Øvre Standal
malar og snekkar Nikolai Birkeland i Florø. Her er tekstsida:
«Goddag Birkeland. Nu skal du høre. Søndag d 7november førstkommende skal jeg gifte mig. Da du nu er en god gammel kjending, ugift og spillemand, saa indbyder jeg dig og din violin at komme til vort bryllup. Jeg hadde tenkt at ha en spillemand som kunde holde festen livlig, saa du faar kunde gjøre det. Jeg har håp om at faa en med håndorgel ogsaa. Jeg haaper du gjør os den glæde at komme.
Dette postkortet frå Øvre Standal er poststempla i 1909. Det syner korleis dei ulike bruka var plasserte før utskiftinga i 1925. Bygningane var lagt rundt eit fellestun av praktiske årsaker. Ein kom nærare grannar, og ein var betre verna når alle husa låg samla. I gamle dagar var ein ofte ute for brotsmenn som drog land og strand rundt. Her er mykje hus, for garden (nr. 104) hadde heile 12 bruk. Dei einaste husa som låg borte frå tunet, var smiene. Dette var sjølvsagt for skuld eldsfaren. Dei ulike bruka hadde namn etter eigarane ved matrikkelen av 1886, t.d. Mads-staua, Samuelstaua og Ananias-staua. Vi ser at der er mykje god dyrkande jord til garden. Men drifta vart sterkt hemma av teigblanding. Dei ulike bruka hadde eit utal av småstykke som låg spreidd i eit lappeteppe over heile området. Nokre var ikkje på meir enn 10 rutemeter. Ved utskiftinga vart jorda samla til dei ulike bruka. Dette førte med seg at brukarane flytta husa sine til der jorda var. På sørsida av vatnet ser vi den heilt nye vegen frå Nedre Standal som nett er ferdig. Før var her berre ein gang- og rideveg som gjekk vidare til Steindalen og Svardalen.
Kortet er sendt av Fina og Salomon Standal til
Fina + Salomon Standal


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.