2015-07 - Torleif Reksten - kyrkjestova ved Kinnakyrkja

Kyrkjestova ved Kinnakyrkja

Før 1913.

Dette er eit unikt kulturminne, truleg det siste av sitt slag i Flora. Det dokumenterer korleis fiskarbonden og familien har budd her på kysten. I tillegg viser det korleis folk flytta med seg husa sine når dei måtte dra til andre stader for å finne seg innkome.

Huset er bygd «inne i fjorden» for om lag 200 år sidan. Så tok familien huset med seg til LitjeLangøya i Batalden. Dei flytta truleg vidare til Nærøya nord for Kinn, då det rike sildefisket ved Kinn var på sitt høgste i 1840 – 1870 åra. Familien var husmenn under grunneigar H. C. Lass på Kinn. I tillegg vart det sett opp om lag 40 sjøhus på denne vesle øya, og opp til 1 000 fiskarar budde der dei vekene sildefisket varte. Etter 1870 kom ikkje silda til Kinnafeltet meir, noko som førte til stor armod blant fiskarane i området. Salteribuene på Nærøya vart flytta eller øydelagde av ver og vind. Men husmannen og fiskarstova hans stod der likevel heit fram til 1896 då familien reiv det og sette det opp att ved kyrkja. Foto frå 1912 viser huset saman med nyrestaurert kyrkje og nyoppsett klokkehus frå 1912. Vi ser at det er eit tilbygg langs huset mot vest med

plass til eit kjøken i midten og to kammers ved sida av dei to små stovene i huset. Det andre gamle toetasjes huset som er med på desse fotoa, vart trass i protestar frå riksantikvaren, rive i 1923 for å bruke grunnen til utviding av kyrkjegarden. Dei første gravene her er frå 1924. I 1953 flytta familien i «Bendikhuset» til Åkrøyna, og stova stod tom til kommunen kjøpte ho på 70-talet for kr 2000. Kinnakyrkja har ikkje sakristi og trong eit venterom for prest, dåpsbarn, brudepar og andre før og etter gudstenester og andre arrangement i kyrkja. Då vart nokre vindauge skifta, likeins bordkledningen på vestsida og torvtaket. I 70-åra kom det elektrisk lys og oppvarming i kyrkja og i kyrkjestova. Men sidan har det nesten ikkje vore gjort noko vedlikehald av stova slik at ho no var i så dårleg stand at mange meinte ho burde rivast.

Ved starten av restaureringsarbeidet i 2014. Her er torvtaket flekt av, og skifer skal leggast på som nytt takdekke.

på Kinn, og i år har over 130 personar skrive seg inn i hytteboka her. Kinn har mykje å by på for ein turist. Når Kyrkjestova er ferdig oppussa, bør også ho bli open for omvising. Stova er eit interessant visningsobjekt i seg sjølv der både eksteriør og interiør har stor verdi. I sommar har frivillige arbeidd som vertsfolk for besøkjande. Slik kunne ein ønskje turistar, pilegrimar og andre velkomne til gudstenester, andaktar, omvising, konsertar og ikkje minst ha ei unik kyrkje langtidsopen for folk som berre vil sitte der inne og ha ei god stund for seg sjølv. Mange gjester vil sikkert sette pris på ein kvil med prat, kaffi og vaflar i kyrkjestova. Vi får håpe at denne ordninga vil bli ein tradisjon, og at stova kan brukast både til frivillige vertsfolk og folk som ønskjer å komme her på «retreat».

I år vedtok fellesråd og sokneråd likevel ikkje å rive huset men sette av pengar til ein grundig reparasjon. I tillegg har Flora historielag arbeidd for å samle inn meir pengar til denne restaureringa. Det viste seg at huset var i betre stand enn venta. Ingen sperrer blei skifta, men det vart eit vanskeleg opprettingsarbeid på taket før skifer- taket kom på plass. No står det att reparasjon av vindauge og målingsarbeid både ute og i nokre rom inne. Kyrkjestova har hatt og vil framleis ha ein viktig funksjon som bruksbygg for Kinnakyrkja, og utan denne stova ville det vore svært vanskeleg å arrangere Kinnaspelet der huset har vore ei uvurderleg hjelp i over 30 år. Fjordkysten har organisert guida turar til Kinn fire dagar i veka i år, og i tillegg kjem det mange turistar med rutebåt og privatbåtar. Turistforeininga har leigd skulehuset

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66