2015-14 - Bjarte Sindre - Nedre Standal

Nedre Standal

Mads og huslyden hans budde i andre høgda på sjøbua, medan bygningen oppe på land var løa til den vesle garden han åtte. Oppe under åsen ligg garden Bakkane og til høgre for den ein husmannsplass. Bua på skjeret høyrde til Samson Standal, og båten hans ligg fortøygd der. Også han gjorde det godt på fisket. Alle buene inne på stranda høyrde til folk i Øvre og Nedre Standalen. Vi får også nemne at enkelte hadde buer ute i øyane der storsildfisket slo til. Slik kunne dei vere på staden når sildeeventyret starta. På 1950-talet bygde folket i Standalen kai på skjeret og molo frå land og ut, for eigne pengar. Også dette kortet er laga av Steinkopf Wold, og er frå 1910. Det er sendt til Bertil Byrkjeland i Naustdal frå Ludvik Horne.

Nedre Standal hadde i den gamle matrikkelen gards nummer 158, og her var 5 bruk. I området frå sjøen og opp til Standalsvatnet finn vi mykje godt jordbruksland. Men som av alle som budde i ytre strok, vart det fiska mykje, og inntektene av fiske var nok ofte større enn av jordbruket. Slik sett er det ikkje underleg at vi finn alle nausta som det dominerande i postkortet. Lengst til høgre finn vi den drustelege bua til Mads Thyvold. Han var i ei rekke år postopnar på Svortevikholmen. Då posten vart flytta til fast- landet, takka han av der, og slo seg til her i vika. Mads dreiv det stort med fiske, salting og tranbrenning. Han førte sjølv varene til Bergen for sal, med båten vi ser ved bua. Den heitte «Torden- skjold», men vart berre kalla «Blodslitaren» av di han var eit utyske å hanskast med. Båten vart kanskje nytta som kanonbåt i krigen mot England i 1807–1814. I så fall var han mest 100 år gammal då dette biletet vart teke.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66