2015-10 - Karen Sindre - Portrett av Tor Grønnevik

Tor Grønevik

Tor Grønevik var fødd i Grønevika i Eikefjorden den 12.02.1899, av foreldra Nils Grønnevik og Karen Nærø Grønnevik. Nils gjorde det godt på fiske og familien hadde ingen økonomiske vanskar. Då Ausevik-garden i Høydalsfjorden vart lagt ut for sal, kjøpte han denne, og dei flytta dit. For borna var det som å kome til ein Edens hage. Her var det store flater og mykje sol, og garden var lettdriven. Alle dei 6 borna fekk gå på skular, og etter folkehøgskulen var Tor med faren på fiske.

Etter eit par år i praktisk arbeid byrja han på Bergen Tekniske Skule, han ville bli ingeniør. Etter eit års studium var det praksisarbeid, og han fekk seg arbeid på hamna i Bergen. Medan han stua mjølsekker i eit lasterom, kom eit slepp ramlande ned over han, og han fekk alvorlege hofteskader. Etter operasjonar vart han sendt til Furuly på Stord, til den kjende lækjar og naturlækjar Olvik. Etter kvart vart han så bra at han kunne reise heim att på eigne bein.

Nils og Karen Grønnevik med yngste dottera, Klara (gift Aarseth), mellom seg. Dei andre er frå venstre: Herborg, Sigvart, Tor, Gunda (gift Helland) og Alvhild (gift Horn). Fotograf Gjelsvik 1912.


Tor som ung.


 

Tor med kjærasten sin, Martha Gullaksen.


 

Frå folkehøgskulen «Solvang» i Naustdal. Tor bak til høgre

Då Tor drog til Bergen, hadde han vore trulova med Martha Gullaksen frå Stavøya. Men etter skaden og sjukehusopphaldet vart det ikkje noko giftarmål. Ho vart sjukepleiar i Bergen, og gifta seg ikkje. Dei var vener resten av livet.

Under sjukehusopphaldet på Stord dreiv Tor med treskjering. På den store messa på Eid i 1932 hadde han med fire arbeid.

 

Dette hovudet av Bjørnson selde han for 75 kroner – mykje pengar den gongen.


KUNSTNAR OG POLITIKAR

I sjukdomstida hadde Tor via seg til hobbyane sine. Han var ein dugande felespelar, og framifrå treskjerar. Han dreiv også og teikna og malte, særskilt akvarellar. Tor hadde alltid vore politisk interessert, og vel heime gjorde han seg straks gjeldande som arbeidarpartimann, og vart vald inn i Bru kommunestyre i 1925 og sat til krigen kom i 1940. Han hadde alltid vore flink å skrive, og då Ap ville setje i gong med to eigne aviser i fylket, bestemte dei seg å satse på Leikanger og Førde. Avisa i Førde fekk det gjallande namnet «Gjallarhorn» frå norrøn mytologi, og Tor Grønevik vart redaktør. Partiet hadde vanskar med å få fotfeste i Førde, og dei bestemte seg for å flytte avisa til Florø. Men så kom krigen, og planen vart skrinlagd, og «Gjallar- horn» gjekk inn.

 

Samling av Fylkestinget. Tor framme til høgre som gruppeleiar for AP. Deretter fylkesmann Christensen og til venstre for han Hallvard Sindre, gruppeleiar for venstre. Biletet er truleg frå 1939.


ORDFØRAR I BRU KOMMUNE

Tor hadde også lært forming, og var ein dugande treskjerar. Såleis var det han som hogg ut minnesteinen til ære for lærar og emissær Tor- bjørn Horten, og han modellerte og støypte den innfelte medaljongen av folkeopplysningsmannen. Bautaen står på Stavang kyrkjegard. Han hogg også ut gravsteinen til foreldra. Tor vart etter kvart sterkare hemma av hofte- skaden sin, og fekk vanskar med å gå. Som ord- førar var det ei plage at han ikkje fekk posten til gards. Han fekk då oppretta Ausevik Brevhus i 1953, og sat som brevhusstyrar til det vart nedlagt i 1981. Til eg var 15 år gammal vitja eg titt Ausevika om somrane. Det eg hugsar best med onkel Tor var det gode humøret hans. Alltid smilande og hjelpsam, og han kunne fortelje mykje morosamt og interessant frå gamle dagar. Han kom ofte med bøker som han tykte eg burde lese, og det var såleis i Ausevika eg fekk lese alt Magnus Thingnæs hadde skrive. Thingnæs var ein nær slektning. Tor Grønevik døydde i 1987. Jamvel om helsa hans skranta, hadde han ein klart tanke til det siste.

Etter krigen kom han på ny inn i kommunestyret, og var frå 1948 til 55 ordførar. Han møtte såleis på Fylkestinget, og var der også gruppeleiar for AP. Tor Grønevik vart meir radikal etter kvart. Han var mykje imot at Noreg skulle gå inn i ei blokk styrt av USA. Difor melde han seg inn i Sosialistisk Folkeparti då dette vart skipa i 1962, og følgde med over i SV. Venstresida oppretta Pax Forlag i 1964, og dette støtta han sterkt, også økonomisk. Han var sterkt imot den omseggripande sentraliseringa, og ein stor forkjempar for sjukehuset i Florø. Då det vart sett i gang ein innsamlings- aksjon for computertomograf til sjukehuset, gav han og søskena hans i Ausevika ei stor pengegåve. Tor var og ein ivrig forkjempar for nynorsken. Han og søskena fornorska tidleg etternamnet frå Grønnevik til Grønevik. Han var kulturinteressert og las mykje. Det var han som avdekka helle- ristingane i Ausevika, og hadde gjennom mange år det beste samarbeid med arkeologane i Bergen. Alle borna i Ausevika var musikalske og song godt. Dette brukte dei mykje i heimen, men dei sa heller ikkje nei til å dele givnaden sin med andre.

Tor Grønevik avdekka helleristingane i Ausevika, og fekk arkeologar på plassen. I bakgrunnen ser vi leiar- en, professor og konservator Anders Hagen, som saman med ein assistent er i ferd med å sikre berg- kunsten. Tor Grønevik stilte alltid gratis opp når folk ville ha omvising på feltet. I framgrunnen er han den entusiastisk framvisaren. Han er manipulert inn i biletet.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66