Litt om stølsliv i Klauene
Eit eldre bilete av Klauestølen, truleg frå 1920- eller 1930-talet, sett nordaustover med litt av Rundevatnet i bakgrunnen.
Lang stølsveg
Støl skal det ha vore også tidlegare, tufter etter den synte i alle fall på Magnus si tid, (han døydde på slutten av 1960-talet). Men dette er lengre attende i tid enn det går fråsegn om. Frå uminnelege tider har det vore brukt å ha kyrne på fjellet i Klauene, gnr. 14 i Flora. Det var same mønsteret som elles i landet; utmarka var ein viktig del av driftsgrunnlaget, særleg på dei små gardane her vestpå. Magnus Kleiven (f. 1904) som budde på bruk nr. 2, har skrive ned ein del laust og fast, basert på minne, forteljingar og stølsboka på Klauestølen. Vi har henta det meste av dette derifrå. Stølsvegen var lang og bratt, men det var båt både i Keipevatnet og Rundevatnet. Utan båt ville det vere ekstra tungt å nytte beita her oppe for mjølkekyr. Elles var markagonga strevsam nok alle dagar, særleg den


Stølshuset fotografert frå nord ein sommarmorgon i 1966. dei tok tev av udyr. Så seint som i 1880-åra slo bjørn 20 smale med stort og smått på ei natt i «Nauet» på austsida av Keipevatnet. Nokre vart lempa opp i ei skor, andre vart jaga på vatnet. Resten av smalen stod heime med bøgarden med blod i naseborane. Gråbeinen var også ein utrygg gjest, helst om vinteren, men siste gongen var kring jonsok i 1852. Då reiv han sju ungfanabeist på ein gong. Det var på Guleslettene. Ein okse var det liv i då dei fann han. Han var so sundriven at han drog tarmane etter seg der han stod attmed ein stein nord på Slettene. Frå 1910 tida det ikkje var sel. Beitestadene var nærast selet, Rinda, Stabburshola, Skorane og Slettene. Lengre vekk var Dyrlifjellet, Skaret, Kupene, Aksla, Langevasstranda. Var kyrne på ein av desse stadene var det godt to timar kvar veg heimanfrå. Før selet kom var det å gå til fjells to gonger for dagen, og mjølkejentene måtte vere tidleg oppe, som regel i 4-tida om morgonen for å finne kyrne, mjølke dei og vere heime att. So var det i gå i gang med det vanlege arbeidet, som regel slåttearbeid. Det same i fem-sekstida om ettermiddagane. Det går fråsegn om at 14 kanners holken ofte var full – og det svarar til ei bør på 34 – 40 kilo. Dei gamle treholkane var ikkje lette.
Udyr
Selet som no står, vart bygt i 1910. Det var eit gammalt kvernhus som vart kjøpt og vølt, sidan bore på nakke og herd under seigt slit til Keipevatnet, ført over og bore på ny. Floren under vart ferdig i 1916. var det også i fjellet i dei dagar. På Magnus si tid levde det enno folk som minnast korleis bjørnen herja, korleis kyr baura og belja ...

Stølen sett frå Rundevatnet same sommarmorgonen i 1966. Litt etter litt fekk dei skikk på selet. Glaset som før stod høgt oppe i gavlen, vart flytta lågare ned og gjort større. Det vart ordna med tre senger og ny omn vart boren opp. Nokre år seinare vart uteselet påbygt med utgang mot sør. Det kom nytt tak både på selet og floren, ny kledning mot vest og selet vart måla utvendig. Det kom nytt bord og stolar, og «jomfrubur» av panel. Seinare kom ei «ny» dør som hadde stått i gamlestova hans Gamle-Per som var fødd i 1775. Frå 1920-åra og utover var det allment å gå på ski i fjellet, og då var selet godt å ta inn i. Var der litt ved og ein fekk lunk i omnen, vart det snart triveleg. Framover til 1930-åra var det nesten årvisst å ha kyrne på stølen om somrane, men seinare vart det år om anna å ha dei på heimebeite. Båten i Keipevatnet tok til å verte skral, og i Rundevatnet vart «Kumla» heilt ende på i 1928. Taket over selet tok til å leke og florstaket var heilt nedramla. På den tid var det at Aksel Østegård og Jens Kleiven tok til med dei årvisse turane i fjellet.

Om fisken i vatna
Sist i 1930-åra var båten i Keipevatnet til ende, og i 1940 kom der ny båt. I Rundevatnet kom «Balder», liten og lett. Den tok god last i stilt vêr, og elles hendig for fiske med garn og sluk. Fisk var det ikkje i vatna på fjella kring Klauestølen før kring 1900. Då vart det bore fisk i Keipevatnet, og framover nokre år var det fin fisk å få på troe og makk. Men etter kvart vart det «overfolka» med berre småfisk. I Rundevatnet vart det sett ut fiskeyngel i 1916. Det skulle vere Ringebu-kjø, som dei sa. Denne skulle gyte om våren, men vart ingenting av. Seinare vart det bore fisk frå Keipevatnet, og ein del år vart det svært med fisk. Men også her var fisken mindre etter nokre år. Fisken er likevel finare i Rundevatnet enn dei fleste andre vatna ikring. Seinare er det i tur og orden bore fisk i Kupevatnet, Langevatnet, Rundedalsvatnet, Rundevasstjønna, og Akslavatnet. «Stølsjenter» på veg heim med mjølkespann og holkar. Til venstre står Erna Sunde som var mykje i Klauene på slutten av 1930-talet og framovêr. Ho vart gift med Erling Kleiven, son til Jens Kleiven som var fødd og oppvaksen i Klauene. I midten står Synnøve Kleiven som var fødd og oppvaksen i Klauene, seinare gift med Johannes Knapstad, Eikefjord. Ho til høgre er truleg Hille Kleiven, søster til Magnus og Annanias Kleiven som budde på bruk nr. 2 i Klauene. Noko som går att i alle vatna, er at fisken vert stor og feit dei fyrste 6 – 8 åra. Seinare, når det vart fiska mindre og det vart for lite næring på grunn av mengda, vart fisken småfallen. Dette gjeld særleg dei vatna der det er godt om gyteplassar, slik som t.d. Kupevatnet.
Framande
«Sælet er aldri læst, det skal ikkje vera det, og til denne dag har det ikkje vore om å gjera det heller», skreiv Magnus Kleiven på 1960talet. Han legg til at det einaste underlege ein har opplevd, var under krigen, ved jonsok i 1943. Då fann dei i Rundevatnet magesekkane av to tjuvslakta lamb. – Ein får tru det er folk som har hatt gode grunnar til det. Elles har ingen nytta høvet til å raspe til seg, so vidt ein veit. Mat, kjøreld og kva det elles kan vera i selet, har ein til denne dag kunna lite trygt på at var der ein hadde det. Berre fagnafolk det som her har fare. Dei er alltid velkomne til å ta seg ein rast i selet, skriv han.


I jordbrukssamanheng er Klauestølen i dag
mest brukt som gjetarhytte i samband med sauedrifta. Elles er den i varierande grad brukt som hytte av folket i Klauene, og ein sjeldan gong av andre i slekta. Helst er han for lite brukt, seier Anne-Karin Kleiven som er odelsjente på hovudbruket. Det lettaste og vanlegaste er å køyre opp i Grytadalen, og gå derifrå til støylen. Det tek ca. tre kvarter i vanleg gangtempo. Sjeldnare er då å gå den gamle stølsvegen frå Klauene og opp. Det tek nok halvannan time, og er ein vesentleg tyngre tur. Elles er stølshuset i god stand. Det er skifta både tak og golv, og sett inn nye glas, så nær som eitt. Vidare fortel Magnus Kleiven at det under krigen alltid var eit lite kriselager av matvarer og ved på stølen. Det kunne komme vel med og vere til nytte. I februar i 1945 låg fire-fem mann i dekning her eit par månader. Det vart drive instruksjon og øving med automatvåpen, sabotasjestoff og skyteøving. Her oppe

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.