2015-04 - Bjarte Sindre - Blåspeidarane i Florø

Blåspeidarane i Florø

I Florø starta speidararbeid i det små i 1915, og i 1920 vart det fast organisert med 1. tropp av Norsk Speidargut-Forbund. KFUK var først ute med jentespeidarar i byen i 1925. Under krigen låg sjølvsagt alt speidararbeid nede. Ved fredsslutninga i 1945 vart straks arbeidet tatt opp igjen. Først ute var Svanhild Myklebust som sette i gang med blå-speidartropp. Denne vil vi sjå litt nærare på i denne artikkelen.

Svanhild Karlsen var fødd på Eid i Nordfjord 23.12. 1918. Ho var søster av Kolbjørn Varmann som sat på Stortinget i 15 år og var samferdsels- minister frå 1955–60, og fylkesmann i Finmark frå 1965. Svanhild var svært skuleflink, og tok eksamen frå latinlina ved Eid to-årige gymnas 18 år gammal. Ho arbeidde no i televerket nokre år. Kristian Frederik Myklebust frå Florø hadde slekt på Eid, og Svanhild og han møttest. Dei fall for kvarandre, og i 1941 gifte dei seg. Svanhild gjekk over til vikararbeid i televerket i Florø.

 

 

17. mai 1948. Troppsførar Svanhild Myklebust rett bak flaggeberaren, Turid Sundal. Sist i rekka går Berit Hovden. Legg merke til at alle går i takt, og sjå på entusiasmen. Bak kjem gutetroppen til Kristian Fredrik Myklebust, med Odd Solheim Olsen som flaggberar. Fremst i rekka til høgre ser vi Alf Folkestad, som i mange år var troppsleiar etter Kr.F. Myklebust.


 

Svanhild i midten bak med meisetroppa 1959. 


Målfrid Kjørlaug og Per Ottesen fotografert eit par dagar etter at dei gifta seg i 1952.


Straks krigen var slutt, greidde ho ut om speidarsaka i ein lengre artikkel i Firda Folkeblad. Ho fekk deretter i gang ein tropp med blå-speidarar. Svanhild hadde eit smittande humør og veldig pågangsmot, og det gjekk strålande med jentespeidarane. Dei kom straks til å setje preget sitt på bybiletet. Svanhild hadde vikariert som lærar både i barneskulen og framhaldsskulen. Ho ville få seg fagutdanning som lærar, og tok ein pause som speidarleiar i nesten tre år. Speidartroppa var då så godt organisert at dei største jentene som Målfrid Kjørlaug, Turid Sundal og Berit Hovden tok seg av leiinga. Etter lærarutdanninga tok Svanhild over styringa. Då ho fekk små born å ta seg av, takka ho av i 1952, men var heile tida seinare engasjert i speidar-arbeidet. Ho sette Målfrid Kjørlaug høgt, og ho hadde gjennomført alle gradene som speidar. Difor bad Svanhild henne om å ta over.

Målfrid Kjørlaug (f. 1933) hadde gjennomført alle gradene som speidar, og tok over og som troppsleiar. Ho hadde handelsutdanning, og arbeidde i Fjordenes Kredittbank frå 1949. Seinare tok ho ex. artium på fritida. Like etter at ho vart troppsleiar, gifta ho seg med direktøren for Sildefiskernes Fabrikklag, Per Ottesen. Frå no av vart møta og samkomene haldne i Gunhildvågen, der mannen hennar var administrativ leiar og familien budde. Blå-speidarane fekk jamvel nytte bilen til SILFAS for å transportere jentene frå byen og ut i Havreneset.

Målfrid hadde Svanhild som eit stort førebilete, og førte troppen med stor entusiasme og overskot. Ho hadde eit smittande godt humør. Det viktige med speidarsaka var å lære born og ungdom gleda ved samhald og venskap. Dei skulle syne omsut for kvarandre, og hjelpsemd var ein av dei viktigaste tinga dei skulle lære. Den enkelte skulle gjere minst ei god gjerning kvar dag. Dei var mykje ute i naturen, og drog ofte på turar. Såleis lærte dei å setje pris på friluftsliv. Når dei var på litt lengre utferder, som til dømes kretssamling i Nordfjord, så var det ei spanande oppleving å få ligge i telt.

Etter krigen var det svært mange heimlause flyktningar i Europa, og det vart ei overordna målsetjing for nasjonane å hjelpe desse. Blåspeidarane hadde dugnader, der dei gjekk rundt til folk og stelte i hagar, vaska eller hjelpte til med tilfeldig arbeid som å røre tyttebær. Dei hadde innsamlingsaksjonar, utloddingar og ikkje minst festar i «Fram» som mest var for revyar å rekna. Dei hadde sjølv laga tekstane, og spelte drivande godt. Nokre var til å le seg skakke av. Målfrid kjem inn på scenen knytande på eit trompetstikk, og viser knuten stolt fram til Berit.

«No er det ikkje det stikk, løkke eller knute eg ikkje kan lage.»
«Å, eg veit no ei løkke som du ikkje kan lage,»
svarer Berit. Målfrid: «Ikkje tale om. Kva skulle det vere?»
Berit: «Ankerløkken!»

Frå landsleiaren på Voss 1957. Framme frå venstre. Vigdis Wåge, Elsa Horne, Venke Sørstrand og Gunn Jansen. Bak. Eldbjørg Vinsentz, Karen Svee, Anne Britt Gundersen, Vigdis Kittang, Bjørg Jansen, Marit Friborg, Eva Nilson og Inger Olaisen.


I fisketida som gjekk fram til 1955, var det svært mange fiskarar som gjekk gjerandslause kring i byen når det var landligge eller helg. Det var ei oppgåve for byen å syte litt for desse. Svært mange organisasjonar laga derfor til underhaldning og festar for dei, og blå-speidarane var mellom dei fremste. Dei fekk god røynsle med å stå fram på scenen, lære replikkar og spele skodespel. God lærdom å ta med seg vidare i livet. Etter kvart vart framsyningane deira reint profesjonelle. Svanhild skreiv ei rekke dikt og sketsjar. Mellom anna laga dei ein drivande god revy, «Det var en gang» med utgangspunkt i norske folkeeventyr. Så fekk Svanhild ein genial idé. Kvifor ikkje lage eit teaterstykke av «Folk og røvere i Karde- momme by.» Ho tok straks ein telefon til Torbjørn Egner, og fekk løyve. Dermed sette ho i gong og la forteljinga til rettes for teater, og ho regisserte og instruerte saman med Målfrid og Liv Trettevik. Desse tre hadde også tatt seg av andre større framsyningar. Til skodespelarar fekk dei litt hjelp av gutespeidarane. Framsyninga i 1959 vart ein enorm suksess, og stykket måtte setjast opp att fleire gonger for stappfulle hus. 

«Folk og røvere» i Fram vinteren 1959.
 Det var stappfullt under framsyningane, og vi skimtar entusiastiske born har kome heilt fram til scenekanten.
 Politimester Bastian (Vigdis Kittang) heilt til venstre.


Frå Landsleiren på Ringerike i 1961. Frå venstre: Evy Eriksen, Agnes Vefring, Målfrid Kjørlaug Ottesen som diskar opp, Nora Sunde, Vigdis Kittang, Anne Nybø, Karen Gjøringbø.


 

I samband med ei samling av speidarleiarar frå heile verda vart Berit Hovden av Forbundet valt ut som ei av dei som skulle vere tolkar. Berit var flink i engelsk, og her er ho saman med dei tre frå Australia som ho tok seg av.


Dette med at jente- og gutespeidarane hjelpte kvarandre, var ikkje noko nytt i Florø. Av di ekteparet Myklebust leia kvar si tropp, var det meir enn naturleg at dei samarbeidde frå første stund. Dei hadde felles turar til Røvarhillaren der dei øvde seg i å knytte knutar, og hadde leirbål med song og grillbrød. Turar i saman hadde dei også til Brandsøyåsen, og alle større festar hadde dei felles i «Breidablikk.» 

I 1950 fekk Florø vitjing av ei speidartropp frå København. Dei hadde leiren sin i området mellom Sjukehuset og Storevatnet, og blå-speidarane vitja leiren, og var med på leirbål og hadde programinnslag. Det same var tilfelle ved den store Vestlandsleiren i mai/juni 1954. Nybøgarden hadde stilt område til disposisjon for sikkert meir enn 600 gutar. Leiren vart svært vellukka med godt vêr. Det var ei oppleving for blåspeidarane å få vere med på det store leirbålet som avslutta tilskipinga, og også her hadde dei innslag. 

I den første tida hadde det berre vore samlingar for blå-speidarane meir lokalt, men etter vitjinga av Vestlandsleiren fekk dei meir mot. I 1957 drog dei på landsleiren på Voss, og i 1961 til Ringerike. Ja, i 1959 vågde dei seg jamvel til Sverige på den store leiren i Vestergøtaland. Det vart den første utanlandsturen for dei aller fleste av speidarane, og utruleg spanande. Dei møtte jamvel på jenter frå den andre sida av jorda.

Ei storhending var det i 1960 då Florø feira sine 100 år. Byen vart grunnlagt 16.mai 1860, og til jubileet var det laga eit byvåpen med dei tre sildane. Det skulle takast i full bruk den 16. mai, og dagen før var det avduking, der alle speidartroppene i byen var med. Det var ei høgtidsam og minnerik oppleving for alle dei som var med på storhendinga. Byen hadde også ei jubileumslotteri. Her gjorde blåspeidarane ein fantastisk innsats, og som takk for arbeidet fekk Målfrid som leiar overrekt ein pokal frå byen.

Noko av det speidarane gledde seg mest til, var 17. mai. Då fekk dei lov til å gå i vaksentoget, og dei trena iherdig fram til dette. Dei lærte å gå i takt, og speidarutstyret skulle sjølvsagt vere i beste i orden. På møta dei hadde kvar veke, var noko av det kjekkaste å synge. Dei hadde ei eiga songbok, og denne kunne dei mest utaboks frå perm til perm. Dermed kunne dei synge med på mange av dei songane som musikken spelte, det vere seg «Ja, vil elsker», «Gud signe Norigs land» «Fagert er landet,» «Sønner av Norge» eller «Mens Nordhavet bruser.» Og ingen kunne rope hurra som blåspeidarane. Det runga mellom husveggene når toget gjekk gjennom Strandgata. Deira eige hurrarop var som følgjer: «Speiderjenter hei hei hei! Aldri gretten, sur og lei. Alltid flittig, snill og grei! Hurra!»

Spør vi dei som har vore blå-speidarar om kva dei sette mest pris på, så nemner dei det sosiale samveret. Dei vart del av eit samansveisa fellesskap, der alle var like. Der ein synte omsut for kvarandre, og hjelpte om dette var turvande. Som ei litt morosam historie, kan vi fortelje at ei av jentene seinare i ei takketale til Målfrid sa: «Det eg likte best i speidaren var at vi lærte å danse, sminke oss og gå med høghælte sko.». Mellom speidarane var det aldri snakk om mobbing, og vi kan gjerne bruke ordet om at «Her var ikkje jøde eller grekar, her var ikkje træl eller fri.» Det vart sett stor pris på speidararbeidet i byen, og snart hadde vi fått ei rekke ulike troppar. Mannen til Svanhild, Kristian Frederik, sette i gang med ein gutetropp, og KFUK og KFUM tok også opp att arbeidet med troppsleiarane Audny Solheim Olsen (Nordli) og Arvid Stavang. Frelses- arméen sette i gang med troppar for jenter og gutar leia av Marit Gjertsen (Førde). Såleis hadde vi i alt 6 troppar i byen, og dei lage verkeleg feststemning i 17. mai toget.

Samling i Florø i samband med 17. mai-feiring. Frå venstre framme: Evelyn Holt-Sunde, ?, Signe Marie Hatlem, Anne Berit Hatlem, Anne Margrethe Vestbø, Anne Marie Gundersen, Anne Nybø. Bak: Bjørg Jansen, Signe Kolle, Elsa Horne, Gunn Jansen, Marit Friborg, Eva Nilson og Kari Krokene.


Målfrid gav seg som leiar i 1962 etter 18 år i speidaren. Ho hadde tre små barn å ta seg av i tillegg til arbeidet i banken. Vigdis Kittang hadde vore ein svært dugande nestleiar under Målfrid, som ikkje kan rose henne nok. Det naturlege hadde vore at Vigdis tok over, men ho drog frå byen for å få seg utdanning, og kom til å slå seg ned på Nøtterøy. Diverre dovna rørsla av, og kom seg aldri på fote att. Målfrid via seg seinare til arbeid for svømmesak og livredning, der ho også gjorde eit formidabelt arbeid gjennom mange år.

 

Blå-speidarar med leiarar og meiser framfor kyrkja i Florø i 1960. Norges Speiderforbund avdeling Florø. Første rekke frå venstre Anne Magrethe Stray, Eli Sunde, Cesilie Eliasson, Mia Myklebust, Irene Johansen, Margret Hovland, Margrethe Halvorsen, Janne Larsen, Kari Sandvik, Sylvi Gjøringbø, Wenche Nyheim, Anne Berit Hatlem, Marit Berg, Inger Standal, Vigdis Kittang, Anne-Mari Steinhovden, Grete Ulriksen, Britt Galaasen, Aud Knapstad, Målfrid Bønes, Reidun Apneseth, Eli Berge, Eva Andersen, Aslaug Hornes, Laila Berg, Wenche Henningsen, Berit Benes, Aud Benes, Lilly Nekkøy, Mette Kroppan, Eva Slettevold, Kari Batt Jansen, Astrid Myklebust, Gerd Elin Solheim, Svanhild Myklebust, Astrid Winsents, «Vesla» Merete Helmers, Gunn Solheim, Kristine Rosenlund, Britt Madsen, Hjørdis Buarøy, Evelyn Holt Sunde, Sissel Sandvik, Gerd Buarøy, Bente Ohna, Evy Eriksen, Elfrid Eikefjord, Agnes Wefring, Ellaug Nordal, Marit K. Friborg, Eva Nilsson, Anne Kristine Nybø, Elsa Horne, Målfrid Kjørlaug Ottesen, Signe Marie Hatlem, Torill Hatløy, Anne Margrethe Westbø, Gerd Nyheim, Vigdis Nesse, Anne Lise Felle, Vigdis Waage, Solveig Steinhovden, Bjørg «Lillen» Jansen og Karin Gjøringbø. Foto: Hornearkivet.


 

Til Fiskarane

Helsing framført på ein av festane for fiskarane.

Eg takkar for all hjelp til denne artikkelen som eg har fått frå blå-speidarar. Eg nemner spesielt Målfrid Ottesen, Vigdis Kittang, Berit Rakvåg og Astrid Madsen.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66