Reksta skule
Ein finn lite om skulegang på Reksta i Anders Lothe si skulesoge frå 1762 til 1860. På øya var det omgangsskule slik som i dei andre krinsane i Kinn. Skulelova frå 1860 stilte krav om faste skulekrinsar med eigne skulehus, og på Reksta blei det første skulehuset bygd like ved det gamle tunet på Ytre Reksta. Slik blei avstanden og skulevegen frå tettstaden Rognaldsvåg og gardane på Indre Reksta nokolunde lik. Skulekrinsen delt etter første verdskrigen i Rognaldsvåg krins og Reksta krins. Skulehuset på Ytre Reksta vart flytt til Rognaldsvåg, der det gamle skulehuset framleis står. På Indre Reksta sette dei opp nytt bygg som kom i bruk i 1920. Sjølv vart Andersen lærar her, medan son hans fekk jobb i Rognaldsvåg. Begge arbeidde på øya i to år til då Andersen senior gjekk av med pensjon og flytte inn til Krokane der han bygde ny helseheim og dreiv vidare som naturlege. I 1905 kom Hans Edvard Andersen som klokkar og lærar til Reksta. Han var ein allsidig mann som bygde helseheim på Klokkargarden, som starta songkor på øya, som arbeidde for orgel i kyrkja, som meinte at skulehuset var for lite og at krinsen burde delast. Skulen var nokre år todelt og andre år tredelt, og elevtalet auka slik at det etter kvart blei ganske trongt om plassen. Difor vart Grenda samla inn pengar til kjellaren under den nye skulestova, og dette vart bygdas grendahus. Rekstakjellaren var lenge godt kjent for sine dansetilstellingar om sommaren, men både ungdomslag, saniteten og redningsselskapet har hatt mange festar og basarar i denne grendahusdelen – i tillegg kjem juletrefestar, 17. mai tilstellingar og private arrangement. I mellomkrigstida vart huset brukt av skyttarlaget og songkoret på Reksta. Her har det også vore snikkarskule og vevkurs. Under krigen gjekk ein tysk marinebåt på grunn nær Langevika, og medan båten vart reparert, vart skulen stengd fordi mannskapet rekvirerte skulen til bustad i fleire veker. Oppstilling til 17. mai-toget i 1965.

Foto: Torleif Reksten.
Lærarane på Reksta var også klokkarar i Kinnakyrkja. Klokkargarden låg på Indre Reksta, og det var etter tilhøva her på kysten, ein stor gard som gav mykje høgre inntekt enn ein lærarjobb. Dette er nok grunnen til at det var mange søkjarar til denne lærarposten, og i dei femti åra skulen var i bruk, var det, i tillegg til Andersen og to kortidsvikariat, berre fire lærarar her: M. Eide, M. Skjolden, T. Guntveit og A. Eide Reksten (som ikkje var klokkar og dreiv klokkargarden). Elevane ved skulen i 1960: Framme: Helge, Oddvar, Laila, Ingrid, Sigrid, Marit Klokkernes, Åshild, Martha og Arne - alle med etternamnet Reksten. Bak: Astrid Eide Reksten og Aud Fester. Foto: Thordis Klokkernes. Skulen var todelt med såkalla småskule i tre år og storskule i fire. Men midt på sekstitalet kom elevtalet under 13, og dermed vart skulen udelt heilt fram til 1972. Då vart krinsane, Reksta, Kinn, Skorpa og Rognaldsvåg slegne saman. Nye, gode snøggbåtar gjorde det råd å skysse elevar til og frå Skorpa og Kinn til den nye, fine skulen i Rognaldsvåg. Trass i gode kommunikasjonar har ikkje yngre folk busett seg i denne delen av kommunen, og elevtalet er no så lite at Rognaldsvåg skule vart nedlagd i år. Barna reiser til Florø barneskule. Ein 250 års epoke med skule på Reksta er slutt! Skulestova på Reksta 1964. Slike gamle pultar blei brukte her til skulen vart nedlagt i 1972.
Foto: Torleif Reksten.



Den første klassen med elevar frå Ytre- og Indre-Reksta i det nye skulehuset i 1920. Ukjend fotograf. Juletrefest 2. juledag i Rekstakjellaren i 1964. Frå høgre: Julia Jakobsen, Oleanna Reksten, Agnethe Klokkernes, Alberta Reksten, Jakob D. Reksten.
Foto:Torleif Reksten.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.