2015-25 - Oddvar Isene - Angrepet på Roska - 70 år etter.

Markering av åtaket på «Roska»

70-ÅR ETTER

Fredag 7. august i år var det eit yrande liv av folk og gamle båtar i Florø. «Fjordsteam» vitja byen denne helga. Dampbåtar og andre gamle fjordabåtar frå Vestlandet, som hadde nådd ein verdig veteranalder, hadde sett stemnemøte i kystbyen. Også ubåt- jagaren «Hitra» frå dei siste dramatiske krigsåra 1943 til 1945, hadde lagt til kai. «Hitra»er ein av dei få krigshistoriske båtane i verda, som er teken vare på, og halden sjødyktig. Båten blir i dag nytta som flytande museum på norskekysten. Denne dagen er «Hitra» komen til Florø for å delta i ei minnerik og verdig markering. Det er 70 år sidan siste verdskrig tok slutt, og tyske soldatar gjorde dei siste dramatiske krampetrekningane, før dei måtte gje frå seg våpna i Norge.

Ombord i «Hitra» ved avreise frå Florø. Frå venstre Malvin Horne, Kari Elise Persen, Chester Laquian, Petter Rosenlund, Anne Kristi Persen og leiar av Flora Historielag, Reidar Brandsberg. Søstrene Kari Elise og Anne Kristi er døtre av Fredrik Persen som var saman med Atle Svardal på Roskasendaren.

«Hitra» ved kai i Botnane. Kanskje ikkje langt unna området der utbåtjagaren opererte under krigen. Lite truleg båten våga seg heilt inn til Botnane. Men i området lengre ute, ved Hovden har nok båten vore innom.

Berre tre månader før kapitulasjonen greidde tyskarane å finne den illegale radiosendaren «Roska» som hadde irritert dei og øydelagt for dei i lenger tid. Sjølve åtaket og dramaet rundt, våren 1945, er fyldig omtala annan stad i Floraminne. Her skal vi berre bli med «Hitra» til Botnane og vidare med bil til Breivik, denne fine haustdagen i år. Denne dagen var det Ikkje mykje minna om stormfulle turar over Nordsjøen i vinterkulde og ly av mørke, med agentar som skulle setjast i land, og retur til Shetland med flyktningar som måtte røme landet for å berge livet. «Shetlandsbussen» vart dei kalla desse tre ubåtjagarane, «Hitra», «Vigra» og «Hessa», som var ei gåve frå USA i 1943. Dei skulle erstatte dei små og til dels skrøpelege fiskeskøytene som vart brukte i denne transporten dei første krigsåra. I solskin og nesten vindstille på dekk, kunne vi 17 passasjerane som var invitert med, nyte den korte turen frå Florø. I Botnane fekk vi skyss med privatbilar til Breivika, garden som ligg nedanfor fjellskora Skogaskora, der sendaren «Roska» låg under krigen, godt kamuflert for omverda. Etter ein halvtimes fottur gjennom ur og over blaute myrar, var vi framme på den smale fjellhylla. Her vart det ei enkel markering, der leiar i Flora Historielag, Reidar Brandsberg, først ønskte velkomen. Han fortalde kort om historikken bak «Roska», og om historielaget sitt arbeid med å få

denne historia fram i lyset. Mellom anna hadde historielaget fått sett opp minneplaketten på bergveggen her 6. september 2009. Ordførar Bengt Solheim Olsen la ned krans der sendarhytta hadde ligge, og der motstandsmannen, løytnant Atle Svardal brutalt vart skoten 13. mars 1945. Historikar og forfattar Bjarte Sindre fortalde om opptakta til, og om det som hende desse marsdagane då «Roska»sendaren vart oppdaga og øydelagt. Marinesoldatar frå «Hitra» stod æres- vakt ved minnestaden, under heile markeringa. Eit hundretal interesserte, hadde teke turen til Breivik denne dagen. I tillegg til «Hitra» var både lokalbåten «Riskafjord» og fiskebåten «Arnafjord» engasjerte i å frakta folk til Botnane. Omlag 90 tok turen opp til Skogaskor, men Ikkje alle fekk plass på fjellhylla samstundes, så ein straum av tur- gåarar kom og gjekk, og Bjarte Sindre måtte fortelje historia om igjen gong på gong. Nede ved garden i Breivik hadde Botnane og Årebrot Grendalag rigga opp telt med kafeteria, der dei serverte kaffe, nysteikte vaflar og rømmegraut, m.m. Dei stilte og med sine privatbilar for å skysse alle som kom til og frå Botnane, der båtane låg til kai. Tida vart eigentleg alt for knapp til at alle fekk nyte denne gode serveringa fullt ut, før båtane skulle returnere til Florø. Flora Historielag uttrykkjer stor takk til grendalaget som organiserte dette fine opplegget.

Denne fine sommardagen var det over 90 interesserte som tok turen frå Breivik og opp til Skogaskora der Roskasendaren låg.

Mannskap frå «Hitra» stod æresvakt under markeringa.

Bjarte Sindre heldt minnetala, der han fortalde om dramatikken som utspelte seg på denne staden for 70 år sidan. Heilt til venstre ved treet står manusforfattar Petter Rosenlund, som er engasjert i arbeidet med filmmanus om «Kystagentane», der Atle Svardal, og Dagfinn Ulriksen blir sentrale rollefigurar.

Botnane og Årebrot Grendalag hadd stelt i stand kafeteria på tunet i Breivik. Her budde Isak Breivik som var den næraste kontaktpersonen til Atle Svardal og Fredrik Persen.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66