått tak i sjefen for Gestapo i Bergen, obersturmführer Weimann. Han hadde gøymt seg vekk i eit tysk samlelæger ved Arendal, og hadde klædt seg i marineunform. For å dekkje han hadde dei andre gestapistane i Bergen sagt at Weimann hadde skote seg.

22.06. Politimeister Ivar Lind reiste til Oslo i går. Han og frua er innbedne til å vera med på kongemottakingi 7. juni. Lind er ein av dei få som lever att av dei stortingsmennene frå 7. juni 1905. Den gong var Lind med i nemndi som førebudde mottakingi av kongen.

13.07 Englandsfararane frå Hovden. 6 mann i aktiv teneste frå éin heim,- Ole Hovden og sønene. Alle Englandsfararane i live; hjå sume har jamvel huslyden auka.

22.06. Heim frå Tyskland og England. Øyvind Galåsen, Florø, som var mellom dei studentane som sat i tysk fangenskap, kom heim i førre veka. Mellom Englandsfararane som er komne heim i det siste, er Nikolai Standal, Florø.

13.07. Det er ikkje rett seier Harald Solberg, at han skaut på gestapo. Hadde han vilja gjort det, so skulde han ogso ha sytt for å råka dei, men han berre skaut ut i lufti.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66