Brevet heim til Ingrid
Simon Mikalsen Malkenæs, skipper og eigar av fiskedampskipet «Havsulen». Vinteren 1926 låg fiskedampskipet «Havsulen» av Florø på sildefiske ved Kristiansund med Simon Malkenæs som skipper og eigar. Det var vekslande ver, vekslande fiske og ikkje minst vekslande prisar i den vanskelege tida etter første verdskrigen. Det skulle vise seg å vere det siste året Malkenes levde. Heime sat familien i Skolegaten (Hans Blomgata 40) spente på korleis det gjekk med fiske og utkomme, og ikkje minst med Simon som hadde skranta litt på helsa i det siste.
Maria (f. Yri) og Simon Malkenes fekk seks barn, fem jenter og sonen Leif som arbeidde som sjømann, og sidan bokhaldar i Florø og Florø kommune det meste av sitt vaksne liv. 15. januar tok Simon seg tid til å skrive eit brev stila til eldste dottera, Ingrid, som då kunne vere midt i 20-åra. Ho vart seinare gift med Bjarne Sunde, kontorsjef i Florø og Flora kommune.

Griphavet utenfor Kr. sund 15/1-26
Kjære Ingrid
Dit brev av 11. i første har jeg modtaget, men tiden har i det siste været nogså opjaget, så jeg ikke har havt anledning til at besvare det. Siden fiske begyndte, har det gåt i et kjør, og da vi ha så mange ubevandte folk, så har det nu ikke gjort det bedre. Når jeg har en ledig stund, har jeg vært så træt, at jeg har måttet benytte stunden til at hvile mig lidt. Inat var vi ferdig med lossingen kl. 1, og det var da forsent at gå på søen, hvorfor jeg fik anledning til at få fadt i lidt penger og sende mamma. Ja, stakkar, hun har ikke de bedtse dager hun heller, og ikke ser det ut for at det skal lysne heller. Vi reiser i godt håb om bedre tider, men når vi kommer ut, så er det samme sorgen. Nu er priserne så små, at det er en skam; tenk bare rundt om 7 kroner målet. Vi har dog vært heldig og ikke fåt revet så meget garn, da veiret har vært særdeles vakkert, og det er nu bra. Lørdag havde vi en fangst av 14 mål for to netter, og for den fik vi 45 kroner målet, men søndag var vi uheldig og gik for langt nord, så vi ingenting fik mandag. Tirsdag fik vi 63 mål, for den fik vi 14 kroner målet. Onsdag 71 mål og for den fik vi 11 kroner målet. Torsdag fik vi 162 mål og for den fik vi 7,50 pr. mål. Det er forresten storartet at man kan greie å tage unda, saa meget sild som kommer ind til Kristiansund. Du skulde bare se den flaate som er her, og du vilde bli overgitt. Her er over 100 fiskedampere og ca. 150 motorbåter, og når alt dette kommer ind på havnen, så kan du tro det er liv, fløyting og praiing, og her får man være våken hvis man skal undgå sammenstød. Båtene kommer og går ustanselig, nat og dag, tiner og losser, og det hender også at man må ligge helt til neste dag for å få tørn til at losse, men vi har vært nokså heldige, det var forleden dag, da laa vi og ventede på tørn for losning hele dagen, og avgik til søs kl. 8 om kvelden. Vi lå helt utenfor byen og lossede, så jeg havde ingen anledning at få sendt hverken penger eller brev. Ja, nu er jeg aldeles frisk. Jeg har vært to ganger til doktor her og blitt undersøgt, og nu siger han at jeg er helt bra igjen, så nu skulde jeg helst ikke bruke medisin. Jeg synest forresten selv, jeg er ligesom blit yngre og kraftigere igjen, men det er vel bare sligt, som jeg tror. Ja, hils alle hjemme fra mig. Tilslut hilses du kjærlig fra din far!

Faksimile av første sida av brevet «heim til Ingrid». Mikal var det vi kallar for «nordlandsskipper»; han og andre reiarar og fiskebasar frå Florø og distriktet reiste på Nordland og Lofoten og kjøpte torsk som dei flekte og salta i rommet. Når det var fullt, eller dei fekk det som var å få tak i, vende dei heimover og tørka torsken til klippfisk. Det skjedde på den måten at fisken vart vaska og lagt ut på reinskrapte og solvende berg om våren/føresommaren. Dette var arbeidskrevjande og ein god del folk var i sving; bl.a. fekk mange kvinner eit kjærkome tilskot til levemåten med dette arbeidet. Svaberga sør for dagens flyplass vart mykje nytta til føremålet. På gamle bykart kan ein lese om «Malkenæsbjergene» og «Fiskebjergene». Men slik skulle det ikkje gå. Malkenæs vart brått sjuk og døydde på fiskefeltet den vinteren, han stupte på dekk 27. februar 1926, og kom heim i kiste. Han er gravlagt på Florø kyrkjegard. Simon vart med på dette etter kvart som han voks til. Seinare tok han til å reise med fiskedampskip etter at Florø Havfiskeselskap vart skipa.
Oppgangstid
Simon Mikalsen Malkenæs var fødd på Malkenes på Tysnes 3. desember i 1871. Han kom til Florø med foreldra Mikal Simonsen Malkenæs og kona Anne Hansdtr. på jakta «Laura» i 1875. Det var ei stor jakt med lasteevne 600–700 tønner. Dei første åra pakta dei Krokane gard, til dei fekk kjøpte det tidlegare skulehuset frå 1866 som stod i Skolegaten (Hans Blomgata 40) og bygde det om til bustadhus. Det har i alle år etter blitt kalla for «Malkeneshuset», sidan det har vore i familien si eige gjennom meir enn 100 år. Åra mellom 1890 og 1910 var i store trekk ei oppgangstid for den nye kystbyen som hadde stagnert få år etter at den vart oppretta i 1860. Då damp slo gjennom i fiskeflåten også i Norge, følgde reiarar og forretningsfolk i Florø med, og på det meste vart det åtte-ni fiskedampskip i drift med heimeadresse i Kinn og Florø. Fleire av dei vart drifta gjennom det nyskipa Florø Havfiskeselskap med R. Titland som disponent. Fiskeria gjekk stort sett for seg i Nordsjøen med drivgarn etter sild sommarstid, delvis også med line etter lange, brosme og kveite,


«Havsulen» etter eit målarstykke. Ei side av skibsdagboka til «Havsulen». og på Mørefelta med drivgarn etter storsilda om vinteren. Litt om «Havsulen»
Det første fiskedampskipet som kom til Florø var d/s «Kinn» som A. Haave kjøpte i 1894. Med Andreas Vassbotten som førar var det i stadig fart på silde- og fiskeekspedisjonar eller i fraktfart. vart selde ut av distriktet, det eine etter det andre. Ved sida av «Høvding» som kom seinare, var «Havsulen» den einaste som vart verande i distriktet i heile si tid. Dei andre vart spreidde for alle vindar det første 10-året etter at Florø Havfiskeselskap gjekk konkurs i 1907. «Havsulen» kom i Simon Malkenæs si eige, etter at O. Joh. Vasbotten ei kort tid hadde ått skipet. Malkenæs hadde «Havsulen» som eigar og skipper frå kring 1908 til han døydde i 1926. Ifølgje hamnesjef Nils Arild Hovland forliste «Havsulen» på Hjelteskjeret med ei last murstein i 1934. I 1900 vart Florø havfiskeselskap skipa med Rasmus Titland som disponent, og dampskipa «Haveggen», «Havørnen» og «Havsulen» vart innkjøpte. Dei var om lag jamstore, eit par og tjue meter lange, kring fem meter breie og stakk ca. 2,5 meter i ballast. Brevet og ei av skipsdagbøkene har vi lånt hos Stein Malkenes. Han er soneson til Simon, og han har gitt oss løyve til å trykke dette brevet (Red.) Skipsreiar Elias Olsen og andre private reiarar hadde også gått til innkjøp av fiskedampskip, og nokre år etter 1900 hadde distriktet ein imponerande flåte på 8–10 fiskedampskip i drift. Dette gjekk med skiftande eigarar fram til første verdskrigen. Etter krigen kom nedgangstidene, og dei fleste av fiskedampskipa


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.