Sildefisket på 1860-talet
Det var stor aktivitet langs kysten frå Dalane til Stadt under sildefisket i dei gode gamle dagar. Fiskarane følgde etter silda og rodde fiske der det var fangst å få. I 1860 åra var det godt fiske særleg nord for Bergen og mange drog frå sørlege deler av Rogaland heilt opp til Florø og Kinn for å fiske. Dette var heilt vanleg å gjere fordi fisket her oppe var kjent for å vere stabilt og godt, særleg på 1860 -talet. At fisket ved Kinn var kjent, får vi godt dokumentert i ein av dei gamle klassikarane. I «Skipper Worse» av Alexander Kielland kjem det fram at – Sivert Jespersen lurte Worse på prisen då han selde han 200 tønner med salt nord på Kinn eit år.
Godt fiske ved Kinn
Båtar og utstyr
Båtane dei for avgarde med, var større enn dei som vart nytta ein generasjon tidlegare. Det var naudsynt, for det var ikkje lite ein trong av mat og utstyr for ein sesong på fiske. Som regel var det 4 mann på båten, og dei trong store mengder garn og reserveutstyr som stein, kork og tauverk. Så måtte dei ha med potetsekker, saltkjøt, flatbrød og all anna mat og drikke. Om lag frå 1859 av tok det til å komme folk heilt nede frå Dalane. Sesongane var lange og langt dei fleste av dei fiskarane som kom frå sørfylka, budde på losjiskip. Folk som kom frå områda i nord, budde som regel ute på øyane i eigne losji der. Her oppe kring Batalden og Kinn, rekna dei med at fisket var bra og dessutan kom silda tidlegare. Slik fekk dei ein lengre sesong og det økonomiske resultatet vart ofte godt. Så fekk det ikkje hjelpe at dei måtte ro i dagevis midt på vinteren i skiftande ver og bitande kulde. Det var eit under at det som regel gjekk godt, men dei var vande med dette livet og kunne rette seg etter tilhøva. Korleis folk var kledde når dei skulle på fiske har vi ei underretning om frå Amtmann Meinich i Hordaland. «En fiskers fuldstændige beklædning er opgivet at bestaa af 3 skjorter, 3 underbuxer, 2 buxer, 2 veste, 3 trøier, 3 à 4 par strømper, 2 par vanter, 1 hue, 1 sydvest, 1 olie eller skindtrøie, 1 olie- eller skindbuxe, 1 par sjø-støvler, 1 par sko.»
Dorryar turkar eit stort snurpekast, turleg ein stad nordvest av Klovningen. Til saman skulle dette koste om lag 20–30 speciedaler. så det spørst om det ikkje var vel så harde karer, dei som jobba på havet midtvinters. Fekk fiskarane motvind og storm undervegs, måtte dei søke naudhamn og vente på betre vêr. Sjølv med godt vêr og høveleg vind så dei kunne nytte seglet, tok den lange turen opp til Kinn og Florø om lag 7 – 8 dagar. Vart det mykje landligge kunne det gjerne gå 10 dagar eller lenger. Ein av dei sørfrå som var med på desse ekspedisjonane, var Hans Svanes frå Egersund. Han fortalde at det ofte var 6 – 8 båtlag som drog i følgje frå Egersund og nordover. Dei segla og rodde fiske i fleire år og sov der det fall seg, gjerne i sjøbuer langs kysten. Ofte måtte dei overnatte ute og da gjaldt det å finne seg ein lagleg stad der det var litt lunt. Så drog dei båten på land, gjorde opp eld for å lage mat og tørke kleda. Dei hadde med seg halmsekker som madrasser og sov godt i ly av båten etter ein lang dag på sjøen, sjølv om det var midt i hardaste vinterkulda. Ein kjem ikkje unna parallellar til vikingane 800 år tidlegare. Fiskarane på 1800-talet hadde det nok på mange måtar like tøft som desse våre forfedre 800 – 1000 år tidlegare, men vikingane var nok mest på tokt om sommaren, Etter kvart vart det meir vanleg at ulike grender gjekk i lag og skaffa seg ei seglskøyte som dei kunne segle nordover og bruke som losji. Dette var eit enormt framskritt, nærast umogleg å fatte for folk som ikkje har vore ute og rodd langs kysten i storm og uvêr. Då silda forsvann frå sørfylka kring 1840, la driftige borgarar frå Sogndal Ladested og Egersund mykje av si verksemd til Batalden i Kinn. Dei og mange andre bygde salteri og buer i stor stil. I dag kan vi berre sjå restar av desse buene, men omfanget av murane viser

Frå sildefisket i 1950-åra. Venteleg kan sildemengdene midt på 1800-talet og midten av 1900-talet samanliknast. kor store dei var, og kor mange det var av dei. Ute på Fanøya er det særleg tydeleg og godt å sjå. Folka som bygde buer, var m.a. folk som Wilhelm Bøe, Per Skadberg og sjølvaste sorenskrivaren Christian Feyer. Totalt var det i heile området langs kysten av Sogn og Fjordane fleire hundre saltebuer, og ein fann dei mest på kvart einaste nes. Det gjaldt å vere nær der fisket gjekk føre seg. nettopp med tanke på det rike vårsildfisket. Saltebuene blei no ståande tomme og ubrukte. Mange av dei blei selde med tap til nedriving og bortflytting. I Rekefjord i Dalane kjøpte haugianaren Gunnar Ougendal eit sjøhus og fekk sett dette opp som bedehus på Bø i Sokndal. Dette var det første bedehuset i Dalane og eit av dei første i landet. I 1884 kom endeleg silda attende og det blei gode tider att.
Silda forsvinn
Då silda forsvann frå Vestlandet mellom 1870 – 1884, vart det dårlege tider i 14 år. Ikkje minst vart dette merkbart for den nybakte byen Florø, som jo var grunnlagt Som ein illustrasjon på kor viktig vårsildfisket var for kysten, kan det nemnast at i 1860 var sildeprisen høg. Gjennomsnittsprisen var om lag (omrekna til dagens valuta) kr. 5,60 tønna. Det vart dette året produsert ca 300.000 tønner med sild på kysten. Når vi gangar dette med kr. 5,60, får vi eit resultat nordover til Kinn for å arbeide med vårsildfisket og han enda etter kvart opp som salteribestyrar i Æsøyvågen på Skorpa.

Gamle brev frå salteribestyraren
Kjelder: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane Band 1. – Utgjeve av Sogn og Fjordane Fiskarlag Bergen 1939
Reidar Brandsberg:
Sogndal Ladested, Sokndal og Egersund. Eige forlag. Utgjeve i Egersund i 1988. Til slutt vil eg fortelje om ein kar frå Sogndal i Dalane som heitte Gabriel Scheye. Han hadde ein son med same namnet. Denne Gabriel jr var fiskar som far sin. Min far kjøpte fisk av han og for rundt og selde i grendene i Sokndal på midten av 1920-talet. Gabriel Senior var ein av dei mange som kom Inn frå havet. Dette tidlause biletet viser bygdejekta «Den gode Hensikt» (kopi av Skåsheimbåten frå Sogn) segle inn til Smørhamn. I bakgrunnen skimtar vi Fiskholmen med fyrlykta på toppen. Ein nordfjordseksring med lårsegl. Dette var er ein typisk fiskebåt på våre kantar i andre halvdel av 1800-talet. Til garnbåtar på sildefiske var dei større fire-, fem-. og sekskeipingane mest bruke.


Brev 1:
Hatlevigen d. 17. november 1864
Ogsaa i dag har jeg modtaget Brev fra dig, hvilket gjør at Opholdet her Nord bliver mer fornøieligt. Du være meget takket for du har mig saa kjærkomne Nyheder. Det er saa lidt med det som jeg har at fortelle, men saa faar du tage til takke, med hva jeg kan berette. Jeg høre af dit Brev at du har det temmelig travelt i Sogndal, jeg formoder det er ikke mindre i min ?, ihvertfal jeg har intet hørt dessangaaende, medeles dem nu tale baade det ene og an det Skal jeg bryde mig saare lidt der om, da maa nok minst ? slutte med det ogsaa for at begynde med noget Andet. Jeg ankom til Hatlevigen igaar aften for at afhente forskjellige Sager til Fiskhuset som vare komne fra Stavanger og derifra skriver jeg dette Brev. Som du vil erindre af mine Foregaaende Brever saa har jeg flere Gange været i Besøg i Hatlevigen og havde nok været der oftere dersom det havde været lidt bedre at komme frem. Hatlevigen ligger omtrent 1 Miil søndenfor Holmen og maa saaledes reise over en Fjord som heder Selbjørnsfjorden, hvilket nesten til alle Tider nu om Vinteren er meget Sjøhaardt, dette gjør at jeg ikke saa tit som jeg ønsked kan komme til Hatlevigen. - Jeg har i dag modtaget Brev fra Jonasen hvori han forteller at jeg om en Tid skal blive afløst af L Monsen for at reise til Soggendal. Jeg glæder mig meget over at det ikke skal blive saa længe førend jeg skal faa forlade Holmen og saaledes kanskje faa tale Muntlig med dig. Dersom Gud vil Forunde mig Liv og helse. Kulden er det aller værste. Om Arbeidsdagene saa er man saa lidt inde, at vi fryser oss noksaa fordærvet, thi man faar ikke mer varme end naar der leges i Ovnen. - jeg har ogsaa nu modtaget Brev fra Mc kensie som var skrevet d 29d Juli og ikke faat det førend nu. Angaaende det du skriver om Logiet, saa er der ikke talt et Ord dessangaaende med Herlofsen. Nu har jeg ikke mer Tid, da Baaden jeg skal følge til Stolmen staar reiseklar og venter paa mig? Derfor maa jeg afbryde med en venlig og kjærlig hilsen, Ærbødigst G Schei i rivende Fart, undskyld mit Brev jeg har ikke Tid til at faa det til anderledes

Brev 2:
Æssøsundet 21. januar 1868
Elskede Kone! Jeg andkom til Æssøsundet forleden Søndag efter en meget besværlig Reise. Jeg kom til Maaløen i Nordfjord Tirsdag den 14. dennes som er Stoppested for Dampskiberne. Derfra maatte jeg tage Baad Skyds, men da er man samme et Stykke paa Veien blev Værret saa svært at vi maatte vende tilbage og jeg da tage overland som er mer end en 1/2 Miil omtrent som at gaa overland fra Soggendal til Aanensira. Jeg kom da til Vaagsvaag dørg igjennem vaad og begyndte at arbeide med det samme og blev da færdig med Opmaaling og optelling af Salt og Tønder om Morgenen og fik saaledes Anledning at følge Dampskibet Onsdag efter Middag. Jeg kom som sagt til Æssøen forleden Fredag og telegraferede Ankomsten straks. Jeg befinder mig vel er frisk og rask og haaber at det samme er Tilfældet med dig. Skriv mig tilbage straks dette er modtaget saa jeg kan faa høre hvorledes det staar til. Her er intet Fiske endnu men der er seet hval og en mængde Fugl 2 Miil Nordvest fra Kalevaag. ˆ Jeg haaber Fisket vil snart slaa til. ˆ Nyheder? vides ikke. Jeg har siden jeg kom til Kinn ikke seet en eneste Mand fra Soggendal. Hils gamle Far og Regeland og Mor ogsaa Du har det. Kjærligste hilset fra Din, G Schei. Min Adresse er: Hr Salteri bestyrer G Schei, Jonasens Salteri, Æssøsundet Skorpen, Kinn

Brev 3.
Vaagsvaag Nordfjord den 2de Marts 1868
Elskede Kone
Her er nu saa lenge siden jeg fik Brev fra Dig at jeg troer du rent har glemt mig bort eller Postaabnerne har glemt breverne og forsømt at sende dem til mig. Paa Æssøsundet blev det ikke mer Sild og jeg fik saaledes forleden Onsdag Ordre at reise til Vaagsvaag i Nordfjord, da der skulde være Indsig der. Jeg reiste derfor Torsdag den 27. februar til Florøen for at gaa med Dampskibet nordover og kom til Vaagsvaag Fredagsaften. Forleden Lørdag var her lidt Fugl at see men siden har her ikke været noget at see hverken Hval eller Fugl og er alt Haab om Fiske ogsaa her for iaar ude. Der har siden jeg reiste været lidt Fiske søndenfor Kinn ved Melvær, men jeg troer ikke det har været af Betyden da Prisen har været som før, lørdag var den ogsaa 4 Daler Tønden. Paa Sønnmør er Fiske og gode Udsikter Priis 13 Ort. Endnu har jeg ikke hørt noget om hjemreisen saa jeg kan ikke sige hva Tid jeg kommer Hjem Jeg vilde ønske naar jeg skal Hjem jeg fik gaa med Dampskib da her er en uhyggelig og farlig Plats at farte med Fartøier. ˆ Nyt ved jeg ikke at fortelle der har intet Uheld truffet mig til denne Tid jeg er ved god Helbred hvilket jeg ønsker og haaber du ogsaa er og at med smiil og glede kan mødes. Naar du har modtaget dette troer jeg vist at være paa Hjemreisen og saaledes behøver Du ikke at skrive. Du er paa det kjærligste hilset fra din G Scheie

Brev 4:
Æssøsund den 23de Januar 1869
Gode Kone! I denne Uge har jeg modtaget to Brever, hvilket begge var mig meget kjærkomne. Det siste af 19de modtog jeg i dag. Det var meget snart, paa mindre end 8te dage at kunne faa Brev fra Soggendal og det gjør at vi har 1 Dampskib i Stavanger og ud paa forskjellige af Kinns Fiskevær hver ottende dag og dessforuden ogsaa fra Bergen, saa at vi har det særdeles godt med Posten.- Jeg er glad ved at høre at du frem deles er rask ligesaa at du har faaet Løfte på Serine at ? og have Tilsyn med dig naar du bliver syg.- Jeg maatte Lee naar du fortæller at T. Mydland forlangte Aarerne til Ishusbaaden og vilde sette den paa Søen for at benytte den. Jeg kan aldrig begribe hvorledes han vilde klaret det fra sig om han havde taget og benyttet en Baad som var en Andens uden Tilladelse; Jeg er ganske sikker paa det havde ikke gaaet vel af for ham. Du maa paa ingen Maade levere Nøglerne til Nogen eller udlaane noget som tilhører Ishuset. Lade dem sige hva de vil. Det seer svart ud til Fiske paa Kinn iaar ogsaa. Dog skal der nu være Hval at see langt paa Søen fra Batalden saa det kunde hende at Fisket snart vilde slaa til og at Veiret vilde belage sig her for nu siden Jeg kom her nord været sønden Veir og ruskeveir nesten hver dag, dog har her ikke været saa sterke Storme som i fjor. I forgaars kulseilede en Baad paa Skorpefjorden ikke langt herfra. Baad og folk blevne bjergede. I gaar og i dag var det ikke fuldt saa haard Vind som før. Der var at ønske at Silden snart maatte komme under Land saa vi kunde faa noget at bestille. Tønderne vare saa gode vi kunde gjerne have saltet i dem uden at rendse og saaledes gikk det fort at blive færdig med dem. Vi gaar nu hver dag gandske ledig. Marthin har været paa Scheie med sin Gjekt, og Jonas er nu i Bergen da Skibet skal repareres lidt. Der er sluttet Fragt fra Christiansund med Trælast paa Middelhavet og skal han nu gaa Fra Bergen i Slutten af Februar Maaned. Jeg faar ikke Andledning at komme til kirke, men saa har her paa Huset været Opbyggelse to Søndager. Sist jeg nedskriver disse linier hører jeg der fins hval og at det er fornemmet Sild vest for Kalevaag langt paa Søen. Jeg er vel og du hilses paa det kjærligste G Scheie

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.