2015-02 - Reidar Brandsberg - Aksjonen mot radiostasjonen «Roska»

Aksjonen mot radiostasjonen «Roska»

TYSDAG DEN 13 MARS 1945

Det var mykje illegalt arbeid på kysten av Sogn og Fjordane særleg mot slutten av den andre verdskrigen. Frå hausten 1944 fann Forsvarets Overkommando i London ut at det var naudsynt med ei sterkare organisering også i vårt fylke. Det var tydeleg at krigen gjekk mot slutten og forsvarsleiinga og regjeringa frykta kva som kunne skje den dagen dei 350.000 tyske soldatane som var i Norge, skulle demobiliserast. Særleg hadde dei tanke for om tyskarane kunne finne på å øydeleggje verdfulle installasjonar, slik som kraftverka i Årdal, Høyanger og Bremanger. I Finnmark vart landet brent og store verdiar øydelagt. Dette måtte ikkje skje her og difor vart motstandsmenn som Ragnar Ulstein og Harald Svindseth sende for å bygge opp ein Milorg-styrke i fylket. Målet deira var å byggje opp og trene heimestyrkar. Sogn og Fjordane vart etter kvart delt i to, og Harald Svindseth og Per Ratvik fekk i oppdrag å byggje opp gruppa som fekk kodenamnet «Snowflake». Ragnar Ulstein var leiar for gruppa i Sogn, som vart kalla «Siskin». «Snowflake» hadde mykje aktivitet i Botnane nord for Florø, og dreiv ein radio-stasjon i området der.

Daniel Hjertenes, far til Dagfinn Hjertenes ar- beidde om bord på båten «Sonja». Han hadde fått greie på at tyskarane hadde klart å peile inn den eine av sendarane som var i området. Dei rekna med at dette var sendaren «Snowflake» i Botnane, sidan den var sterkast. Det var Harald Svindseth og Per Ratvik frå Kompani Linge og Milorg, som dreiv denne, medan Atle Svardal og Fredrik Persen dreiv «Roska» oppe i Skogaskaar over Breivika. Sidan gruppene fekk høyre at tyskarane hadde peila dei inn, vart dei no einige om å berre nytte sendaren i «Roska», sidan den hadde dei svakaste signala. Arne Øvrebotten, son av Thorbjørn Øvrebotten frå Botnane var kurer mellom «Snowflake» og «Roska». Han hadde mange turar over fjellet for å formidle ulike meldingar mellom stasjonane.

I tillegg dreiv Atle Svardal og Fredrik Persen radiostasjonen «Roska» som låg oppe i fjellskora over Breivik. Staden vart kalla Skogaskor. Kan hende var «Roska» eit anagram for Skora? Utetter seinvinteren 1944 og våren 1945 var det stor aktivitet på tysk side for å rulle opp motstandsrørsla. Ein del vart arrestert og utsett for grov tortur. Dermed fann Gestapo ut at det gjekk føre seg ein omfattande aktivitet i regionen. I tillegg forstod dei at det var fleire radiostasjonar i området, som truleg sende meldingar til England, og alt vart sett inn for å finne ut kor desse sendarane låg. Tyskarane hadde utvikla avansert peile- utstyr og hadde på det meste 8 båtar som patruljerte kysten mellom Bergen og Stadt. Ein av desse må ha lege ute på fjorden vest for Botnane, og til slutt klarte dei å peile inn nøyaktig kor sendaren «Roska» låg.

Frå den smale fjellhylle hadde agentane særs god utsikt over båttrafikken i leia.

NÆR PÅ AVSLØRT

Atle Svardal, løytnant, Florø. Fødd 16. januar 1919 i Sogndal, son til Daniel Svardal, fødd 1887 i Kinn, og Gyrid, fødd Lunde, fødd 1890 i Aurland. Gift 1942 i Skottland med Edith Jeanine Maigre, fødd 1918 i Sydney, Australia. 1 barn (Patric Atle). Død 13. mars 1945. Fredrik Borchgrevink Persen født 27.10.1906, gjekk inn i den norske militære styrken i Storbritannia og fekk ulik militær opplæring. Gjorde teneste som fallskjermsoldat og arbeidde som radiotelegrafist. Død 15.11.1990.

Søndag den 11. mars 1945 var det tjukk skodde oppe i Botnane. Ein kunne ikkje sjå meir enn 20–25 meter fram i terrenget. Arne Øvrebotten var på veg over fjellet frå Husefest for å gje Svardal ei melding frå Svindseth og Ratvik, om nokre unggutar som hadde flykta frå arbeidstenesta. Det var teke ei avgjerd om at desse måtte bli sende over til England. Meldinga Øvrebotten hadde med seg til «Roska» denne kvelden, handla nettopp om desse unggutane som venta på båt over til Eng- land. Medan han gjekk nedover i skogen, høyrde han plutseleg stemmer inne i skodda. Øvrebotten la seg ned under ein stor stein og nokre einer- busker, og såg to–tre personar gå forbi han på berre to–tre meters avstand. Han kunne ikkje høyre om dei snakka tysk. Dei fortsette nedover i terrenget i nordleg retning, sannsynleg var dei på veg mot Husefest. Dei hadde truleg vore ute og leita etter «Roska», men fann ikkje stasjonen grunna den tjukke skodda som låg både denne dagen og den neste dagen, måndag den 12. Etter krigen møtte Øvrebotten en austerrikar som hadde vore tysk soldat, og som hadde vore med denne dagen. Han kunne stadfeste at dei hadde vore oppe og leita etter «Roska» den kvelden, utan hell. Fordi skodda var så tjukk, fekk dei og store vanskar med å ta seg ned til gestaposkøyta, som låg nord ved Husefest. Øvrebotten meiner at dei må ha blitt sett i land lenger sør, i område kring Saga, og har gått fjellet nordover. Dette baserer han både på den retninga dei kom frå og samtalane med østerrikaren etter krigen. Det var ikkje så mykje han hadde sagt til Øvrebotten, men strabasane han fortalde om tydde på anna terreng enn Husefest – «Roska». Etter denne opplevinga gjekk Arne Øvrebotten rett ned til Breivik, og fekk informert Isak Breivik om at det var folk ute i terrenget. Han såg og silhuetten av ein svart båt, truleg gestaposkøyta som låg på nordsida av Husefestvika. Da Arne kom ned til Breivik, sat gardsfolket inne på kjøkenet og åt. Først kom Kristi, søster til Isak Breivik, ut og så kom Isak sjølv ut då han høyrte stemma til Arne.

Oddbjørg og Arne Øvrebotten i høyonna, truleg rundt 1950. Foto: Privat. Utlånt av Ståle Sørbotten.

Arne fortalte kva han hadde opplevd og sa at han trudde det var ein viss mann ute og gjekk. Dette var ikkje normalt. Her måtte telegrafistane varslast. Isak stod då og tenkte seg om ei stund og sa so: – «Eg trur eg får gå opp og hente dei». – «Ja», sa Arne. «Dei bør kome seg vekk herifrå, for «Roska» ligg ikkje langt frå der eg såg desse folka. Dei gjekk nordover og nedover, truleg mot båten nede i Husefest.»

Så gjekk Isak opp i Skogaskor der hytta med radiostasjonen «Roska» låg, og henta dei to telegrafistane. Arne Øvrebotten, Atle Svardal, Fredrik Persen og Isak Breivik møttest så i sauefjøset til Isak. Arne fortalde då telegrafistane nøyaktig kva han hadde sett, og sa til dei at dei kunne bli med han.

Dei hadde eit geitefjøs heime i Botnane der Svardal og Persen kunne gøyme seg. Dei burde ikkje bli verande oppe i «Roska». I det andre fjøset på garden låg elles dei andre motstandsfolka frå «Snowflake» gøymt.

– «Nei», sa Svardal då. «No har vi lege her lenge, og om to dagar (tysdag den 13. mars) vert vi henta av ein MTB-båt nord i Vengane» (eit skjer utanfor Botnane). Svardal hadde ikkje for vane å seie ting han ikkje meinte, så dei to vart verande oppe i skora.

(Det meste av teksten i avsnittet under er gjeve att frå boka til Arnfinn Haga, «Kystens partisanar» s. 103–104, men noko er supplert av Arne Øvrebotten i intervjuet frå 2009.)

ALLE MENN VART UTKOMMANDERT Utover ettermiddagen og seine kvelden same dag som aksjonen mot «Roska» vart gjennomført – tysdag den 13. mars, henta Gestapo mannfolk frå Botnane – ca. 10–12 stk. og tvang dei til å bere ned alt utstyret frå «Roska». Det var mykje arbeid og Johannes Nordbotten har fortald at han var heime først ca. kl. 04.00 om natta. Dei fekk ikkje gå heilt opp i skora. Det som skulle berast ned var lempa utfor fjellsida, eller bore ned på avsatsen under i forkant av dei tyske soldatane. Året før, då Isak Breivik, Atle Svardal, Fredrik Persen og truleg Magne Sørbotten bar det opp, var det tre tonn med utstyr.

Johannes Nordbotten som sjølv var med, meinar desse vart utkommanderte til å bere ned utstyr frå «Roskastasjonen»: Anders Sørbotten, Johan Nordbotten, Geirvald Øvrebotten, Jon Øvrebotten, Johannes Nordbotten, Otto Nordbotten, Olav Nordbotten, Halvdan Øvrebotten, Ottar Årøen, ein protokoll låg no eit slikt telegram (dette kan og ha lege under sendaren i følgje Per Svardal, bror til Atle). Telegrammet var ei førespurnad om båt frå Shetland for å hente Svardal og Persen frå «Roska» og dei tre karane frå Florø, som låg i Botnane i dekning. Dette var Magnus Ona, Fridtjof Nybø og lensmannsbetjent Kristen Rosenlund alle frå Florø. (Arnfinn Haga s. 101.) Då tyskarane og gestaposjef Willi Kesting fann det telegrammet, som Arne kom med søndag, som dei truleg aldri rakk å sende, fekk Persen gjennomgå. Ein mann heldt han i hovudet og ein annan i beina medan ein obersturmbahnfuhrer gjekk laus på han og slo med ei spade til han knakk i to. Etterpå kunne Persen knappast gå, men han registrerte at tyskarane framleis var svært redde. Fire mann eskorterte Persen ned i Breivik. Hadde det ikkje vore for at han hadde ein pistol i ryggen, ville han ikkje orka å røre føtene, skriv Arnfinn Haga på s. 104 i «Kystens partisanar». To minutt etter at dei fire soldatane hadde fått Persen ned til Breivika, kom dei to siste gestapistane ned og fortalde at Svardal var død. Han hadde blitt lagt inn i hytta. Tyskarane hadde helt bensin over ei presenning som så skal ha blitt lagt over han og tent på, før dei gjekk.

«ROSKA» VERT TEKEN Tidleg tysdag morgon var det på nytt blitt klart i vêret og då gjekk tyskarane over frå Botnane, over fjellet og ned på sørsida mot Breivik. Det skal ha vore med ein heil tropp, truleg ein blanding av kommandosoldatar og gestapofolk. Sjefen deira Willi Kesting var med. Svardal sat nett då og koda telegrammar som skulle sendast. Persen var ute og speida etter mistenkelege båtar nede på stranda og skulle feste antenna i «egget» som var festa opp i ei bjørk. Då oppdaga han plutseleg tyske soldatar i terrenget over «Roska». Tyskarane såg egget i toppen av antenna og dei omringa straks hytta og gjekk til angrep. – Det kan leggast til at det er sagt at tyskarane kjende kaffilukt og gjekk etter denne vestover i skogen, før dei såg den kvite plastkoppen, men dette har vi inga stad- festing på. Det vart skyting frå begge sider, og Svardal vart treft, truleg i den eine lunga. Dei er då begge inne i hytta og sendaren står på. Svardal spør Persen om han kan sende SOS. Persen kryp så straks over golvet i hytta og bort til sendaren, som står oppi ei kasse. Framfor apparatet står ein hermetisk sigarettboks. Då Persen famlar etter sendarnøkkelen, fyk boksen kant i kant etter eit skot frå ein av tyskarane. Då gjer Svardal og Persen opp og går ut. Svardal kan enno stå på føtene. Persen ber tyskarane om hjelp, men må sjølv forbinde Svardal. Han skjønar at kameraten er svært dårleg og ber om morfin, men tyskarane vil ikkje hjelpe til. Dei var truleg redd for at telegrafistane skulle sprenge seg sjølv og dei i lufta. Dei hadde den regelen på stasjonar som desse at eit telegram helst skulle bli gøymt i to døgn, før det vart brent. Skulle det oppstå ei mistyding mellom sendar og mottakar, skulle telegrafistane kunne repetere ord for ord kva dei hadde sendt. I

Ulrik Sørbotten, Olav Øvrebotn. Ottar Årøen

Magna og Thorbjørn Øvrebotten utanfor huset sitt

i Botnane, truleg i 1945.

Foto: Privat. Utlånt av Ståle Sørbotten.

og faren Karl Årøen (læraren i Botnane) var på veg ut på fisketur, men gestapo skaut varselskot og stansa dei. Ottar måtte stige om bord, men faren som berre hadde ei hand, vart send heimatt. Ståle Sørbotten har skrive ned det han hugsar frå denne dagen:

13. Mars 1945 var eg 9,5 år, og budde på eit av dei nordre gardane i Nordbotten med fri utsikt til dampskibsleia. Denne dagen arbeidde vi med eit eller anna oppe på bakken, rett opp for husa. Då la vi merke til at Sonja, ein båt Ge- stapo hadde rekvirert, kom nord utanfor Sørbottsneset, runda neset og svinga inn til Botnane. Ikkje rettare eg minnest la ho til ved sjøbua til Bernt Sørbotten, far til Magne Sørbotten. Det var vel den einaste stad- en med tilflot. Synet av Sonja var det same som gestapobesøk. Far min, Ivar Sørbotten sneik seg opp i utmarka og gøymde seg i nokre steinurar. Han hadde hatt kontakt med Orvald Sletten og August Sande, som var etterlyste tidlegare i samband med «Snowflake»- operasjonar i Svelgen og han tenkte nok difor at det var best å stikke seg vekk. Eg og dei andre borna på nabobruka vart sende nord til ein plass i utmarka der vi brukte å leike. Vi skulle vere ute av vegen. Mor fortalde seinare kva som hadde skjedd. Ho og broren Sigmund Nordbotten og eldste bror min Anders Sørbotten stod oppe på låvebrua då nokre gestapofolk kom utover gåande. Leiaren i gruppa fikta med maskinpistol og ropte «Hende hoch», men morbroren min og bror min skjønte ikkje kva det gjaldt så dei stod roleg med nevane i bukselommane. Mor mi skjøna det så ho løfta nevane opp, men fekk til svar «Nein, nein ikke du, bare menn». Morbroren, 63 år vart funnen for gammal og bror min, 14 år for ung. Dei vart difor ikkje utkommandert til beretenesta. Då det lei så langt åt vi kvelds og gjekk og la oss. Seinare, midt på natta vakna vi av at det stod ein flokk kvinnfolk, både frå Nordbotten og Sørbotten i kammersdøra og lyste inn med ei fjøslykt. Ei av dei spurde mor om ho hadde mannen med seg i senga. Det svara ho ja til og så forklarte dei at Gestapo hadde teke med seg alle mannfolka i bygda utan å seie noko om kva dei skulle med dei. Dei var difor mykje oppkava. Karane frå Botnane vart stilt opp på rekke med om lag 1 meters avstand og det var klår ordre om at den som fall ut av rekka vart skoten. Anders Sørbotten vart stilt først i rekka. Johannes Nord- botten saman med ein del andre slapp med ein tur. Dei rodde heimatt med færingen til Geirvald. Denne hadde Gestapo teke med seg sørover til Breivika. Eg reknar med at hovedsaka for Gestapo den 13. mars var å arrestere Thorbjørn Øvrebotten og Arne Øvrebotten, som dei hadde funne namna på oppe i «Roskastasjonen». Olav Øvrebotn og Ulrik Sørbotten, bror til Magne Sørbotten, vart utkommandert til å vise veg inn i Øvrebotten der desse budde. Den gongen var det ikkje opparbeidd veg like inn, men berre litt inn for Korsnesvika. Resten gjekk i terrenget. I terrengdelen tok Olav og Ulrik dei omvegar dei kunne for å seinke gestapo. Dei pusta letta ut då dei kom fram og såg at Thorbjørn og Arne var komne seg vekk. Willi Kesting kommanderte Magna, kona til Thorbjørn, og Oddbjørg, dottera, ut på tunet. Oddbjørg vart kommandert innatt i huset og med maskinpistol måtte ho gå frå rom til rom med Kesting bak. I eit rom oppe på loftet, der det hang forheng og tepper ville han ikkje inn. Oddbjørg trudde han var så nervøs at han ikkje våga. Mora, Magna, måtte stå ute på tunet og vart vakta av soldatar. Det er opplagt at dei som sat heime under krigen måtte tole store påkjenningar. Dei kunne ikkje ryme bort. Magna Øvrebotten fortalde etter krigen at ho aldri hadde fortalt so mange løgner som i denne tida og det kunne halde hardt å snakke sant lenger. Tidleg om morgonen den 14. mars var Arne Øvrebotten og Magne Sørbotten, oppe i Skogaskor, der «Roska» låg. Då var hytta tømt for utstyr og presenningen hang delvis oppbrend ned over proviantkassane som danna ytterveggane. Liket av Atle Svardal låg inni restane av hytta, men det var berre den eine armen hans som var brend. Isak Breivik og Torvald Husefest var på Dyrstad, utanfor Svelgen, for å sage tømmer den dagen Svardal vart skoten og «Roska» vart teken. Breivik vart oppringt – truleg av Magne Sørbotten, som var dreng i Breivik. Isak hadde formant han om at skjedde det noko så måtte han kome seg derifrå. Dei hadde også avtalt ei kodesetning for at det hadde skjedd noko. Den var «Eg har vorte sjuk og må kome meg heim». Den skal Magne ha brukt då han ringde etter Isak. I fylgje Ståle Sørbotten, gift med Arne Øvrebotten si søster, står dette og i ei av bøkene der hendinga er fortalt om. Etter å ha varsla Isak Breivik, sprang Magne Sørbotten rett til Botnane og Øvrebotten for å få varsla Thorbjørn og sonen Arne Øvrebotten, om at tyskarane no var på sporet etter dei. Gode råd var dyre. Dei hadde lita tid og måtte handle raskt. Arne hugsar at han sa til mora at ho måtte vaske kaffikoppane til han og faren. Rett etterpå kom tyskarane inn på tunet og samstundes hoppa Arne og Torbjørn ut av vindauget på baksida i lag med Magne Sørbotten. Dei kom seg i dekning bort i skogen i siste liten, og gøymde seg i ei hytte dei hadde laga nettopp for slike høve. Etter at Magne Sørbotten hadde gjeve han meldinga om kva som hadde skjedd, reiste Isak Breivik straks tilbake til Breivik. Han hadde fleire systrer, også med små barn, buande der under krigen. Han frykta korleis det ville gå med dei om han rømde. Då han kom heim, vart han straks teken til fange og brutalt forhøyrd av Gestapo og Willi Kesting. Dei tok han med seg sørover til Bergen og Isak Breivik sat fengsla der til krigen var over den 8 mai. På Solberg budde Sigrun Solberg, som var aktiv og spelte ei viktig rolle både med å gøyme agentar og skaffe mat til dei som låg i dekning. Mellom anna hjelpte ho Svardal og Dagfinn Ulriksen då dei låg på Gåsøya og dreiv stasjonen Eric. Sigrun rømde til skogs den dagen tyskarane gjekk til aksjon mot «Roska». Same dagen drog gestaposjef Willi Kesting og nokre soldatar til Botnane for å ta Thorbjørn og Arne Øvrebotten, og motstandsfolka dei gøymde.

HYTTA I «ROSKA» Korleis hytta oppe i Skogaskora såg ut, veit vi ikkje heilt nøyaktig. Men i rapporten til Fredrik Persen får vi høyre at den var bygd inntil fjellveggen mellom to furutre. Hytta hadde både tregolv og tretak, og på taket ble det lagt tjørepapp og presenning. Stasjonen «Roska» var godt kamuflert. Utgangen var mot syd og dei hadde eit vindauge mot vest og eit mot nord.

Sigrun Solberg spelte ei viktig rolle, både med å gøyme agentar og skaffe mat til dei som låg i dekning. Ho greidde å rømme same dagen tyskarane gjekk til aksjon mot «Roska» Foto: Privat. Utlånt av Ludvig Solberg.

Atle Svardal blei liggande oppe i Skogaskaar ei tid, men så tok truleg Thor Seljestokken affære og ba blekkmakar Alf Apneseth i Florø om å lage ei kiste i sink. Kista var lita nok til seinare å få plass i ei vanleg kiste. Sinkkista vart forsegla og gravd ned i ei myr nær Seljestokken til krigen var over. Thor Seljestokken, Odd Nybø, Alf Apneseth og Per Svardal gjorde dette. Den 13. august 1945 drog 9 mann frå den kvilande vaktstyrken til myra og grov opp sinkkista. Thor Seljestokken, Odd Nybø, Per Svardal og Bertel Svardal var med og grov opp kista. Denne blei sett ned i ei vanleg likkiste. Løytnant Atle Svardal vart gravlagd frå Florø Kyrkje 14. august 1945. Det er stadfesta i vaktprotokollen til Milorg-styrkane som var i Florø rett etter krigen. Magnus Ohna var leiar for heimestyrkane i Florø, nestsjef var Ragnar Melvær, og Per Svardal var forsyningssjef. Bertel Svardal vart utnemnd til sjef for vaktstyrkane i Florø, som tilhøyrde Milorg. Det vert sagt at aldri har det vore so mange i ei gravferd i kyrkja i Florø, som då Atle Svardal vart gravlagd. Namnet hans står no på minnesteinen ved kyrkja i lag med dei andre frå Florø som ofra sitt liv under krigen.

Arne Øvrebotten har fortalt at den hadde austleg avgrensing i fjellveggen. Veggene var laga av presenningsduk utanpå proviantkassar. Desse kassane utgjorde veggane i hytta. Dei felte ei furu og la den rett framfor hytta. Taket var delvis moselagt og der var og plassert ein del einer og lyng rundt. Det var truleg kamuflert mest for å skjule innsyn frå sørsida, som er den einaste naturlege vegen opp i Skogaskor. Det er sagt at hytta var så godt kamuflert at ein nærast kunne gå rett forbi utan å sjå ho. Den eksakte storleiken veit vi ikkje mykje om, men hytta kan ikkje ha vore særleg stor. Svardal og Persen hadde uansett kvar sin sengebrisk og kunne nok stå oppreist inne i hytta. Litt golvplass må det ha vore sidan dei hadde sendaren ståande der i ein kasse og dei måtte og kunne koke seg mat på primus inne i hytta. Proviantkassane var sett opp slik at opninga vende inn i hytta. Det var mykje hermetikk dei hadde og dei opna kassane og tok ut det dei trengde etter kvart. Magnus Uren, som arbeidde på Sindreslippen, var med og sette opp hytta. Det må ha vore kaldt der oppe om vinteren og vi veit at Svardal og Persen av og til drog ned til Isak Breivik for å varme seg, når det vart for gale.

Skogskora («Roska») i 1985. Frå venstre Ragnar Svardal, Eivind Viken og Per Svardal.

I tillegg til denne minneplata står det òg ei anna innskrift i bergveggen der «Roska» låg. Ein gong rett etter krigen har nokon, truleg frå Svardal sin familie, rissa inn namnet hans og datoen:

ATLE SVARDAL 13-3-1945.

PS. For fleire detaljar, sjå gjerne og avskrift av Rapporten til Fredrik Persen. Denne er ikkje datert, men vart truleg sendt inn til Persen sine overordna allereie i 1945 etter at Persen laga ei kopiavskrift til eige bruk. Denne har Flora Historielag fått kopiert frå Kari-Elise Persen og Anne Kristi Persen, som er døtrene til Fredrik Persen

Kjelder: Arnfinn Haga – Kystens Partisaner s. 96 – 111.

Rapport om radiostasjonen Roska av Fredrik Persen. Skrive rett etter krigen. Firda sitt jubileumsnummer om krigen frå 1995. Skrive av Rune Timberlid Intervju med Arne Øvrebotten frå 2009 og 2015 Tekst frå Ståle Sørbotten

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66