2009-10 - Øyvind Haram - Maritime knivar og eggjeverktøy

Maritime knivar og eggjeverktøy

Mykje kan løysast med ein tollekniv, om ikkje alt. Tollekniven har vore ein sjølsagt ting for folket på kysten og om bord i båtane. Dei var ikkje gamle, gutane, då dei fekk sin første kniv å spikke med, og kniven skulle følgje karane i arbeid og fest til deira siste dag. Sjølv om allbrukskniven kunne brukast til det meste, var det behov for meir spesialiserte knivar og reidskapar, så arbeidet kunne utførast effektivt og raskt. Gjennom mitt arbeid og min oppvekst på eit fiskebruk og notbøteri i unge år har eg lagt merke til at der fanst eit mangfald av knivar i bruk. Knivane har vore utførte i mange materiale og fasongar. Former og størrelsar har variert med knivblad på frå ein centimeter til ein meter, alt etter kva dei skulle brukast til. Skafta er utforma for å være tenelege og sterke. Knivblada kan være laga av lokale smedar eller av fabrikkar. Skafta er ofte laga i tre, og det er store variasjonar i materialbruken, alt frå finaste emne i bjørkeknute til enklare furu, nokre gonger grovt tilsmidd, andre gonger svært forseggjort. Det er denne store variasjonen eg ynskjer å vise i denne artikkelen, og vise den evna som fantes til å løyse praktiske problem som fanst hos folket på kysten.

Fingerkniv

Fingerkniven vart brukt under not- og garnbøting. Kniven blei brukt både på ring- og tommelfingeren på den same handa som notnåla vart halden med. På den måten slapp ein å legge frå seg notnåla når ein skulle kutte tråden. Ringen har ein diameter på 2,0 cm, men er justerbar. Bladet er 2,2 cm langt og kvest på den rette sida. Kniven er eigd av Torleif Reksten, og vart brukt av far hans, som var notbøtar under dei store sildeåra på 50-60 talet på Ulriksenbua og på Reksta.

Kverketang

Kverketanga vart brukt til å ta ut eit lite stykke av strupen på feitsild som skulle saltast. Formålet med dette var truleg at saltet skulle komme inn i buken så fort som muleg. Buken på silda var full av feit ister, og dersom det var rauåt i silda, måtte saltet raskt inn for å hindre at buken vart oppløyst. Denne kverketanga er 17 cm lang. Ho har ei fjør av streng, men tengene kunne òg ha ei spiralfjør. Tanga har eg fått av Grete Amundsen, som fann ho på Ulriksenbua i Florø.

Flensekniv

Flenseknivar vart brukte til å skilje spekk frå kjøt på kvalar, og for å dele dyret opp i handterbare stykkje.

Desse knivane er utstilte på Fiskerimuseet

Bontelabo i Bergen. Skafta er ca. 1,60 cm lange og blada er ca. 30-40 cm. Skafta er truleg laga av ask, og blada er smidde med innlagd eggestål.

Rognkniv

Rognkniven har enten ei kule på spissen eller han er ikkje kvest på første del av eggen. Dette vart gjort for å unngå å skjære hol i rogna når ein spretta opp buken på fisken. Dersom ein skar hol i rogna vart denne vraka ved ferskomsetning. Rogn som vart sundskoren, kunne derimot brukast til kaviarproduksjon. På denne kniven er det største og underste bladet 14 cm langt, det vart brukt til å kappe fisken med. Det øvste bladet er 10,5 cm langt og vart brukt til å sprette opp buken med. Legg merke til at eggen ikkje er slipt heilt fram til knivspissen, for å unngå at det vart hol i rogna. Kniven har ei totallengd på 29 cm. Tangen på det minst bladet går heilt igjennom skaftet og er gjenga på enden og festa med ein vingemuttar. Dette for at bladet skulle kunne takast av for å slipast.

Denne kniven har eg fått av Knut Nilsen i Barekstad. Far hans, Ragnar Nilsen, hadde fått han av far min. Smeden har signert begge blada med initialane ORS. Far min, Audbjørn Haram, som dreiv fiskemottak i Stranda i Florø, kjøpte inn ein del slike knivar og delte dei ut til lokale fiskarar under det store torskefisket på slutten av 60-talet.

Krabbekniv

Krabbekniven vart brukt til å skjære over sena i det andre leddet på storkloa på krabben, slik at krabbane ikkje kunne bite kvarandre sund når dei vart lagra levande i store kassar eller kiper. Denne kniven er totalt 11 cm lang, og bladet berre 1,5 cm. Kniven er laga av meg, etter minne, slik eg hugsar han i bruk på Harambua i Stranda, Florø.

Tollekniv

Tollekniven er sjølve «urkniven». Han er ein allbrukskniv som kan brukast til det meste. Denne kniven er totalt 20 cm lang, sjølve bladet er 9,5 cm. Bladet er laminert stål, dvs. med innlagd eggjestål. Skaftet er truleg av ask, tangen er gjennomgåande og klinka på enden. Dei fleste av desse knivane kom frå Mora-distriktet i Sverige. Denne kniven har eg fått av Leif Refsnes i Florø.

Det er viktig at sjølve verktøyet vert teke vare på, at kunnskap, og kanskje endåtil korleis dei vart laga og av kven, vert hugsa og dokumentert for etterslekta. Salt sjø og vete er ikkje det beste miljøet for å ta vare på knivar og andre reiskapar. Rusta har ete opp det meste av det som var, og ettersom det kom nye og betre hjelpemiddel til, vart det ikkje teke vare på det gamle. Likevel finst det enno ein del rundt i naust og på buer, og enno finst det folk som hugsar korleis reiskapane vart brukte. Har du, eller kjenner du nokon som har spesielle knivar som viser mangfoldet i bruken av kniv i fiskeri og fangst på kysten,. 

Vær då snill å ta kontakt med: Øyvind Haram, Tuegata 5, 6900 Florø. Tlf.: 57 74 90 75 el. 48 25 87 89. Email: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66