2015-08 - Odd Standal - Konfirmasjon på Svanøy i 1821

Konfirmasjon på Svanøy i 1821

Sofia Massia nat.(dvs fødd) 1794, 8de October. Uvist at afgøre om den legemlige eller aandelige Usselhed var størst. Formedelst epileptiske Tilfelde var Legemet ganske fordreyet og forrykt af sin harmoniske Indretning (…)

Slik børjar prost Jens Rennords skussmål til ein kvinneleg konfirmant på på 26 år. Ho vart sleppt fram i 1821, truleg etter mange forsøk. Frå 1739 vart konfirmasjon obligatorisk i Danmark-Noreg. I løpet av ungdomstida skulle alle framstille seg for ein offentleg eksamen i den kristne trua. Den som ikkje møtte til konfirmasjon før han eller ho hadde fylt 19 år, kunne straffast med tukthus eller gapestokk. Ingen kunne takast ut til militærteneste, inngå ekteskap, vere fadder eller vitne i retten utan konfirmasjonsattest. Konfirmasjonen var såleis portopnaren, både til vaksenlivet i samfunnet og til gudsriket.

Før konfirmantane vart sleppte fram på kyrkjegolvet, måtte dei gjennom ei omfattane opp- læring i bibelkunnskap. Dei som ikkje greidde seg ved første forsøk, måtte stille på att neste år. Dei vart kalla repetentar, og det var ingen skinande tittel å bere på. Dei som «slapp» fram, vart rangerte frå 1 og nedover, men ikkje berre på grunnlag av bibelkunnskap. Sosial status kunne vege opp for eit skralt hovud, – det ser vi eit klart eksempel på ved Svanø kirke i 1821.

Læreboka var «Sandhed til Gudfrygtighed» av den danske biskopen Erik Pontoppidan. Boka kom ut i 1737. Den inneheldt forklaringar til bibelvers, og var ordna i ikkje mindre enn 759 punkt. Konfirmantane måtte altså kunne lese, så dette var starten på allmenn opplæring i lesing, og sein- are skriving, i praksis opphavet til folkeskulen.

Innpå 1800-talet er konfirmasjonen blitt meir omfattande. Det er ikkje berre eit spørsmål om å kunne sitere Pontoppidan: Presten skal vurdere om ungdommane har kroppslege lyte (legemlige Feil ), kva sinneleg dei har, om dei kan rekne, kva livsførsel dei har. Frå 1810 skal det ogsa registrerast om dei har fått koppevaksine, eller om dei har hatt «de sedvanlige Børnekopper». Vaksinasjon vart påbode i Danmark-Noreg det året

Lat oss så sjå kva Jens Rennord skriv i kyrkjeboka i samband med konfirmasjonen i Svanø kirke i 1821. 30 gutar og 22 jenter var sleppte fram dette året, frå Kinds og Svanøe Sogn. Det må ha vore stor trengsel i kyrkja denne augustsundagen (14. søndag i treenighetstiden). Korfirmantane kom frå Ramsdalen og Svarthumle i aust, frå Reksta og Tansøy i vest. Foreldre og fadrar var med i fylgjet, alle spente på overhøyringa i kyrkja. Alle kjende og den sosiale rangordninga – det var ikkje berre vit og forstand som avgjorde plassen på kyrkjegolvet.

Først er det gutane, rangerte frå nr. 1 til nr. 30: Nr. 1. Abraham Pedersen Steenhovden. Født 1804, den 16de December. Vaccineret. Uden legemlige Feyl. Temperament munter og livlig. Godt Hoved, profiterede (dvs. sa fram) sin Cathech(-ismus) og paa nogle faae Stykker nær sin Pontoppidans Forklaring. Skjønnede Tall. Kunne og lidt skrive. Ynglingen opdragen med megen Omhygglighed af sine Forældre.

Så følgjer ein gjennomgang med skussmål for kvar einskild. Dei fleste er «uden legemlige Feyl», fleire er «foer og stærk af Bygning», ein er «noget beskadiget for Brystet». Om ein gut frå Tonheim heiter det at han har «undersat og fyldig Bygning». Alle er anten «vaccineret» eller har «havt de naturlige Børnekopper». Sinnelaget varierer hjå desse sunnfjordungdommane. Mange er «phlegmatsk» (dvs. avbalansert, kanskje tungsindig), andre er «sangvinsk» (dvs. optimistisk) og atter andre ei blanding av desse to. Slik inndeling av folks temperament går tilbake til den greske filosofen Hippokrates (omkring år 400 f.Kr.), og er ikkje vraka av moderne psykologi. Det skin gjennom hjå Rennord at det å vere flegmatisk ikkje nødvendigvis var rekna for ein god eigenskap. Det heiter om ein av konfirmantane at han var «noget phlegmatisk» men hadde «ypperlige Forstands Evner». Ein gut frå Stavang hadde «tungt phlegma» og «indskrænkede Fortstands Begreber». Han hamna som nr. 29.

I bibelkunnskapen galdt det å kunne sin Luther, og sin Pontoppidan med 459 læresetningar. Fremst på kyrkjegolvet stod dei som kunne alt, eller nesten alt. Så dabbar det av.: « profiterede (sa fram) sin Lærebog næsten ud til Ende», «profiterede de 3 Parter af sin Lærebog», «profiterede et Stykke hist og her i sin Lærebog», «profiterede lidet mere end sin Cathechism.»

Måleri av Adolf Tidemand. Nasjonalgalleriet.


Ikkje sjeldan legg Rennord skulda på foreldra når det skortar på lærdom: Konfirmanten kan ha gode evner, men er «noget forsømt», «forsømt» eller «yderlig forsømt», slik det var med ein gut frå Standalen som hadde «gode Forstands Evner» men var «yderlig forsømt i udenat Læsning».

Til slutt var det livsførsel. Dei aller fleste får attest for å vere «ulastelig i Liv og Levned», men ein gut som var fødd i Førde prestegjeld får denne vurderinga: «Aldeles fortrækt i den høyre side, ved et forunderligt Tilfælde som satte sig til i den ene Skulder. (…) og maver. Sangvinsk. Colerisk. Gode Forstands Evner. Noget forsømt i Lærdom- men, men meere maaske i Sæderne. Havde ikke godt Rygte, blev anklaget for Løgn og Tyverie. Profitetede sin Cathechisme og et og andet Stykke i Pontoppindans Forklaring». – ADHD, kanskje, i våre dagar ?

Så jentene. Vurderingskriteria er dei same som for gutane, men her ser vi eit godt eksempel på at sosial rang kan vege opp for skrantande evner og kunnskapar. Den som av presten er rangert som nr. 1, er ei jente busett i Stavang. Ho er av god bergensfamlilie og bur hjå ei kondisjonert famlilie der i bygda. Om denne nr. 1 skriv Rennord: (…) Svær Beenbygning, flegmatisk, indskrænkede Forstands Begreber. Profiterede lidet mindre end fra Cathechisme. Ulastelig i Sæder.» Men ho var nr. 1. !

Men var Jens Rennord ein streng herre ved konfirmasjonen ? Nei, kanskje har vi å gjere med ein prest som såg lenger enn til bokstaven i boka. Rangert som nr. 3 av jentene var Agnetha Hans- datter. Ho var «uden legemlige Feyl og fiin af Bygning. Lyksaligt Flegma. Ypperlige Forstands Evner. Vel opdragen. Profiterede sin Lærebog fuldkommen til Enden. NB! Det maa anmærkes (…) for dette Barn at hun af egen Drift og Tilskyndelse rømte ud af sine Foreældres Huus, for at undgaae en unaturlig Steffaders Forførelse.»

Ei jente frå Florøegadden, Brithe Olsdatter, fødd i Sogn, har «ringe Forstands Evner» men «på Grund af sit gode Forhold, Lærevillighed og (…) andre Omstændigheder, da hun som fattigt Barn maae tjene Fremmede, antages på Haabet om Bedring, ellers ulastelig i Liv og levned.

Men sterkast er skussmålet til Sophia Massia Abrahamsdatter Tantzøe. Ho er fødd i 1794, altså 27 år då ho endeleg slepp fram på kyrkjegolvet som konfirmant. Rennord skriv : «Uvist at afgøre enten den legemlige eller den aandelige Usselhed var størst. Formedelst epileptiske Tilfælde var legemet ganske fordreyet og forrykt af sin harmoniske Indretning. Forstands Evnerne vare saa ganske ringe, at det ved fleere gentagne Foersøg var aldeles umueligt at kunne bringe hende til at prøve at lægge sammen. Imidlertid, da hun yttrede en umiskjendelig Lyst og Attraae efter en nærmere Adgang og Indlæmmelse i de himmelske gode Ting i Cristo Jesu og der desforuden intet var at udsætte paa hendes Liv og Levnet, saa blev hun paa Grund heraf antagen til Confirmation.

Nåde gjekk for rett – kanskje var det på tide?


Jens Rennord

 

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66