Gamle Florø
Dette postkortet er laga av fotograf Kjølvik i Stavanger. Det er poststempla i 1911, og sendt som julekort av Karl Johan Aarebrot til Herborg Aarebrot i Bergen. Kyrkja er det dominerande på postkortet. Etter mykje arbeid og strev stod den ferdig i 1882, etter ein veldig innsats av innbyggarane i den unge byen. T.d. vart pengar til eit Hollenbach-orgel samla inn av byen sine kvinner. Det gjorde teneste i 100 år. I staden for altertavle, gav kjøpmann Faye ein kopi av bilethoggaren Thorvaldsen si verdskjende Kristusstatue. Den står i kyrkja framleis.
Ser vi nøye etter, finn vi til venstre for spiret hermetikkfabrikken som i 1908 kom i gang i sjøhuseigedomen til skipsreiar Elias Olsen. Til høgre for spiret i stranda finn vi næringsverksemda til gründaren Gustav Stavøstrand. Han hadde sildebuer og tønnefabrikk. Det store, tverrstilte huset vi ser til høgre, er fiskarsjukehuset. Det vart sett i drift allereie i 1867. I 1920 vart det renovert og utvida til heilårsdrift. I 1935 flytte sjukehuset over i nybygget som for tida står tomt. Den gamle bygningen vart då nytta til fiskarfagskule. No ligg alderssenteret her.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.