Brandsøy Planteskule
Brandsøy Planteskule vart oppretta i 1921 for produksjon av plantar. Skogreisingssaka stod sterkt i Florø og Kinn, der E. M. Hole var ein føregangsmann. Seinare vart urmakar Johs. Moe ein viktig pådrivar saman med fylkesskogmeister Nybø. Iveren for skogplanting breidde seg, og det vart sterk trong for plantar. Med hjelp frå Bergens Skogselskap vart garden til Hødal i Brandsøy kjøpt, og skulen sett i drift her. Hovudbygningen ser vi lyser kvit til venstre i fotografiet, og skulen hadde heile 50 dekar til disposisjon. Av dette var 40 dekar dyrka. Produksjonen var jamt på mellom 1 og 1½ millionar plantar for året. Det meste gjekk til skogplantinga i fylket vårt. Vart arealet for lite, kunne dei leige jorda som ligg aust for vegen og mot sjøen av Jakhellen. Våningshuset til denne garden ligg bak hovudbygningen til Planteskulen. Alt vi ser vest om nedste vegen høyrde til planteskulen. Det vesle huset til høgre var Mathias
Brandsøy sitt. Nede med sjøen ser vi nausta til planteskulen og Jakhellen. I sesongen kunne her vere 60 menneske i arbeid med plantane. Av enkeltpersonar som har arbeidd strekt for skogreising i nyare tid, kan vi Nemne Asbjørn Nybø og Saron Kleiven i Klauvene. Den siste stod for det meste av skogreisinga nord for Nordalsfjorden. I 1941 vart Sogn og Fjordane fylke eigar. I år er første gongen skulen ikkje produserer plantar. Fylket har bestemt at produksjonen skal leggast til Baltikum. Vi kan vere trygge på at kvaliteten ikkje vil halde mål for tilhøva våre. Planteskulen hadde tilpassa plantane ved røynsle gjennom generasjonar til klima og jordsmonn her i fylket. Styrarane ved planteskulen har vore Johannes Søfteland (1921–42), Jostein Huus (1942–71) og noverande Sven Saure (1971–dd). Golfspelarane har i mange år fått nytte delar av området til golfbane. Denne er planlagt utvida frå 6 hol i dag til 12 hol om nokre år.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.