2009-02 - Harald J. Stavang - Eit kaotisk tilbaketog våren 1940

Eit kaotisk tilbaketog våren 1940

Etter kampane i Gudbrandsdalen våren 1940, vart ein del britiske soldatar avskorne av tyske styrkar som hadde okkupert Sør-Norge. Rundt 300 kom seg ut via Sverige, og var ikkje heime før i september. Andre snudde og gjekk vestover i von om å få båtskyss over Nordsjøen. Desse var kring 100 i talet, nokre og tjue kom til Flora, og dei aller fleste kom seg heim i mai/juni.Ein del av dei som prøvde Sverige var komne langt inn i Austerdalen, før dei snudde og gav seg på veg vestover. Andre kom til Tyin vestover, men snudde og prøvde å berge seg frå krigsfangenskap gjennom Sverige. Det var eit kaotisk tilbaketog.

Granska i fire år

Nordmennene hadde komme først, og det var dei som hadde teke føre seg. Engelskmennene hadde stort sett overlevd på flatbrød og sukker, og nokre norske stridsrasjonar, fortel Haugnes.

Frå Gausdalen

Dei fleste var flyktningar frå kampane i Gudbrandsdalen og dei tok seg vestover gjennom Jotunheimen og kom til Årdal, og så ei viderverdig vandring før dei kom seg til kysten og med båt i største løyndom over Nordsjøen og heim. – Berre ein mann kunne gå på ski, ltn. Dixon. Då dei kom fram til Tyin var skia hans heilt utslitne. Resten gjekk. Det er mest ikkje å tru korleis dei kunne greie det, utan ski i tungt snøføre, ofte på brestande skare Bjarne Haugnes har granska dette i nærare fire år, og nysta opp ut ruta til dei fleste gruppene. Han har ei telefonliste med over 150 namn som han har kontakta, bl.a. «Kjakan» (Gunnar Sønsteby) som tykte dette var ein interessant del av krigshistoria i Norge. Det viste seg at også tidlegare helsedirektør Karl Evang var på flukt i Jotunheimen i desse kaotiske vekene. – Korleis byrja du på dette detektivarbeidet? – Eg hadde ei viss peiling frå ungdommen, historier eg hadde høyrt frå då eg voks opp i Naustdal. Engelskmennene var dei siste som kom, og hadde fått skulda for at dei hadde brote seg inn i hytter på vegen og forsynt seg av maten, men det stemmer ikkje. Bjarne Haugnes med kartet som viser fluktrutene gjennom fylket. Han viser også primitive truger som dei engelske soldatane snikra seg for å komme seg fram gjennom roten vårsnø. nattetid gjennom norsk høgfjell. Nokre av dei var også skadde. Sjefen, kpt. Peter Branston som leia ei gruppe på ca. 20 mann under tilbaketoget, hadde skotsår i ein fot som han stadig måtte «dokterere på» under marsjen, fortel Haugnes. I Årdal vart ltn. Dixon att med tre soldatar som sleit med frostskadar og gnagsår. Dei andre drog rimeleg fort vidare til Fuglesteg der dei overnatta. Mot kveld neste dag gjekk ferda vidare mot Skjolden og garden Eide der Anna Rebni nærast dreiv herberge for engelske soldatar på flukt. Om kvelden 15. mai blir dei skyssa ned frå Eide til Dalsøyra i Luster, og vidare derifrå til fots opp Dalsdalen til Kilen. Herifrå var Johan Kilen vegvisar over til Vigdalen der dei kom tidleg om morgonen 16. mai. Det store følgjet vart vel motteke av Ann og Peder Vigdal. Soldatane fekk kvild og godt med mat, og fekk også vaska kleda til neste etappe mot Leirdalen med kvinneleg vegvisar, og dei kom fram i tre-fire tida om morgonen 17. mai. I Vigdalen låg dei provisoriske trugene etter dei, og som Haugnes har i dag. Han fekk dei hos ei som heiter Gudrun Vigdal. Det var far hennar som hadde teke vare på dei. Det blir også fortalt at Vigdal spelte fele til dei, men ein russar som var med, Alex Pontevic, var ikkje glad i denne felemusikken. Han og ein til gjekk til nabogarden, der dei hjelpte til med å sette poteter, fortel Haugnes med ein smil. Om kvelden kom Ragnar Vigdal for å lose dei vidare. Eit par ungdommar frå grenda var med eit stykke for å lette på børa til dei som måtte vidare. Følgjet var framme i Veitastrond i seks-sjutida om morgonen etter ein strevsam tur. Det var midt i mai med lange, lyse dagar, og dei venta til kvelden den 18. mai med å gå vidare. Lasse Neset peika ut ruta vidare, og 19. mai om morgonen kom dei fram til garden Supphellen i Fjærland. Her var det ny stopp, og dei fekk kontakt med ein breførar. Båt til Terdalen for å planlegge ruta vidare. Mot kveld drog dei vidare mot Bøyadalen, men no fekk dei skyss med hest og kjerre. Såleis sparde dei krefter til den harde etappen over til Lunde i Jølster, der dei kom tidleg om morgonen 20. mai. Her fekk dei god mat og kvilte i to dagar etter strabasane.

 

 

Til Eikefjord

Det vart ordna med motorbåt («Fram») til ein Dale Hovland. Men den vart dei skyssa ut fjorden, gjennom Brandsøysundet og kom til Terdalen om morgonen. Dei hadde med seg to kvinner, dei eine var Inga Svortevik. Ho hadde vore tenestejente i Terdalen og sat oppe og skulle vere «dekke» om det vart spørsmål. Dei andre var gøymde under dekk. Til Terdalen kom dei laurdag 25. mai om morgonen, og vart innkvarterte der hos Anna og Abraham Terdal. Der var dei til tysdag morgon 28. mai, då var det ordna skyss med motorskøyta «Livlig» som stod på slipp i Florø. Eigaren var Johan Ask i Eikefjord. Skipper på overfarten var Anton Lammethun med Sigfred Sandvik som motorkunnig. Nyttig mann Elles var dei berre engelskmenn om bord, pluss den nemnde russaren Alex Pontevic som hadde ein underleg lagnad. Han hadde flykta til Tyskland frå Stalin-terroren, og måtte flykte då Hitler kom til makta. Under overfallet på Norge 9. april flykta han på nytt og kom som nemnt til Årdal, og slutta seg til engelskmennene då dei kom dit. Han kunne norsk og fransk, men ikkje engelsk. Men i følgjet var det ein engelskmann som kunne fransk, og slik vart det dobbelttolking heile vegen. Pontevic var ein nyttig mann å ha med. I følgje Arild Hovland vart «Livlig» seinare brukt til skyssbåt borte i Skottland under krigen. Han kom ikkje attende. Isen hadde gått opp på Jølstravatnet, så dei vart rodde frå Lunde til Sægrov. Det var truleg den 22. mai. Frå Sægrov vart dei frakta på ein lastebil ut til Vassenden. Herifrå gjekk dei vidare opp Flugedalen og Tynningen mot Angedalen, og så mot Naustdal der dei kom fram til Edvin Svoen (i daglegtale Hedvin) den 23. mai. Det skal ha vore første gongen dei gjekk på dagtid. – I eit notat ser vi at dei skriv at dei skulle vere i Eikefjorden neste morgon. Det var ein alvorleg stubb å gå, så dei var neppe klar over kva dei gav seg ut på. Dei måtte også halde seg skjult for folk så langt råd var, fortel Haugnes vidare. Frå Svoen reiste dei i 4-tida 24. mai, og gjekk heilt i Eikefjorden utan ski i roten snø; over Ramsdalsheia og ned i Ramsdalen der dei var i hus hos Olav Ramsdal. Truleg har dei også stoppa i Naustdal på ein stad som heiter Byrkjeflot. Frå Ramsdalen vart dei følgde av kjentfolk til Eikefjord, der dei var til neste morgon i firetida. Då måtte det farast særs varleg, for no reiste dei gjennom område der dei kunne møte meir folk og ord kunne ta til å gå.

Sov i revegard

13. juni gjekk M/B «Skagen» (eigar Elias Standal), og båten kom så vidt ein veit, vel fram over Nordsjøen.

Skaut keisaren

Men tilbake til dei 12 i Terdalen. Skøyta gjekk ut 28. mai, utrusta som dei skulle på fiske. Dei fekk mat og anna frå butikkane, og ein del utstyr frå dampfiskebåten «Høvding», fiskereiskapar og anna som var tilforlateleg å ha om bord i ei skøyte som gav seg ut for å skulle på feltet. Turen gjekk godt, og dei kom over til Shetland etter ein rask og grei overfart i rimeleg ver. Gruppa som kom ned til Årdal skal opphavleg ha vore på 15 – 16 engelske soldatar. Dei hadde skader og frostsår, og tre-fire måtte som nemnt bli att til dei fekk stelt såra. Dei som kom i Terdalen var 11 engelske pluss den nemnde russaren. Dei attlatne kom seg seinare over til Skjolden. Der møtte dei fire til som hadde prøvt å gå mot Sverige, og desse gjekk saman Mørkriddalen til Fåbergstølen, over breen og kom ned i Erdalen i Stryn. Derifrå vart dei rodde over Strynevatnet, kom bort i Flogrenda og gjekk mot Hellesylt. Det var litt av ein veg. Sjefen for den engelske gruppa, mr. P. Branston som hadde leia ca. 20 mann på tilbaketoget, var attende i Terdalen først på 1970-talet for å helse på og takke for den gode mottakinga i ei farleg tid. Det høyrer elles med til historia at engelskmennene som kom i Terdalen i mai 1940, vart litt skeptiske då dei såg eit bilete av keisar Wilhelm på eine veggen. Men dei vart roa då Abraham tok biletet med seg ut på marka og skaut ei haglsalve gjennom keisaren. Då slappa dei av.

Andre grupper

Abraham Terdal fotografert i stova heime på garden i Terdal på slutten av 1960-talet. I alt er det notert ni ulike grupper som tok seg vestover i dei kaotiske vekene etter felttoget i Norge. Nokre går over i ein annan, og same namn dukkar opp i fleire grupper, fortel Haugnes. Dei var åtte i utgangspunktet, men var blitt 12 då dei reiste. Under eit fæla uver, hadde dei lagt seg i ei lauvhytte, men bonden tykte synd i dei og tilbaud dei å komme under tak i ein revegard. Det lukta vist stramt av rev der dei vidare for fram. Til Ålesund kom dei andre veka i juni. Dei fekk kontaktar som hjelpte dei med båt, og Ei av gruppene ein veit om, gjekk over Sognefjellet. Alle dei andre kom gjennom Jotunheimen, stort sett etter same ruta til

Fire før

Tyin og ned til Årdal, og derifrå til Skjolden, og her spreier dei seg på ulike ruter vestover til kysten. Ei gruppe ende opp i Bulandet. Dei kom over Sognefjellet, og var m.a. i Kroken og på Urnes på sørsida av Lusterfjorden. Tidleg ein morgon kom dei til ein plass som heiter Kvalen. Der budde ein svenske som heitte Pettersen og dreiv med steinhogging. Han hadde båt og tok på seg å skysse dei vestover. Dei var i Feios og Fresvik, og så er det eit langt opphald til dei er nemnde i Trædalen (Oppedal), stadig på sørsida av Sognefjorden. Det var komme fire nordmenn mann før. Dei hadde også gått gjennom Jotunheimen. Odd Melvær (ein bror av Audun som var styrar på Florø Radio i mange år) hadde gått i lag med nokre som hadde vore i eit skiløparkompani og deltok i kampane i Gausdal. Då det rakna, la dei til fjells fire spreke ungdommar og kom seg til Sogn og vidare til Dale i Sunnfjord, og herifrå med båt til Bulandet. Det er litt uklårt når dei kom seg vidare, men så vidt Haugnes har komme fram til, så reiste dei natt til 20. mai. Skipper var Jens Værøyvik og ein Midtbø var også med. Dei tråkla seg gjennom minefelta og vart overlevert til ein engelsk trålar som førde dei inn til Aberdeen 23. mai midt på dagen. Så har dei vore i Lifjorden og i Storakersundet, før dei kom seg til Melvær. Til Bulandet kom dei 17. mai om føremiddagen. Då hadde bulendingane laga til festtog og skulle feire dagen i eit okkupert Norge. Her i Terdalen budde ei gruppe engelske soldatar nokre dagar i slutten av mai 1940 medan dei venta på båt som kunne ta dei over til Nordsjøen.

– Det er nemnt åtte i talet som kom til Bulandet, medan dei i Luster snakkar om seks.

Det er ikkje godt å greie ut 69 år etter, seier Haugnes.

 

Endå ei gruppe

Sæterskar skysste dei bort på Tåene ein båt som heitte «Svanen». Derifrå gjekk dei opp iturnforeininga si hytte i Grytadalen, fortel Haugnes. Her vart dei liggjande godt skjerma til det lukkast å skaffe dei skip over til England. Då det var klarert, fekk Ragnar Melvær ordna med skyssbåt, og det var Nils Hovland som første den. Han la til ved Tåene, Ragnar gjekk opp dalen fekk engelskmennene med seg attende og om bord i skyssbåten. Herifrå vart dei skyssa til Kjelkenes der den norske lastebåten «Akabara» på 2000–3000 tonn låg.Etter harde forhandlingar med skipperen gjekk han til slutt med på å overlate skipet til nokre norske skipsoffiserar, dei engelske soldatane og mannskapet elles. Dei fekk opp dampen, stemde ut Frøysjøen og stakk til havs ved Kvanhovden. Seinare fekk dei vite at turen hadde gått vel og alle kom dit dei skulle. Det han no er interessert i, er å få meir kunnskap om den første gruppa som var i Florø rundt 1. mai. Dei skal ha vore ni mann. – Kvar i alle dagar kom dei ifrå? Dei må ha avslutta krigen tidleg. Tyskarane dreiv og bomba rundt Lesjaskog og ei gruppe engelskmenn som var på ein jernbanestasjon rømde til fjells. Dersom dei heldt fram direkte vestover, så kan dei ha nådd hit først i mai. Det er ikkje godt å seie. Det ein veit, er at dei var oppe på den gamle fiskarfagskulen kring 1. mai. Så vart dei følgde inn i løa til Johan Nordal på sørsida av Storevatnet. Vidare har dei vore hos Melvær på Krokane og fått mat, og så vart dei følgde inn i Brandsøya der Ove

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2009.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66