2015-19 - Odd Standal - Stavenes og Stavøy – Stong og Stongasund

Stavenes og Stavøy Stong og Stongasund

MEN KVAR ER STAVEN OG STONGA?

Knapt noko stadnamn i Sunnfjord har vore så grundig studert som Stavenes. Truleg heng dette saman med at historiske hendingar er knytte til namnet, t.d. slaget mellom jarlane Atle og Håkon Grjotgardsson. Den ruvande stadnamngranskaren Oluf Rygh går grundig gjennom gamle skrivemåtar og andre kjelder, men som den ettertenksame vitskapsmannen han var, dreg han ikkje bastante konklusjonar.

Ingen av namnegranskarane har kunna unngå å sjå den merkelege opphopinga av Stav-namn i Ytre Sunnfjord: Stavenes, Stavfjord, Stavestrand, Stavang, Stavøy. «Fjord», «strand» og «øy» og «nes» treng inga forklaring, og kanskje heller ikkje «stav», men -«ang» som i «Stavang» er ikkje lenger i bruk som eit vanleg ord.

«Stav» kjem av gammalnorsk «stafr» – noko som er rett eller beint. -«ang» kjem også av gammalnorsk og tyder fjord eller vik, jfr. fjordnamn som Varanger, Porsanger, osv. Ofte er det blitt til at fjordnamnet har gitt opphav til namn på stader med busetnad langs eller ved enden av fjorden. Fjordnamnet har så blitt tydeleggjort med til-

legget «-fjord», for den opphavlege tydinga av «ang» har forsvunne ut av språket. Historisk sett er det altså smør på flesk når det moderne norsk heiter «Varangerfjord» – dei to siste ledda tyder historisk sett det same. Stadnamn av denne typen er det flust av, jfr. t.d. Erdal og Erdalsdal. Tre stader hadde i eldre tider namnet Sta- vanger (i gammalnorsk skriftform Stafangr): Byen Stavanger, Stongfjorden og Stavang, alle finst i gamle kjelder med skrivemåten Stafangr og variantar av denne. Etter Rygh har professorane Mag- nus Olsen, Gustav Indrebø, Per Hovda og Knut Helle klødd seg i hovudet for å finne ut kva som er namnegrunnlaget her, – kva er det som er rett og beint som ein stav ? Når det gjeld byen Stavanger, meinte somme at namnet siktar til «vågens rette løp». Knut Helle har sannsynleggjort at dette ikkje kan vere tilfelle. Han kjem til at «stav» i Stavanger er å forstå som «en stående fjellstav», at namnet altså har sitt opphav i «stav» i tydinga «bratt fjell». Dermed er fjellformasjonar komne til som mogleg forklaring på «stav»-namn. Rygh er sjølv inne på at «stav» også kan sikte til ei «rett, utstikkande landtunge». Dermed har vi minst tre moglege forklaringar på namnegrunnlaget for «stav»-namna i Ytre Sunn- fjord: «Fjordens rette løp», «fjellformasjon» og/ eller «utstikkande landtunge».

Flokenes konkluderer – utan atterhald – med at Stafangr inst i Stongfjorden (no kalla «Stong») kjem av at strandlina fortonar seg bein, sett frå skipsleia vestanfor. Staveneset, meiner han, har sitt namneopphav i fellpartiet Stavane, som er nytta som fiskeméd av fiskarar som fiska nordvest av Staveneset. Når fjorden nordanfor, innover mot Flokeneset, heiter Staffjordr, og ikkje Stafangr, så kjem det av at namngjevarane ikkje ville ha ei opphoping av likelydande namn. Det er rimeleg å tru at Stavestrand er avleidd av namnet på fjorden. Kva så med Stavang i Flora. Og Stavøy ? At her er så mange stav-namn i eit lite område tykkjest motseie hovudtesen til Flokenes og andre, nemleg at namna vart laga for at sjøfarande skulle vite nøyaktig kvar dei var. Stongasundet har same opphav som Stong i Stongfjorden. Det har vore sagt at Stongasundet har fått namnet sitt fordi det var rettarstad i Hellevika, og at hovuda av halshogne stakkarar vart sette på stenger der til skrekk og åtvaring. Truleg er forklaringa mindre dramatisk - Stongasundet er neppe noko anna enn Stavangs- sundet. Nær Stavang ligg Stav(v)ika og Stavøya. Stavika ligg open rett vestover mot skipsleia. Rygh er inne på tanken at Stavvika kan ha fått namn etter Stavang, altså «vika som høyrer til eller ligg nær Stavang», likeeins at Stavøy kan vere «øya som ligg nær Stavang». Men kva så med sjølve Stavang ? Stavang er ikkje godt synleg frå skipsleia, så det er rimeleg å tru at staden har fått namn etter meir lokal nærtrafikk mellom Brufjorden og Høydals- fjorden, og at det er leia frå noverande Stavangs- sundet lykt og innover som har blitt oppfatta som ein «rettløpende fjord», altså Stafangr. Til slutt Stavøya. Som nemnt er Rygh ikkje framand for den tanken at øya kan ha namn etter Stavang. Det er berre den haken ved det at den garden som ligg nærast Stavang, og som har hatt busetnad frå eldre tider, den heiter Storøya og ikkje Stavøya. Kanskje har Per Hovda rett når han meiner at Stavøya har namn etter den bratte hammaren du fer forbi når du skal inn på Indre Stavøyvågen ?

STADNAMNA VIKTIGE FOR NAVIGERING PÅ SJØEN Den siste som har studert desse namna er Kåre Flokenes i boka Stadnamn i Askvoll (Erling Skjalgssonselskapet, 1999). Tilliks med fleire andre byggjer han på den hovudtesen at stadnamn langs kysten har sitt opphav frå sjøfarande: Dei sjøfarande langs kysten hadde berre eitt hjelpemiddel til rådvelde for ikkje å risikere å komme ut av kurs, og det var stadnamna, og då seier det seg sjølv at det stilte store krav til namngjevarane når stadnamna skulle lagast så gode at folk skulle vite nøyaktig kvar dei var komne. (…) stadnamna dei orienterte seg etter måtte vere namn på stader som låg i skipsleia, eller som var lett synlege frå skipsleia (…)

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66