2009-03 - Harald J. Stavang Litt om middelskulen i Florø

Litt om Middelskulen i Florø

Florø kommunale høyere almennskole (Middelskulen) vart starta i 1903 som kommunal skule med eksamensrett og statstøtte. Fram til 50-årsjubileet i 1953 var nær 700 elevar uteksaminerte frå skulen. den gongen, då vekeløna til arbeidsfolk gjerne var 18–20 kroner. Forløparen var ein privat middelskule som vart etablert i slutten av 1890-åra. Den fekk bra tilslutnad, men ulempa var at ein måtte til Bergen for å ta eksamen som privatistar, og det kosta pengar på den tid. Bystyret vedtok så å opprette ein offentleg skule i 1903, og første året byrja 40 elevar i skulehuset som stod der sjukehuset står i dag. Første styraren var Joh. Arndt Andresen. Med statsstøtte vart økonomien betre enn bystyret hadde frykta. Skulepengane var 10–12 kroner månaden, og det var mykje I 1913/14 greidde skulen seg heilt utan kommunal støtte. Skulepengane utgjorde 4 680 kroner (og fire øre), statstilskotet var kr. 2 576,22, og desse vel 7 500 kroner var nok til å dekke alle utgifter. Som Gisle Dyvik lakonisk skriv i historia om skulen: «Lærernes veketimetall var høyt, lønningene lave». Det var klart frå første stund at byen var for liten til å gje nok rekruttering, men sidan dette var einaste høgare allmennskulen mellom Bergen og Ålesund, rekna initiativ-takarane med at ein god del ungdom frå distriktet ville søkje. Det slo også til langt ut i 1920-åra, og i eksamensprotokollane finn ein namn bl.a. frå Førde, Sandane, Stryn, Måløy, Svelgen, Askvoll og Dale. beid, og seinare vart lærar T. Meland arrestert og sendt til Kirkenes i samband med lærarstriden. Skulen hadde i 1941 starta gymnas med engelsklinje, og tapet av matematikklæraren gjorde at gymnaste måtte stoppast og elevane søkje opptak på andre gymnas. Skulehistoria i Florø/Flora kunne kanskje vore annleis utan denne affæren. Først i 1967 vart det på nytt oppretta gymnas i kystbyen. I jubileumsåret 1953 gjekk desse opp til eksamen (frå Florø): Sigurd Alne, Anton Døsen, Jan Helmers, Erling Notø, Helge Sunde, Jostein Søfteland, Otto Vassbotten, Magnar Wefring, Solveig Andersen, Else M. Brende, Signe Greni, Anne-Karin Hopen, Audhild Kjørlaug, Erna Leirdal, Astrid Olaisen, Ida Solberg. I tillegg tok seks frå Svelgen og 17 frå Måløy eksamen. Gisle Dyvik som var styrar for middelskulen i mange herrens år, fortel i eit lite historieskift at skulen sitt forstandarskap visstnok var det same som skulestyret like frå skulen vart oppretta. Dei første protokollane er komne vekk, men i 1916–19 var sokneprest Lüdemann formann i skulestyret og i forstandarskapet. Forstandarar etter han har vore kjøpmann P. Batalden, sokneprest Roar Berg Rolness, o. r. sakførar Einar Stavang, og redaktør Ludv. Botnen, Sokneprest Hjalmar Tjelta var styrar i forstandarskapen i 1953. Etter kvart kom det opp skular i omlandet, og søkninga fall naturleg nok. Ein gong var talet nede i 10, og det hende at formannen i forstandarskapen måtte ta seg ein tur på byen og spørje rundt om i heimane om dei ikkje hadde elevar til i 1. klassen. Det var særleg vanskeleg på slutten av 1920-åra, men etter kvart som næringslivet tok seg opp att og folk fekk råd til å satse på skule og utdanning, auka søknaden og skulen heldt det gåande utover i 1930-åra. Det vart drive så billeg det let seg gjere. Skulen hadde ikkje eige hus (det vart slutt då det faste skulehuset brann i 1918). Det vart drive i billege, leigde lokale, spreidd rundt om i byen til det nye skulehuset kom opp i 1934/35. I 1941 gjekk det siste elevkullet med middelskuleeksamen ut av skulen, og den gamle skuleforma vart avløyst av realskulen. No fekk skulen hus i den gamle fiskarfagskulen/ Røde Korssjukehuset som vart rive midt på 1970-talet for å gje plass til dagens «Havglytt». Det var etter at tyskarane hadde okkupert det nybygde skulehuset som var felles for folkeskulen og middelskulen. Etter krigen flytte dei inn att i folkeskulen, og heldt til her til det vart reist nybygg for realskulen på slutten av 1950-talet. Skulestyrarar har vore Joh. Arndt Andresen, Ole Langlo, Kåre Schreiner og Gisle Dyvik.

Dette er 3. klasse på Florø Kommunale Høyere Almennskole (Middelskulen) i 1926. Den hadde 10 elevar. På biletet ser vi Odd Sørstrand (1), Leif Stavøstrand (2), Agnes Myklebust (3), Birger Rollnes (4), Eli Torstensen (5), Brynhild Krokene (6), Kathinka Thingnes (7), Hjørdis Korneliussen (8) og Ragnhild Haus (9). Den tiande eleven, Magnhild Apneseth, er ikkje med på biletet.

 

Krigstida hadde sin eigen dramatikk.

Pålutten gjekk det stadige flyalarmar, og då vart det ut og heim, og så attende når signalet «Faren over» lydde. Av lærarar er her mange namn. Dei faste lærarane siste i skuleåret 1953/54 var Sigvald Sundal, Knut Galaasen, Arne Bondhus og Gisle. Dyvik. Kjelde: Gisle Dyvik: Florø kommunale høiere almennskole 1903–1953. I mai 1941 vart lærar Knut Galaasen arrestert og sendt til Tyskland for motstandsarbeid.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66