Dagleglivet i Florø under krigen
Det gjekk ikkje lang tid etter den tyske invasjonen 9. april 1940 før tyskarane kom mannsterke til byen vår. Dei kverrsette hus i sentrum som Folkeskulen, Florø Hotel, Høgskuleheimen og ekspedisjonsbygningane på Fugleskjærskaia. Deretter tok dei til å kaste alt folket ut frå husa deira i Havreneset. Desse måtte prøve å finne seg bustader som best dei kunne. Notø sine fekk hus i kjellaren til ingeniør Hansen. Rått og fuktig var det, og knapt råd for familien til å snu seg. Sjølv vart vi kasta ut av huset med 12 timars varsel. Første veka låg vi i stova til byingeniør Byrkjeflot i rådhuset. Deretter flytta vi inn i romma tannlækjar Apneseth hadde på Landbruk. Sjølv flytta han opp ei høgd til ein hybel han fekk av tollar Ulfseth. Mange i Havreneset laut flytte ut att til slekt på øyane.
Ungane i byen måtte gå på skule dei mest ulike stader. Realskulen det same. Tyskarane med våpen, marsjering og gauling på kampsongar fekk vi tett innpå livet. Snart kom der digre kanoner med lasteskip, og skytsa vart transporterte ut i Havreneset til flatene nordvest for garden til Notø. Der dreiv dei og øvde seg med å skyte på slepemål i Hellefjorden. Det minte oss på at snart kunne ein blodig krig også kome til oss. Militære øvingar, der dei øvde seg i krigføring i terrenget skræmde opp mange, og rett som det var kom væpna tyskarar for å gjere husundersøkingar. Stor angest vart det alltid når gestapo-skøyta kom. Kven var det dei no skulle arrestere. Bombeåtak, og MTB-ar som seinka transportskip var dramatiske hendingar. Uhugeleg var det når våre eigne fylkesbåtar vart angripne, og mange gode nordmenn vart drepne av dei vi rekna som venene våre. Det gjekk ikkje lang tid etter okkupasjonen før det vart mangel på dei fleste varer, og styres- maktene innførte ei streng rasjonering. Alle husstandar fekk utdelt rasjoneringskort, og skulle ein ha tak i noko spesielt, måtte det søkast. Dette kunne ha fungert, men etter kvart var det lite hjelp i rasjoneringskorta. Der var likevel ikkje varer å få kjøpt på ei rekke viktige område, t.d. sko og klede. Resultata var at folk måtte hjelpe seg sjølv. Tresko vart vanlege, og hadde ein gode sko, vart desse utstyrt med skobespararar for at dei skulle vare lenger. Hadde ein gamle klede liggande på loft eller i skuffer, vart desse henta fram. Alt av ull vart rekt opp, lagt i bløyt, og så nøsta. Av dette vart det strikka. Rett ofte var det ikkje nok av eit nøste, og ein måtte skøyte på frå eit anna. Såleis såg genserane våre ut som stripete fangedrakter i alle regnbogefargar. Eg hugsar at far ein gong hadde fått tak i eit garva skinn. Av dette laga skomakar Olsen beksaumarar til broren min og meg. Det var ei storhending utan like. Av mat sakna vi mest kveitemjølet, medan rugmjølet tidvis var til å få tak i. Men husmødrene hadde store problem med å få deigen til å heve seg. Dermed vart skivene slik at dei mest ikkje var til å tygge. Stort betre var ikkje det vi fekk hos bakarane. Det var også eit sakn at der ikkje lenger var smør å oppdrive. Då hadde vi margarinen å ty til, og Melange var best. Men det vart på slutten av krigen også vanskar med å få tak i margarin, og den som var, smakte fælt. Då var det å gå inn på Sildoljefabrikken og kjøpe sildolje i spannet. Denne blei brukt både som steikefett og til å ha på skivene.
Når ein kjøpte, måtte ein vise fram rasjoneringskort, og kupongar vart klipte ifrå. Vi ser at i løpet av krigsåra er det mest ikkje sko eigaren har fått kjøpt, og litt meir kjøtvarer. Men neppe meir ein ei pølse til kvar jul.
Mest same kva ein skulle ha under krigen, så måtte det søkast. Her søknadskort for sko og brennevin.






Den illgjetne B-såpa, her fotografert ved sida av ei Sunlight-såpe av i dag.
Snop vart sjølvsagt ein ukjent ting. Vi ungar fann ut at på apoteket hadde dei noko som heitte Grøndals halspastillar. Desse var utruleg å gå og smatte på. Men dei tok fort slutt. Siste utveg var då å gå til Mikkelsen og kjøpe eit kremmarhus med gjær. Dette gjekk vi og saug på i små bitar om gongen. Frukt var det sjeldan vi såg noko til, men poteter var her nøgda av. Mange åt poteter rå, som skulle det vere herlege eple. Kjøt var berre å oppdrive ein hende gong, men ribbe til jul klarte far å ordne med. Trur han fekk frå farsgarden inne i Nordfjord. Nøtter til jul hadde vi ein gong. Far hadde fått kjøpt ein liten sekk, var vel på ein par–tre kilo, av Abraham Standal i Standalen. Vi sparte så godt vi kunne, og hadde hasselnøter til slutten av januar. Likevel leid vi inga naud i matvegen. Her var mykje av sild og poteter. Dette vart variert på alle måtar. Fersk sild, røykesild, kubbesild og ikkje minst salta sild. Det siste hadde alle små tønner av ståande i kjellarane sine. Potetene var kokte, steikte, laga stappe av, eller brukt til å bake potetkaker. Dette vart ofte nytta i staden for brød, og var mykje betre. Vanleg fisk kunne det vere verre med. Då måte ein vere tidleg ute og stå i kø på fisketorget. Diverre var det slik at vi barn heile tida vart skubba baketter i køa av vaksne. Det same var tilfelle på meieriet. Jamvel om eg kunne vere tidleg ute og stå mest fremst i køa, enda det opp med at eg gråtande måtte gå den korte vegen heim med tomt spann. Endskapen vart at mor det siste krigsåret fekk gjort ein avtale med tollar Abraham Kleiven, som hadde ein liten gard på Kleiva. Av han fekk vi kjøpe eit par liter mjølk til dagen. Det som plaga mange mest, var mangelen på tobakk. Mange ungar kasta seg over sneipar som tyske soldatar kasta frå seg. Når dei hadde samla ein del, selde dei tobakken til dei mest hungrige. Det var dei som tok til å dyrke fram tobakksplantar i stovene sine. Dermed kunne dei lage seg sine eigne karva blad. Sukker var ikkje å oppdrive, og i staden kunne ein kjøpe noko som heitte Sakarin. Dette var eit kunstig søtingsstoff som gjorde nytten sin. Kaffi var sjølvsagt ikkje å oppdrive. Då kjøpte ein kaffierstatning som heitte «Karoma». Kaffi var det slett ikkje, men når det blei kokt med vatn likna det på ekte kaffi. I alle fall fekk ein innbille seg at det var ekte vare. Såpe var også mangelvare. Den einaste som eksisterte var B-såpa. Ein forunderleg firkanta sak som lukta vondt og hadde ein sørgjeleg grågrøn farge. Det skumma ikkje, og trur helst det må ha vore laga av fin sand og sagmol. Skikkelege presangar var sjølvsagt ikkje å oppdrive. Då mor fylte 40 år ville far gje henne ser- viettringar i sølv. For å få dette til måtte han levere inn premiesamlinga si av sølvskeier han hadde vunne seg som skøyteløpar i ungdomsåra. Etter kvart kom der ein krigsfangeleir for russiske soldatar i Havreneset. Det var lett å forstå at desse fangane hadde det mykje verre enn oss. Stort sett fekk dei berre kålrabisuppe til mat, og det prøvde vi ungane å rette på. Straks det gav seg eit høve, stakk vi til dei mat. Først og fremst var det sild og små brødskalkar, men ofte fisk vi hadde fiska sjølve. Russarane var svært takksame for det dei fekk, og vi fekk gåver tilbake. Stort sett var det kunstferdig utskorne fuglar. Det var spinnkalde vintrar under krigen med mykje snø og is. Storevatnet låg med tjukk stålis i månadsvis, og snøen låg meterhøg på alle marker. Mest alle hadde ski og skøyter, og vi blei etter kvart svært dugande i desse idrettane. For dei som ville renne i bakkar, var Kleiva staden, om ein då ikkje ville ta turen inn til Nybø-garden under Brandsøyåsen. På Storevatnet vart det laga til skøytestemne. Ein søndag var der så mykje publikum at det var utruleg at isen heldt. Ein strålande søndag fann Magne og Kjartan Jagedal og eg på at vi skulle gå på ski rundt Brandsøyåsen. Dette gjorde vi utan vanskar, for der var mykje snø. Men det var kaldt, og godt å få kome inn til besteforeldra til venene mine i Brandsøya, og varme seg. Leiken oss gutane imellom var sjølvsagt farga av krigen. Likkjeåsen vart nytta som festning, og den var det om å gjere å erobre. Der var to armear i byen, utibynarane og innibynarane. Alle som budde innafor midt på rådhuset høyrde til dei siste. Såleis var eg ein ihuga innibynar. Stort sett var det desse som hadde makta på åsen. Når vi hadde sett filmar med fektemeisteren Zorro, tok det heilt av. Då laga alle seg kordar, og det vart fekta i vilden sky. Den store fektemeisteren som ingen klarte å tukte, var Bjørn Atle Sunde. Skulle tru han hadde gått i fektelære. Eit kjært tilskot var filmframsyningane i «Fram». Det var mest berre norske og svenske filmar som blei viste. Tyske filmar var det ingen som møtte opp på. Då fylte dei tyske soldatane kinosalen. Sjølv tykte eg dei norske filmane var svært gode, og eg hugsar dei igjen som det skulle vere i dag. Filmen om meistertjuven Gjest Baardsen med Alfred Maurstad i hovudrolla blei vist fleire gonger i løpet av krigsåra, og like populær var filmen om skihelten Trysil-Knut, også her med Maurstad i den leiande rolla. Andre populære filmar var «Tante Pose», «Den forsvundne pølsemaker» og «En herre med bart.» Songane i desse filmane vart allemannseige. Sjølv lo eg meg skakk då Leif Juster som privatdetektiv på jakt etter pølsemakaren for springande nedetter Carl Johan i berre lang underbrok med ein skokk av skurkar i helane. Svenske filmar stod høgt i kurs, særleg om det var med songaren Edward Person eller komikaren Åke Søderblom. Person hadde ei strålande røyst, og songane hans vart populære. Danske filmar hugsar eg berre ein av, «Alle mand på dæk», men melodien frå denne må ha vore den største hit-en i Florø under krigen. «Jeg har en ven, en riktig sailor.» blei sunge av alle i lange tider.


Notane til slagarar frå filmar gjekk som varmt kveitebrød. Å synge populære songar fekk tankane bort frå tyskarar og okkupasjon. Her Alfred Maurstad som Gjest Bårdsen på Strynefjellet, og Eva Lunde og Lauritz Falk i «Sykkelvisa» frå «En herre med bart.»
Eg reknar med at vi som voks opp under krigen må ha vore den mest bokinteresserte genera- sjonen nokosinne. Det var utruleg kor mykje vi las, og bøker vart byttelånt med alle. At vi las ei bok for dagen var slett ikkje uvanleg. Grunnen var sjølvsagt at andre gåver enn bøker mest ikkje var til å oppdrive. Dessutan var samhaldet i slektene sterkt under krigen, og sjølv hugsar eg ei jul der eg fekk over 20 bøker i gåver. Frå to bestemødrer fekk eg blaute pakkar, som eg ikkje tykte det var mykje stas med, medan mor var stornøgd. Var det mangel på lesestoff, gjekk vi på det vesle biblioteket. Der kunne vi finne spanande krim som t.d. Cardby-bøkene. I tillegg til bøker las vi teikneseriar. «King», helten frå Canada sitt ridande politi, var populære, men vart forbodne saman med «Tarzan» då USA kom med i krigen. Men vi hadde våre eigne «Vangsgutane» og «Ingeniør Knut Berg.» Den siste var rå-spanande, og skurken, Dr. Panga, likna svært på Hitler, og vi rekna med det måtte vere han. Det vart også laga seriehefte av Cooper sine indianarbøker som «Hjortedrepar» og «Den siste Mohikanar.» Desse vart også mykje omtykte. Hobbyen til i alle fall alle gutane var frimerkesamling, og det vart byta ivrig. Eg laga sensasjon då eg kunne vise fram merke frå Helvete (Sveits), og alle dei store gutane ville byte med meg. Jentene samla helst glansbilete, men desse blei på resten av dårleg kvalitet, og var ikkje mykje stas med. Eit ljos i kvardagen var at på slutten av krigen kom der mathjelp til borna i Noreg frå Sverige, den sokalla svenskesuppa. Den blei kokt i kjellaren til postmeister Amandus på Tua, og den vart henta av elevane i digre spann. I storfriminutta kunne vi så kose oss med t.d. mjølkesuppe eller kjøtsuppe med mykje erter. Det vart reine sundagsmiddagen i høve til silda vi var vant med. Storveges var det at vi brått også fekk pakkar, med mykje rart oppi. Eg gløymer aldri stykket med Even margarin, som smakte himmelsk, og som eg i vitløyse åt opp på ein halv time. I pakkane var der ein liten lapp som fortalde kven som hadde sendt han. Eg fekk pakke frå ei industriverksemd i Motala, medan broren min fekk frå ei jente som heitte Dagmar frå Østersund. Eg var misunneleg, for han fekk seg ein god brevven, og jamvel eit fint fotografi av den svenske jenta. Utetter våren 1945 gjekk vi berre å venta på freden, den kunne ikkje vere langt borte. Vi var godt orienterte om korleis det gjekk i krigen. Det var ei useieleg glede som fylte oss då freden endeleg kom. Krigsgenerasjonen vart sjølvsagt merka av krigen på både godt og vondt. Mange fekk vanskar med nervane, og var plaga med dei verste mareritt. På den andre sida vart vi sparsame og var nøgd med lite. Sjølv har eg den fobien at eg har store vanskar med å kaste ting. Under krigen kom alt til nytte. Eg trur også at vi blei herda til å tole påfreistingar, og at vi vart arbeidssame og uthaldande. Mest positivt var det at krigen førte til eit veldig samhald folket imellom, noko som nok har følgt oss gjennom resten av livet.




Knapt noko var meir spennande lesing for barn enn teikneseriane «Knut Berg» og «Vangsgutane.» Dei gjekk på lån til så mange at det er svært få hefte som har overlevd til i dag.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.