2015-05 - Harald Stavang - Skudalen og Skudalsfjøra – slik det ein gong var

Skudalen og Skudalsfjøra

SLIK DET EIN GONG VAR

«Byporten» reiser seg. Den indre bykjerna skifter ansikt. To eldre slakteribygningar, ein båtslipp, tilflot for småbåtar, for lengst rivne naust, kaier og innsmett ligg meir eller mindre under asfalt og fyllingar. Det som ein gong var Skudalsfjøra er berre eit fjernt minne for eldre folk. Kva var det no eigentleg med denne Skudalen? Korleis såg han ut? Kva tyder namnet? Kan du kalle det for ein «dal» innover flata mellom Hesteneset og Samfunnshuset?

DÅ BYEN VAR HEILT NY

Det er mange gode spørsmål, og i grunnen lite å finne i skriftlege kjelder. På gammalt «floreansk» var sjølv små avstandar målbare, og i det flate landskapet var Likkjeåsen (60 m.o.h.) så avgjort eit fjell å rekne med. Storåsen (99 m.o.h.) enno mykje meir. Kom du siglande på ørnevengen innover Florelandet for 150 år sidan, såg du eit snautt og lyngbrunt landskap med med sjø, vågar og vikar på alle fire sider, med unnatak av eit lite eid der dei i 1872/73 dreiv på og bygde ein kanal. Dertil to blinkande vatn i ettermiddagssola, og to større gardar; Helmersgarden og Prestegarden, forutan nokre få husmannsplassar der Anders På Marken hadde den største, så å seie midt på innmarka til Jens Helmers. I dag ville bustadhuset hans stått om lag i krysset Markegata/Livius Smittgata (øvst i Trovikbakken). Langs stranda mot Florevika grodde det fram ei lita, byliknande husklynge med ei og ei halv gate.

På dei nære øyane fann du strandsitjarplassar der folk leigde seg grunn hos hovudbruket mot betaling eller arbeidsplikt. Helenaholmen (St. Helena) og Perholmen (der dynamittlageret stod) er eksempel på slike. Til og med på Klubben stod det eit lite hus der ein original hadde fått seg tak over hovudet. På folkemunne kom han sjølvsagt til å heite «Klubben». Vegar fanst så å seie ikkje, med unnatak av ein brei gangsti/køyreveg frå prestegarden til presten sitt naust og bu i området dagens Torg/Torgkaia. Restar av denne ber namnet Allégata, og alléen skal vere planta av sokneprest Michael Sars som styrte Kinn prestegjeld på 1830-talet. Byste av sønene hans står som kjent på sokkel i byparken, gitt av utflyttarane som gåve til 100-årsjubileet for Florø by i 1960. Allégata vart for bratt til å fullføre som gate frå sjøen, og kring 1950 vart det reist ein mur mot Strandgata. Det var det såkalla «Klage- muren» som ifølgje Ulf Erik Hellesen skal vere tre meter brei i botnen. Her stoggar Allégata, og endar i dag i Byporten.

 

Skudalen slik området såg ut kring 1860 då byen vart grunnlagt. Dette er utsnitt av ei teikning, laga av arkitekt Kolbjørn Nybø, på grunnlag av studiar som han har gjort i samarbeid med arkitekt Rune Melvær.


HUS I SKUDALSFJØRA 

Men attende i tid. Jens Helmers hadde sjølvsagt sjøveg til bua og nausta sine i Skudalsfjøra. Bua er den som i daglegtale blir kalla Stensetbua, påbygt og mykje omvølt sidan Jens Helmers sine dagar. Truleg hadde han to naust i området, og dessutan eit større naust inst i vågen som ein gong gjekk inn mellom dagens rådhus og Strandgata, den såkalla bankhola. 

Eitt av nausta i Skudalsfjøra vart lenge kalla bispenaustet, truleg fordi bispen i Bjørgvin nytta det som landingsplass når han ein sjeldan gong var her på visitas. Opplysningspresten (og bispen frå 1822–1846) Jacob Neumann kan det vere som landa her etter ei visitasreise frå Bergen. Båten var stasleg og utstyrt med forseggjort veng (overbygg bak i båten), og der sat bispen i ly for vind og væte medan roarane og siglarane sytte for framdrifta. Han skal ha skrive noko slikt som» «Der sitter man paa beputede benke, beskyttet mot uveirs overlast, og ser landskapet forflytte sig aaretak for aaretak. Det finnes ingen behageligere maade at reise paa».

I dette (eller eit anna naust som har stått her) skal Moses Myklebust ha starta slakteriverksemda som vart utvida i fleire omgangar, og vart etter kvart bygt ut til eit stort lokalt slakteri i tre etasjar med pølsefabrikk og alt det som høyrer til faget. Men då er vi komne inn i sonen, Monrad M. Myklebust (MMM) si tid.

Moses hadde slettes ikkje sett for seg at han skulle bli slaktar. Han var agronomutdanna og hadde kjøpt gard på Grov med god skog. Han oppretta sagbruk, tilsette folk og fekk leveransane av tømmeret til Florø kyrkje som stod ferdig i 1882. Ulukka var at kyrkjebyggaren gjekk konkurs på heile greia, og Myklebust fekk ikkje betalt for tømmeret. Dermed måtte han gå frå garden og flytte til Florø – der han tok til å kjempe seg oppatt med å flå slaktedyr i bispenaustet og selje kjøtet til dei nye byborgarane.

Sonen Monrad var driftig og fekk fart på slakteriet som vart utbygt i fleire omgangar. I 1913 bygde familien eit bustadhus i dette område som fekk adresse Strandgata 45. Her vart det etter kvart innreia pøsefabrikk i kjellaren, og pølsemakar vart henta frå Bergen. Verksemda vart arbeidd godt fram i mellomkrigstida og var i full drift fram til brannen i 1. februar i 1973. Hust vart mykje skadd, og ikkje oppattbygd i full høgd. Det var reinska ut, lagt tak over resten og drive vidare i mindre omfang av svigersonen Arvid Hellesen. 

BUENE OG ENNO EIT SLAKTERI

Myklebust kjøpte også den store bua vest av Stensethbua (i dag kalla Hellesenbua) der han salta og hengde fenalår og juleribber i store mengder om haustane.

Stensethbua like attmed kan vere det eldste huset i byen. Det er vel temmeleg sikkert, sidan det i si tid var sjøbu for Helmersgaarden. Avlidne Sigbjørn Stenseth, (Bebbien) meinte bua er reist av Jens Helmers i 1858. Dette årstalet er hogge inn i ein av stokkane, men truleg er eldste delen enno eldre. Ulf Erik Hellesen meiner årstalet 1858 skriv seg frå utvidinga av bua nordover.

Bua har vore i Stenseth-familien si eige sidan tidleg i førre hundreåret. Den har tidvis vore nytta til bustad, men hovudsakleg som næringseigedom med produksjon og sal av fiskemat i mange former; røyking av sild og laks og anna godt frå sjøen. Austom Myklebustslakteriet vart det midt på 1930-talet reist enno eit slakteri, også dette i tre etasjar. Bygningen vart nyleg riven for å gje plass til Byporten som no dekker begge dei to slakteritomtene.
Det var O. Skaflestad frå Naustdal som i 1936 kjøpte heile Skudalsfjøra og reiste den karakteristiske murbygningen med gangveg direkte frå Strandgata inn til slakteributikken i andre etasje. Sjølve slakteriet var i første, og familien budde i tredje etasje.

Begge slakteria hadde eigne kaier med kraftige sveivekranar der slaktebeist vart heiste i land frå mindre båtar som kom direkte inn med dyra frå det næraste distriktet ikring. Myklebust hadde ein kvit spisstemning som heitte Svanen». Den hadde lugar framme og styrehus bak, og ein stor bunke i midten der dyra stod; uksar og kyr, kviger og ungstutar, av og til ei last med sauer, for det meste henta innafor Kinn prestegjeld sine grenser. Dei som kom med Fylkesbaatane på kveldstid vart som oftast sett i fjøsen under Hamnekaféen, og henta dagen etter av slaktarane. Det heitte at ved tilsetting av nye skipsekspeditørar hos Hopen & Solheim var eitt av første spørsmåla: «Kan du mjølke?» For det måtte til om det var kyr på båsen og det drog ut med hentinga.

Teikninga frå Skilling Magasin 1885. Teiknaren har stått i Skudalen og set vestover. Stensethbua i framgrunnen til høgre med svalgang, slik det var vanleg på den tida.


NAMNET SKUDALEN 

Men der var altså Skudalen. Vi har høyrt eit par forklaringar på namnet, det vesle søkket austover frå den flate fjøra mellom Helmersgaarden og Hesteneset. Austom dette søkket i terrenget der innfartsvegen vart sprengt gjennom i 1985, låg Evja, ein grunn våg der ein kunne ro like inn frå Gaddevågen til Nepjarhaugen. Her var det ikkje verre enn ein kunne drage småbåtar over mellom Evja og Skudalen, og ei forklaring skal vere at namnet har samanheng med denne «skuvinga» av båtar mellom Evja og Skudalsfjøra.

 

Skudalen slik det såg ut rundt 1950. Det høge huset til venstre er Skaflestad sitt slakteri, det siste huset som no vart rive for å gjere plass til den nye «Byporten». «Nilsenslippen» til høgre er flytta til museumsområdet ved Keilevågen. Sjå neste side. Foto: utånt av Selja Forlag.


Det har vi mindre tru på; med mindre det er ei nyare lokal nemning for den slags. Her finst fleire skudalar; bl. a. Skudalen mellom Gulestøa og Botnane. Den skjer seg også opp i eit skar, men i ein heilt annan dimensjon, nemleg opp til eit vatn (181 m.o.h.) mellom Gulestønipa og Skudalsnipa. Den går vidare i eit djupt skar som heiter Mørkedalen mellom Rognen (689 m.o.h.) og Steinheia (664 m.o.h) over til Sagebøen i Sørgulen. Her kan vi i alle fall sjå bort i frå «skuving» i noko slags form. Namnet er truleg terrengforklarande på ein eller anna måte. Dimensjonane vil då vere tilpassa storleik og terrengform på den aktuelle staden.

På ei lita høgd sør for Skudalen/Skudalsfjøra låg Helmersgaarden (Nedre Florøen Gaard) - der Samfunnshuset ligg i dag. Her stod eit vakkert våningshus i herregardsstil, truleg frå tidleg på 1600-talet, tilbygt med «Bispestova» i sørvest. Det kan vel tyde på at den gode Jacob Neumann, eller andre bispar har budd her, i staden for på prestegarden som kanskje var mest naturleg på embetsvitjing. I aust/nordaust stod den seinare tingstova og eit stabbur, og sønnafor ei stor løe med stall og fjøs. Midt på tunet eit klokketårn som blant anna vart nytta til å ringe inn ånnefolket til dugurd, middag, nons og kvelds frå dei vide markene på garden.

 

DAMPDRIVE SAGBRUK

Nord for Skudalsfjøra låg det folketomme, lyngkledde og myrete Hesteneset. Her kom dei første husa på 1880-talet. Ein Kolbein Nilsen starta garveri, og det luktar som kjent, så det høvde seg ikkje midt i sentrum. Hesteneset var omflødd av sjøen på tre sider; berre det smale eidet i Skudalen batt det saman med resten av Florelandet. Hesteneset vart arbeidar- og industribydelen i gamle Florø. Det starta på slutten av 1880-talet med at Jens Severin Block Helmers (ein son av Jens Helmers) skaffa seg notbruk og skal ha gjort eitt eller fleire kjempekast med sild. Det hadde seg slik at i 1886 kom silda atter til våre kystar etter å ha vore borte sidan slutten av 1860-talet. Med eit slag vart han ein halden mann.

Jens Severin var driftig og framtøkt og sov ikkje på pengane; han investerte. På neset nord av Skudalsfjøra – der handelshuset Amfi står i dag – bygde han kai, reiste sagbruk, bygde salteri og tønnefabrikk. Sagbruket var dampdrive, det første i sitt slag i Sogn og Fjordane – litt av eit prosjekt ute på den trelause kysten. Tømmeret kjøpte han inne i fjordane og fekk slept ut i svære flåtar. Han skar bord og plank, sette opp høvleri, utvikla ein stor trelastforretning og satsa bl.a. på husbygging i den unge byen som han var jamgammal med; fødd i 1861. Jens Severin var no i slutten av 30-åra og i sin mest ekspansive periode. Byen var i vokster etter dei tunge åra etter at vintersilda forsvann frå kysten kring 1870. Nye hus skaut opp, og Jens Severin var i høgste grad med. Han reiste fleire av dei mest karakteristiske husa i sentrum, bl.a. Strandgata 27 og 58; det siste til kontor og bustad for seg og familien. Innan fiskeria dreiv han m.a. utanrikshandel med laks, ål og skaldyr. Men i 1904 var han brått sjuk og døydde, 43 år gammal.

Eigedommane vart kjøpt av Gustav Stavøstrand frå Svanøy. Han var også ein drivande forretningsmann som utvida den kjende «Raudebua» og bygde kai i full lengde mot nord. Han drifta fiskedampskipet «Alden» og to-tre mindre fartøy og forsøkte seg bl.a med drivgarn i Nordsjøen, kjøpte saltfisk i Lofoten og tørka på berga kring Florelandet. Han dreiv tønnefabrikken vidare, salta sild og selde laks og hummar til England. Stavøstrand reiste eit stort bustadhus på høgda sør for Sku- dalen som seinare vart doktorbustad for Skridshol, legekontor for distriktslege Nybø og helsesøster Oddlaug Kvammen. Huset som vart rive for ein del år sidan for å gje plass til dagens omsorgsbustad, gjekk lenge under namnet «Doc’en» og hyste på slutten ein ungdomsklubb. Men så døydde også Stavøstrand, berre 42 år gammal. Dette var i 1919 og eigedommar vart kring 1920 overtekne av Abr. Haave som dreiv vidare innafor same forretningsområde.

NILSEN-SLIPPEN 

I den ekspansive tida som her er nemnt, vart Hesteneset knytt til resten av byen med ein oppmura veg/gate tvers over Skudalsfjøra og sidan lengd med det som vart kalla Hestenesgata nord til buene og hermetikkfabrikken som kom i gang tidleg på 1900-talet.

Etter reguleringsplanen av 1861 skulle det byggast gate i Skudalen, men det vart ikkje noko av, og dermed vart det plass til ein slipp mellom Skudalsfjøra og «Raudebua». Her bygde Bertel Nilsen i 1932 ein slipp for fartøy opp til 50–60 fot og hadde fem-seks mann i arbeid på det meste. Det gjekk i vanleg slipping og stoffing, repara- sjonar og innsetting av motorar, forutan vedlikehald, vøling og til dels forlenging av skrog.

I sildeåra på 1950-talet gjekk det dag og natt, i all hovudsak med vøling av snurpedorryar og – motorar. Her var sonen, Herman Nilsen, reine mirakelmannen, blir det fortalt. Fekk ikkje han maskineriet til å gå, så var det berre å kondemnere. Slippen vart avvikla litt etter litt då Nilsen vart pensjonist, og utstyret flytta til Kystmuseet då Snorresenterert vart reist på slutten av 1980-talet.

I dag kan vi bile og spasere på vide flater og eit hektisk trafikkområde mellom Strandgata og Hesteneset, og alle skilje mellom desse to markerte bydelane er utviska. Skudalsfjøra med skjelsand og kukelurar, og alt det liv som eingong var mellom buer og brygger ligg nedgrave for alle tider.

Nilsen-slippen. Tidleg på 80-talet var huset flytta til Kystmuseet. Det er satt opp nordaust for bruene. Foto: Oddvar Isene.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66