2015-15 - Bjarte Sindre - Parti fra Svanø i Søndfjord

Parti fra Svanø i Søndfjord

Dette postkortet, laga av den landskjende fotografen Steinkopf Wold, er truleg frå 1915. Den gongen var der ein veldig aktivitet på Svanøya. Verdskrigen gjorde at der var stor trong for kopar, og prisane skaut i veret. På øya er der ei åre med kopar- og svovelkis som strekker seg heilt over til Grimeli rett innafor Staveneset. På Grimeli vart der tidleg gruvedrift. Det vart også sett i gang gruvedrift på Svanøy med stor innsats av kapital. På biletet ser vi trallebana som førte malmen frå knuseverket litt

lenger oppe og ned til kaia. Her var over hundre arbeidstakarar ved gruvene, og dei to husa til høgre har vore for nokre av desse. Det store, kvite huset som tronar på kammen, var bustadhuset til kjøpmann Meling. Han kom til Svanøya for på drive landhandelen som verket sette i gong. Då verdskrigen var over i september 1918, stupte prisane på kopar, og selskapet måtte gje seg i 1920. I dag er igjen prisane på kopar svært gode. På Grimelia er det snakk om at dei vil ta opp at gruvedrifta.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66