Helsesøster Oddlaug Kvammen
– «Heimesjukepleien då og no? Nei, det kan ikkje samanliknast. Og folk skal no heller ikkje gå slik eg gjorde som ung sjukepleiar»
Beina er slitne, men hovudet er godt. Det lyser energi av Oddlaug Kvammen når ho svingar seg ut av den elektriske køyredoningen og inn på ein butikk for å handle. – Til påske i år kom ho heim frå ein 10-dagars tur til Kina.
– Eg har alltid hatt ein draum om å sjå det store, framande landet, og sa til meg sjølv: «Det må bli no eller aldri», fortel ho.
Det forstår seg; Oddlaug var helsesøster i Kinn / Flora frå 1955 til 1986, og fylte 96 år den 4. mai i år. Fram til 1997, då ho var 78, hadde ho over ein 15-års periode delteke i Grete Watz-løpet i Oslo.
Det ser ikkje ut til at det er mykje arbeid og lange dagar som gjer folk vanhelsige. Då skulle Oddlaug vore under torva for lenge sidan. Hennar generasjon har vakse opp med fysisk slit i fattigNoreg – og sett landet vekse i materiell velstand til å bli verdas rikaste. Sett alle oppfinningane materialisere seg i fly og bilar og radio og TV, telefonar, både faste og mobile, romfart, internett – med heile verda eit tastetrykk unna.
Ho voks opp før den moderne medisinen, der tuberkulosen reiv folk bort i sin beste alder, og der det vi i dag kallar for banale barnesjukdomar, kunne vere døden. Hennar eiga mor døydde av meslingar, 41 år gammal. Heile familiar kunne døy ut, så det berre var ein eller to att.
MEDISINSKE DILEMMA
Vi føler oss så trygge i dag. Vitskapen og det medisinske våpenarsenalet står som ei borg mot infeksjonane og fårane der ute i den fattige verda. Men – i staden har dei kome snikande, dei komplekse livsstilsjukdomane, dei kroniske lidingane, overvekt, diabetes, udefinerbane ubehag og eit hav av psykiatriske diagnosar. Dei nye – vedundermedisinane er misbrukte som snop, i alt frå dyrefor til antibiotika mot tilstandar som kroppen normalt skal ta seg av sjølv. Vi skal ha det så lettvint, ubehag skal straks døyvast med ein tablett. Så høyrer vi om tiltakande resistens. Det er den nye skrekken i vestens helsevesen. I verste fall kan vi måtte starte oppatt kampen som Oddlaug var med på som ung sjukepleiar.
– Kina-turen var i grunnen ganske travel. Det var opp i halv sju-tida. Ein dag vart vi bussa til Åndenes Dal. I nokre parkar såg vi hundrevis av gamle folk som dreiv med fysiske øvingar. Det var utruleg kva dei fekk til. Om vi kunne få til noko liknande her, så trur eg det var til stor hjelp for folkehelsa, fortel Oddlaug og legg til: – Vi køyrde på kryss og tvers i det store landet, og vi såg nesten aldri feite, overvektige menneske – endå dei hadde all denne gode maten du kunne ønskje deg. I alle fall det vi såg og fekk. Kan hende hadde det noko med kva dei åt, og korleis dei åt. Ei kvinne i ein heim vi fekk komme inn til, fortalde at ho brukte opp til tre timar på å lage til dagens hovudmåltid, fortel ho.
GARTNAR ELLER SJUKEPLEIAR
Oddlaug Kvammen er fødd 4. mai 1919 på eit lite bruk i Nesgrenda i Naustdal. Vi var tre sysken; bror min var fødd i 1918 og systra i 1921. Så reiste far til Amerika, og då han kom heim var eg konfirmert – og då vart det tre småsysken til, lær ho.
På den tid heitte det seg «å gå for presten» – og det var som oftast bokstaveleg. Frå Fimland var det to mil å gå etter vegen. Då hadde ho vore på stølen først og stelt med dyra. Klebyte hadde ho med. Så var det same vegen attende og oppatt på stølen for å ta kveldsstellet. Oddlaug var 10 år då ho byrja som stølsjente.
– Kva ynskje hadde du for livet? – Tenkjer du på yrke? – Ja...
– Gartnar eller sjukepleiar, meiningsfullt begge deler – og det vart det siste.
Krigsåra kom i vegen, så ho miste nokre viktige år, men i august 1947 fekk ho plass på Nasjonal- foreininga for Folkehelsa sin skule i Oslo, og var ferdig utdanna i 1950. 1. januar 1951 byrja ho som distriktssjukepleiar i Naustdal. Der var ho i fem år, og det var så vist ingen åttetimars-jobb. Første oppgåva var å stelle for ei gammal dame på Vona. Ho var dårleg, og det kravde tett ettersyn. Det var om vinteren, og berre å ta skia fatt for å gå over den snødekte isen.
– Eg var hos henne dag og natt i tre veker, men ved eit par–tre høve måtte eg heim som snarast. På ein slik tur tetna det so grenselaust til med snø, så alle spor forsvann på vegen oppatt, fortel ho.
Etter eit tid visste ho korkje tid eller stad, med kom seg til stranda og følgde den til det dukka fram eit naust ho kjendest med. I ei lita glette i snøkavane fekk ho eit gløtt av Vonagarden og kom seg opp og i hus. «Nei, men kjære deg, kjem du i eit slikt vêr!» sa husfolket.
– Eg tykte det var eineståande folk der oppe på Vona, og desse tre vekene hugsar eg særleg godt, seier Oddlaug, og ser attende inn i ei anna tid.
TIL FLORA
1. august 1955 kom ho til Florø som distriktssjukepleiar under distriktslege Bjarne Nybø. Sokneprest Hjalmar Tjelta var rekneskapsførar og Saniteten stod for utløninga.
Ho hadde ikkje eige kontor, men fekk ei lita lampe inn på mørkerommet til dr. Nybø og sat der og styrte med papirarbeidet. Dette var i det huset som gjekk under namnet «Doc’en» der distriktslegane hadde hatt kontoret like til dei kom i nye i Hestenesgata på 1970-talet.
Oddlaug var åleine i det store distriktet om omfatta Kinn prestegjeld, om lag som Flora kommune i dag. Den gongen var der over tretti skulekrinsar – og alle skulle ha besøk ein gong i året. Då vart det ikkje så mykje tid til å sitte på «kontoret».
I Florø var eit stort arkiv etter dr. Gedde-Dahl som hadde gjort eit framifrå arbeid i kampen mot tuberkulosen. Dette var arkivert etter skule- krinsar, og dei var det mange v på 1950-talet. Den eldste delen står slik den var på Helsestasjonen den dag i dag, med vektkontrollar, pirketprøver, vaksiner etc. slikt som var teke av ungane, alt nøyaktig journalført.
– Dette var verdfullt. Når folk t.d. skulle ut å reise, såg vi berre etter i det gamle arkivet kva som var gjort med dei. Som oftast trong vi berre ei påfylling i staden for heile pakken med grunnvaksiner, fortel ho.
Oddlaug hadde betre oversikt med dette enn legane, og konfererte gjerne direkte med helse- direktoratet. Det gjekk på tillit og ikkje på formalitetar. Ho tok sjølv inn aktuelle vaksiner – der dei vart plasserte i den kjølege kjellaren til dr. Nybø. Seinare kom der kjøleskåp til vaksinane. Om dette skåpet vart det ein del fram og attende – kven som skulle koste.

Oddlaug tok eksamen ved Helsesøsterskulen i Oslo i 1959.
Foto utlånt av Oddlaug Kvammen.

Frå julelunch på helsestasjonen i ein gong på 1970-talet. F.v. Bjørn Engesæth, Sølvi Larsen, Oddlaug, og Marit Barsnes Krogsæter. Foto utlånt av Sølvi Larsen.
– Det var Jac. U. Ulriksen som sette det opp til meg. Men først hadde kjøleskåpet vore oppe i formannskapet. Der hadde «Likken» som også var formann i byningsrådet i fleire periodar, skore gjennom og sagt: «Dere må vel forstå at jenta må ha kjøleskap!» lær ho.
EIT HARDT DISTRIKT
Det var eit hardt distrikt med lange sjøreiser, og mange sjølvstendige avgjersler å ta.
– Eg fann ut at skulle eg bli her, måtte eg ha det vi i dag kallar fagleg påfyll, og dermed vart det vidareutdanning ved Helsesøsterskulen, ferdig i 1959, fortel ho.
No fekk ho eit lite kontor i legebustaden, og frå hausten 1959 byrja ho å gje trippelvaksinar (difteri, kikhoste og stivkrampe) med etterfylling (eitt år) og påfylling etter 10 år. På den tid tok dei også til å få pengar frå kommunen til delvis drift. Helsestasjonen for mor og barn byrja i det små.
Jordmor Anna Løkkebø heldt spedbarnskontroll heime på kjøkenet sitt i førstninga. Anlaug sette opp budsjett og etter kvart kom det inne i kommunale former. No var ikkje helsestasjonen for mor og barn berre basert på frivillig innsats gjennom saniteten.
Men arbeidet og ansvaret minka ikkje. Oddlaug hugsar bl.a. eit tilfelle. Det var ein unge som ikkje fekk ned feberen. Ho var der og sjekka kvar fjerde time heile døgeret. Ein kveld i åtte-tida hadde temperaturen teke til å sige, og den utvakte helsesøstera fekk sjanse til å gå heim å sove.
– Eg sov til kl. 12 neste dag, men då kom der nokon frå Saniteten og skulle ha meg ut. Det fekk vere måte på; det var trass alt dei som løna meg, lær Oddlaug ved minnet. Dei første åra er dei som sit best i minnet. Då var ho åleine helsesøster for heile distriktet og alle skulle ha besøk i sin krins; som nemnt over 30 i talet; tidvis to dagar på kvar skule.
– Når stormane byrja om hausten, tok også reisinga til, og eg var helst redde på sjø’na, legg ho til med ein smil.
– Nils Hovland var skyssmann, og ein dag vi skulle ut sa han til meg: Ja, i dag lyt kvar passe sitt; eg lyt passe båten. Dr. Nybø hadde ringt og sagt: «De må ikkje reise i dag». Hovland svara: «Nybø har greie på mangt, men veret og sjøen kan han overlate til meg», – og vi reiste, fortel ho.
– Men for all del. Det var ikkje bere storm og styggevêr, men også mange hyggelege turar i klårver og vakre haustfargar. Vi drog tidleg om morgonane og var som regel attende om kvelden. Av og til hadde vi kjøpt krabbe og sat framme i båten og spikte krabbeklør på ei fjøl, smiler ho ved minna.
STOR TILLIT
Mykje av det som her er fortalt, var forstadiet til Helsestasjonen. Etter kvart som arbeidet vart formalisert utover på 1960-talet kom det meir folkehjelp, og i 1974 flytte dei permanent i «eige hus» i andre etasje i Haave sitt bygg i Hesteneset under namnet Flora Helsestasjonen.
– Vi hadde kontora våre mot sør, på solsida, medan legane (der August Bakke var distriktslege) måtte nøye seg med skuggesida i same etasje, skøyar Oddlaug. I midten var venterom for lege og helsesøster.

I år har Oddlaug Kvammen runda 96 år, og kan sjå tilbake på eit uvanleg aktivt og spennande yrkesliv, mellom anna som helsesøster i Flora i 31 år. Det er ein sprek 96-åring som fortel frå historia om helsetilbodet i kommunen frå 1950-talet og fram til vår tid. Foto: Sølvi Larsen
Arbeidet vart no noko heilt anna enn då Oddlaug dreiv å reiste rundt i det vidsveimte distriktet. Men det kunne saktens vere nok å gjere der også, når mødrene kom på stasjonen med ungane. Ein dag såg dei om og vaksinerte 52 barn. Det var ein travel dag, medgir både Sølvi og Oddlaug. Spebarnskontrollane starta med måling og veging, og så følgde faste kontrollar etter tre og seks månader, sidan eitt, to og fire år. Etter kvart vart matallergiar og andre symptom meir aktuelle spørsmål. Det var framleis slik at Oddlaug kunne ringe og legge ungar inn på sjukehus utan å gå vegen om distriktslegen, eller konfererte med spesialistar innan barnemedisin om ulike tilfelle. Ho hadde trass alt ein erfaringsbakgrunn som gjekk utanpå dei fleste på dette feltet. – Dette hende nokre gonger når det hasta. Spesielt ein gong er eg glad eg tok meg til rette, elles kunne det gått heilt gale. Men elles, når det var tid så gjekk vi den formelle vegen om legen, legg ho til. Det kom seg som nemnt med folkehjelp. I november 1974 byrja Sølvi Nekkøy (g. Larsen) på Helsestasjonen. Ho hadde nett teke eksamen som legesekretær og fekk jobb i halv stilling som sekretær for legane på «skuggesida» og halv stilling for Helsestasjonen. Dette var høgst uvanleg og dei ringe frå Førde og andre stader om korleis dei hadde fått det til. Truleg var Flora først i fylket der helsesøstrene hadde eigen sekretær. Oddlaug var mykje på heimebesøk til nyfødde på den tida. Ja, kvar einaste som hadde fått spedbarn fekk besøk. Då var Sølv ofte åleine på stasjonen
Spebarnskontrollane starta med måling og veging, og så følgde faste kontrollar etter tre og seks månader, sidan eitt, to og fire år. Etter kvart vart matallergiar og andre symptom meir aktuelle spørsmål. Det var framleis slik at Oddlaug kunne ringe og legge ungar inn på sjukehus utan å gå vegen om distriktslegen, eller konfererte med spesialistar innan barnemedisin om ulike tilfelle. Ho hadde trass alt ein erfaringsbakgrunn som gjekk utanpå dei fleste på dette feltet.

Oddlaug i godt lag på Havglytt i sommar. To av dei ho hadde følgd til spesialist den første tida
som helsesøster i Flora, Eldbjørg Brandsøy Rognsøy t.v. og Sølvi Larsen.
– Det var einast eit legepar eg ikkje vitja, eg rekna med at dei ordna seg sjølv om noko stod på, legg ho til.
PERSONLEG ENGASJEMENT
Oddlaug Kvammen var helsesøster i Flora i over 30 år. Ho gjekk av for aldersgrensa i 1986, men var ofte inn att og hjelpte til det første året, og sidan av og til når det trongst.
Sølvi Larsen peikar særleg på kor mykje Oddlaug engasjerte seg personleg i den enkelte pasient ho både hadde, og ofte tok større ansvar for enn nokon kunne krevje eller be om. Ja, ikkje berre pasientar, men også sjukepleiestudentar. Ho hadde hytte på Bergstølen nær heimegarden i Naustdal, og dit tok ho ofte med sjukepleie- studentar om helga, og gjerne heim til seg og mannen på kaffi og middag i Auklandsvegen.
– Folk snakkar enno om kor flink ho var til å ta seg av dei, fortel Sølvi. Sjølv hugsar ho spesielt då ho var jentunge (12) år og fekk helsesøster Odd- laug som reisefølgje til Bergen saman med fem andre ungar. Dette dreiv ho med i mange år, og følgde både barn og vaksne som av ein eller annan grunn trong hjelp. Sjølv hugsar Oddlaug spesielt ei 12–13 år gammal jente som ho hadde følgt til augelege i Bergen. På båten opp Byfjorden sat ho med eit vindauge, og så ropte ho: «No kan eg sjå hus!»
– Det tykte eg var stort, seier Oddlaug, 50 år etterpå. Reisene kunne også gå til spesialistsjukehus i Oslo. Den første ho følgde dit var Eldbjørg Brands- øy (g. Rognsøy) frå Rognaldsvågen.
– Då kvidde eg meg; kunne eg ta ansvaret for denne vesle, sju år gamle ungen? – Det gjekk godt, kan dei konstatere begge to, då vi møtte dei og Sølvi Larsen på «Havglytt» her i sommar.
– Dette hende nokre gonger når det hasta. Spesielt ein gong er eg glad eg tok meg til rette, elles kunne det gått heilt gale. Men elles, når det var tid så gjekk vi den formelle vegen om legen, legg ho til. Det kom seg som nemnt med folkehjelp. I november 1974 byrja Sølvi Nekkøy (g. Larsen) på Helsestasjonen. Ho hadde nett teke eksamen som legesekretær og fekk jobb i halv stilling som sekre-
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.