2009-08 - Grethe Stavø - Kinnaspel i 25 år

Kinnaspel i 25 år

Kinnaspelet feira i år 25 års jubileum. Lite ante nok entusiastane som dreiv dette framover mot premieren i 1985 at det 25 år seinare skulle bli ei av dei store årlege kulturhendingane i Sogn og Fjordane. Og ikkje alle var like begeistra for tanken om eit historisk spel på Kinn, ei forblåst øy langt til havs. Ville det komme folk? «Boikott Kinnaspelet! Har vi råd til slik galskap?» sto det i eit lesarbrev i Firdaposten då det heile begynte å ta form. Kinn sokneråd og den første Kinnaspelkomiteen trudde på galskapen, men blei nok overgitt då det premierehelga kom rundt 3000 tilskodarar. «På alle stier gikk det folk...» sto det i Firdaposten etterpå. Kravet kom at dette måtte bli eit årvisst arrangement.

Den første Kinnaspelkomiteen. Jon Ådnøy (innfelt), Odd Stubhaug, Else Nydal, Liv Sørebø Ellingsen, Kjersti Grindheim, Jostein Molde, Renate Svardal, Randi Steinhovden, Grethe H. Vefring, Arne Færøyvik. Først måtte ein bygge ei scene og eit amfi med sitjeplassar. Å tenke seg at det her skulle kunne spelast teater nokre månadar seinare, måtte ein vere modig for å sjå.

Kinnaspelet blei eit årvisst arrangement, og lever i beste velgåande, 25 år etter premieren. Forklaringa på kvifor Kinnaspelet har vist seg liv laga, ligg vel helst i kva det har gitt dei som har komme for å sjå; ei heilt spesiell, eineståande oppleving, ei oppleving som appellerer til dei og rører dei. Ei eldgammal steinkyrkje, storslått natur, musikk som rører ved kjensler, tekst med konfliktar som folk kjenner seg igjen i - og eit sceneteppe beståande av himmel, hav og grøne enger. Det er ikkje mange historiske spel som får fram tårene hos publikum,- ingen reiser uberørte frå Kinnaspelet.

Historia bak

Historia bak Kinnaspelet er godt kjent. Den begynte med ei ide hos den unge Odd Stubhaug. Han kom som prest til Kinn i 1973 og blei fascinert av Kinn med den gamle steinkyrkja og segnene knytt til den. Her måtte det ligge historier og tradisjonar som kunne bli til noko. Anne Gullestad som då var sentral i oppbygginga av Sogn og Fjordane Teater blei kontakta og tok på seg det kunstnarlege ansvaret for eit historisk spel på Kinn. Rolf Losnegård tok utfordringa med å skrive manus, og Per Janke Jørgensen komponerte musikken. Karel Hlavaty skapte scenografien.

Scenografien

Scenografien til Kinnaspelet er eit kapittelfor seg. Karel Hlavaty som skapte den, tok i bruk naturen på ein måte som gjer at det ikkje er råd å tenke seg Kinnaspelet oppført nokon annan stad. Den er i liten grad endra på desse 25 åra. Vikingane stormar plutseleg mot oss frå den nærast haugen, skipa reiser seg som siluettar i horisonten og bygdefolket tek i bruk bakkar og sletter på leit etter den rømde Borni.

Aktørar

Rundt 150 skodespelarar, musikarar og koristar har kvart på vore på scena under Kinnaspelet. Fem av dei er profesjonelle. Den som har spelt lengst er Gro Ann Uthaug, som i 25 år har hatt rolla som Magrete prestefrille. Her er ho saman med Agnete Haaland som i mange år spela rolla som Borni, og Arild Bø som i 20 år hadde rolla som den tvilrådige presten. Instruktørar har seinare gjort endringar i scenografien og på den måten skapt nye bilde.

Danske Christian Lange gav i mange år ekstra autensitet til rolla som danskefuten som kjem til Kinn. Lokale skodespelarar har og fått utfolde seg for eit stort publikum! Den viktige rolla som Sygni som kjem heilt mot slutten og snur spelet, har vore ei ønskerolle for mange småjenter.

 

Bjarte Sindre, myndig i rolla som Iver. 

 

.Erik Dreyer Hovland var sterk i trua som Garmund. 

 

Kristin Orre var den første Sygni (1985).

Ein spretten Alf Jansen som Mikkel

 

Kinnaspelet har elles eit stort innslag av barn og ungdommar. Dei fyller roller både som vikingar, bygdefolk og futens menn, og mange veks inn i nye roller etterkvart som dei blir eldre. Håvard A. Søvig, Eva L. Melvær, Guro Haugland, Turid Reksten og Maria L. Olsen som bygdebarn.

Lars og Tore Bjørbæk.

Foto: Frode Klokkernes

Tove Reksten, Idun Losnegård og Rakel Melvær Berge.

Også det store koret har ei viktig rolle, både musikalsk og som forteljar av historia.  Dei første åra sat orkesteret under open himmel.

Musikk

Musikken er viktig i Kinnaspelet. Dei første åra var musikken arrangert hovudsakleg for blåsarar, og orkesteret sat under open himmel. Gjennom åra har komponisten variert arrangement og besetning, og i jubileumsåret

består orkesteret av både harpe, kontrabass, gitar og synth i tillegg til blåsarane.

Kinnaspelorkesteret 2006.

 

Vokalgruppa Ex Toto Corde har gitt konsert under fleire Kinnaspel.

Andre opplevingar

Kinnaspelet er ikkje berre «Songen ved det store djup». Det er kvart år konsertar i kyrkja, og ved fleire høve har det også vore sett opp andre teaterstykke på scena. Guida turar på Kinnafjellet og i

Kinnaklova har også vore populært, og historisk vandring rundt Kinn har dei siste åra vore fast innslag. Agnete Haaland som Florence Nightingale i Dama med lampa (1990). Kristian Jansen som omvisar på historisk vandring.

Turid Reksten saman med biskop O. D. Hagesæter og Odd Stubhaug.

Store hendingar

Kinnaspelet har og vore ramme rundt store hendingar i folk sine liv. Fleire par har gifta seg under Kinnaspelet. I 2008 blei Turid Reksten ordinert til prest. Ho hadde vakse opp med Kinnaspelet og hatt roller som bygdejente, viking, terne og tiggarjenta Sygni. Anne Beate Kinn, Tordis Kinn og Anita Rindheim i kiosken på Kinn. Så vidt ein kjenner til har det ikkje i moderne tid tidlegare vore ordinasjon i Kinnakyrkja.

Servering

Mellom to og tre tusen har kvart år komme til Kinn denne helga. Det bur berre seks familiar fast på øya. Likevel tok bygdefolk ut- fordringa med å lage kiosk og selge mat til dei tilreisande og har hatt denne oppgåva i 25 år.

Transporten

Når fleire tusen menneske skal fraktast til og frå Kinn, kan det hende det blir litt kø på kaia. Dei mange skyssbåtane som blir leigde inn, fører likevel til at ventetida på kaia ikkje blir særleg lang. 

Kinnaspelet er godt dokumentert. 

Det har mellom anna gitt stoff til fleire bøker. Først ute var «Kinnaspelet»; ei illustrert utgåve av sjølve teksten, ført i pennen av av Rolf Losnegård og illustrert av Frode Klokkernes.
godt dokumentert : Åsmund Berthelsen, Rolf Losnegård, Agnete Haaland og Frode Klokkernes.

Til 10-årsjubileet blei Kinnaspelet heidra med Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane. «Kjensla på Kinn» av Hans Morten Sundnes blei gitt ut i samband med 10-årsjubileet i 1994. Same året kom «I ramnens skugge», som var Kinnaspelet presentert som ei grafisk novelle, med tekst av Rolf Losnegård og ein historisk del av Bjarte Sindre. Kinnaspelet er også gitt ut som biletbok med tekst på engelsk, tysk og fransk, slik at utanlandsk publikum kan følgje framsyninga. Til kvart Kinnaspel blir det i tillegg gitt ut eit rikt illustrert programhefte med mykje lokalhistorisk stoff knytt til Kinn og området rundt.

Det er idag ca 140 historiske spel i Norge, og mange av dei blir berre framført kvart andre eller tredje år. Kinnaspelet lever i beste velgåande etter 25 år som årvisst arrangement, og grunnane til det er nok fleire. Nokre nemnde eg i innleiinga. Men ein må også nemne det fruktbare samspelet med Sildebordet og Musikkfestivalen. Til saman skaper desse tre arrangementa ei kulturhelg med ei breidde som dreg mykje folk til Flora. Vi takkar fotografane for bruk av bilde; Frode Klokkernes, Arne Stubhaug, Marcel van den Bosch, Gro Ann Uthaug, Dag Frøyen og Firdaposten.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66