Utsyn frå Kvellestad – Steinkopf Wold
Utsyn frå Kvellestad
Steinkopf Wold Av Bjarte Sindre
Reknar som sikkert at dette er det einaste i sitt slag. Stavanger sjøfartsmuseum har ei storsamling av arbeida hans. Han søkte seg bort frå tettstader og fotograferte frå utkantar. Dette kortet et nr. 4, eit av Steinkopf Wold sine aller første. Det verkar som det var her iytre Sunnfjord den berømte fotografen starta opp. Steinkopf Wold vart fødd i 1875 og døydde i 1966. Fram til no har han kome i skuggen av andre samtidige fotografar, av di han konsentrerte seg om eit særleg motivval, utkantstroka. Difor er postkorta hans sjeldne, og desto meir verdfulle. I den aller siste tida har ein byrja forstå for eit viktig kulturhistorisk arbeid han har utført. Dette postkortet syner idylliske gardar ytst i Førdefjorden. Vi står på Kvellestad og ser mot Horne. Lenger ute ligg Svortevika. Bak oss ligg Apnaseth. Kveldulv frå Fjordane, farfaren til Egil Skallagrimson, skal ha kome frå Kvellestad. Utan samanlikning for øvrig, fotograf Horne kom frå garden Horne. Øya i bakgrunnen er Askrova/Tansøy. Svanøya ligg så vidt utanfor biletet til venstre. Eit par av husa vi ser på Horne står framleis. Frå Kvellestad er ingenting att. Garden er flytta lenger ned. Dei store steinhaugane vi ser, vart nytta til vegbygginga då denne kom. Postkortet er reine kunstverket Det er ikkje eit fargefoto.
Fotografen Steinkopf Wold frå Stavanger har site og farga med stift, eit møysommeleg og tidkrevjande arbeid. Han må ha brukt heile dagen og vel så det på å laga til dette. I boka mi om postkort i Flora har eg fleire av Steinkopf Wold. I tillegg til dette frå Kvellestad nemner eg Skorpens Postaabneri (nr. 53), Skorpeidet(nr. 62), Parti fra Svanø (nr. 620) og Reksten Kursted. Det er klårt at Steinkopf Wold må ha laga ei rekke postkort frå andre utkantstader i kommunen vår. Får berre vona at dei ikkje har blitt kasta. Meir enn noko anna viser desse arbeida korleis folket her ute med kysten levde i eldre tider.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.