Gartneriet VON
Bildet er tatt av fotograf Anton
Gjelsvik og gitt ut i 1911. Alfred Hegranes vart fødd i 1883 på Hegranes i Jølster. Han utdanna seg som gartnar på Jennestad Jord- og Hagebruksskule. Etter eksamen arbeidde han på ulike gartneri i Noreg, og var også på vidareutdanningskurs i Danmark. I 1910 kjøpte han eit stykke av prestegardsjorda i Florø, og sette i gang med eige gartneri, kanskje det første i Sogn og Fjordane. Verksemda låg lagleg til i sentrum av byen, men der var lite høve til utvidingar. Dei første åra var området likevel stort nok, for byen var liten og trongen for blomar deretter. Difor dreiv han også med grønsaker som graskar og tomatar. Likevel var det frå hand til munn. Han hadde lånt pengar for å sette i gang gartneriet, og renter og avdrag måtte betalast. Når han fekk godt med blomar, drog han til Måløy, ja, heilt til Ålesund, og dreiv med torgsal. Slike inntekter kom godt med. Ut på trettitalet betra tilhøva seg drastisk. I 1933 fekk gartneriet det nye sjukehuset som næraste granne. Dette hjelpte godt på blomstersalet. Dei gode sildefiskeria gjorde dessutan at folk fekk pengar mellom hendene, og då blei det vanleg å gje blomar ved særlege høve. Alfred Hegranes var dei siste åra sine sterkt plaga av astma. Gode medisinar hadde dei ikkje, og hjartet klarte ikkje påkjenningane. Han døydde i 1943, og hadde vore sengeliggande i nær to år. Sønene Reidar, Steinar og Atle tok over drifta.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.