Sigrid «Kikka» Mayer Olsen
EIN GLØYMD TEKSTILKUNSTNAR
Ho kom frå Marifjøra i Sogn, og var fødd med open gane og klumpete hender som mangla dei fleste fingrane. Foreldra såg tidleg at denne jenta måtte få kyndig hjelp, og søkte om plass til henne på Sofies Minde, ein skule for vanføre i Oslo. Det var viktig at Sigrid som elles var ei kvikk og aktiv jente, fekk lære å leve med sitt handikap på beste måten.
Ho var fødd i 1898, og på den tida var det ikkje alltid at born med eit eller anna handikap fekk den hjelpa dei trong. På Sofies Minde fekk ho mellom anna lære å veve, noko som kom til prege henne og gje meining resten av livet. Her møtte ho også
Olav Fosdahl frå Nærøya ved Florø. Han hadde og eit handikap, og var elev ved same skulen. Dei gifte seg og busette seg først på Nærøya i Flora. Begge hadde dei kunstnarlege evner. Olav Fossdal vart ein dugande treskjerar, mellom anna skar han ut treskurd på møblar og rammer til bilde og måleri. Sigrid teikna og malte sine eigne mønster til teppe og dukar som ho skulle veve. Til dette brukte ho vassfargar. På Sofies Minde hadde ho også lært å sy. Trass i at hendene var sterkt deformerte greidde ho å få til dei finaste sting. Ho sydde mellom anna sin eigen Sognebunad. Etter kvart tok ho til å halde vevkurs for kvinner i Florø og distriktet omkring. Dette vart så populært at det ryktest rundt om på bygdene, elles i fylket, og det vart mange vevkurs, særleg innover i Sogn. I Florø fekk ho det travelt med å renne og sette opp vev for alle som lærde å veve, og som ville halde fram med dette på eiga hand. Det var få som meistra den delen av vevinga, i alle høve i starten. Garnet som vart brukt til vevinga farga Sigrid med plantefargar, både til seg sjølv og andre. Ho plukka urter og plantar i naturen, som ho brukte til fargeprosessen. Olav Fosdahl hadde sjølv laga den utskorne ramma til brudebildet av dei to. Truleg er denne ramma med bilde frå rundt 1920.

Familien Espe i Marifjøra. Framme frå v. Ole Espe, Olivia Espe (gift Batalden, mor til Hermann Vokuhl), Johannes Haldor Espe, Thommas Espe, Marte Espe. Bak f.v. Karl Espe, Sigrid Espe (gift Fosdahl/Mayer Olsen), Anna Kristine Espe (gift Leirdal – mor til Erna Stenseth), Tora og Anders Espe.
Foto utlåne av familien.

Frå eit vevkurs i Sogn. Sigrid framme i midten. Legg merke til alle vevprodukta, teppe, løparar og dukar, som er utstilte rundt.
Foto utlåne av familien.

Sigrid var ei kvinne med stort pågangsmot, som fullt ut ville greie det andre menneske greidde, trass i sitt handikap. Mellom anna hadde ho og ei nydeleg handskrift, sjølv med berre ein finger på høgre handa. I 1947 gifte Sigrid seg opp igjen med Olav Mayer Olsen frå Nordland. Han var fiskar, og jobba om bord i fleire fiskebåtar, mellom anna på «Høvding». Dei fekk eit liv i lag fram til 1972, då han døydde. Sigrid vart over 80 år, og døydde i 1979. Ho blir hugsa som ei svært blid og omgjengeleg kvinne.
Etter at krigen tok slutt i 1945, flytte søster til Sigrid, Anna Kristine Leirdal, også til Florø, frå Høy- anger. No var Sigrid blitt enke etter Olaf Fosdahl. Anna Kristine og dotter hennar Erna, busette seg først i «Norsteinhuset», i Hamnegata, der Sigrid budde. Her opna Anna Kristine middagsservering ei tid for arbeidarane ved Sindreslippen, og Sigrid hjelpte til med serveringa. Arbeidarane hadde den gongen ein times middagspause. Begge søstrene jobba også tidvis på «Hermetik- ken», men det var risikofylt arbeid for Sigrid. Med deformerte hender, og manglande fingrar, skar ho seg ofte på dei skarpe sardinboksane. Det viser at

Sigrid gifte seg oppatt sommaren 1947, med Olav Mayer Olsen. Bryllaupet stod i Laksevåg i Bergen.
Ho var såkalla «krunebrur» og «kjole» var Sogne-bunaden ho sjølv hadde sydd.

Del av ein løpar ho har vevd. Garnet i løparen er farga med plantefargar som ho sjølv laga.
Ho farga sjølv garnet ho brukte til veving. Her har ho festa ein garnprøve med dei aktuelle fargane ho ville bruke til dette mønsteret

Oppstadveven som Sigrid sjølv brukte. Framleis står det siste arbeidet hennar i veven.
Ho fekk det ikkje ferdig før ho døydde, sist på 70-talet.

Sigrid teikna ofte mønstera ut frå slik kundane ville ha dei. Ho vidareutvikla mønster ut frå bilete og skisser, som ho fekk overlevert. Ei frue i Bergen hadde tinga eit teppe med slikt motiv. Sigrid har teikna det først for å få det godkjent, før ho sette i gang med vevinga.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.