ROGNALDSVÅG 1883
Handelsstaden «Tjenna»
Handelsstaden «Tjenna» inneheldt ein gong bakeri, trandamperi, fiskehjell, sildesalteri, post, skipsekspedisjon og fiskemottak. I tillegg fekk ein kjøpt drivstoff her – slik ein får den dag i dag. Jakter frå nær og fjern gjekk opp under her og lasta og lossa varer, og Rognaldsvåg var ein internasjonal stad. Bak til høgre ser vi den «nye» butikken. Dei tre buene i framgrunnen har ein gong i verda innehalde fiskemottak, i tillegg var det bustad i andre etasje av den midtre bua. Fram til nyare tid tente buene både som lager og sauefjøs.. Sundeslekta kom her i 1893. Huset er i dag delt i to brukseiningar, som greinene etter dei to brørne som i si tid kjøpte huset, disponerer kvar sin del av.

TRADISJONSRIKT MILJØ
Brørne Lyder og Bertinus Sunde kjøpte i 1893 landhandelen som då omfatta, bakeri, fiskemottak og trandamperi i Rognaldsvåg. (Seljar var Handels- huset Johnsen i Bergen.) Son til Lyder, Ditlef, tok over landhandelen i 1915. Han dreiv firmaet saman med sin son Ove fram til 1983 då ein tok i bruk den nye handelsstaden «Sjøstrand». Ove sin bror, Arne gjekk då samstundes inn i firmaet og vart medeigar inntil Hans-Jacob Sunde sitt firma Rognaldsvåg landhandel overtok i 2009, og fører drifta av handelsstaden vidare som fjerde generasjon landhandlar. Heilt sidan 1893 har familien Sunde drive forretning på handelsstaden Tjenna i Rognaldsvåg. Eigedommen er framleis tenkt ei aktiv rolle som næringseigedom i framtida. Brørne Lyder og Bertinus Sunde kom frå Askrova og kjøpte handelsstaden på auksjon frå Handelshuset Johnsen i Bergen, som allereie då hadde drive der i ti år.
Kulturavdelinga til fylket var på synfaring på eigedommen Tjenna i 2008, og konkluderte mellom anna med at handelsstaden har høg verneverdi på grunn av bygningsmiljøet sin store grad av autentisitet, ettersom det har vore lite endra gjennom åra. Rognaldsvåg har mange fine kvalitetar, og det kulturhistoriske bygningsmiljøet er ein viktig faktor i høve desse kvalitetane. Dette fiskeværet voks opp i samband med dei rike vintersildefiska. Frå 1700-talet av sette også mange fjordabønder opp fiskarhus eller rorbuer i Rognaldsvåg. Desse husa vart for det meste brukt under vinterfisket, og stod tomme resten av året. (I 1860 vedtok Stor- tinget at Florø by skulle byggjast, men samstundes vaks Rognaldsvåg til ein av dei største tettstadane på kysten mellom Gulen og Stad. (Utdrag frå Kulturnett – Sogn og Fjordane).)
Bilete syner Lyder og Anne-Margrethe saman med sine 9 born.

Vintermotiv frå Rognaldsvåg. Måleri av Harald Seim.
Det rike fisket og den faste busettinga, gav grunnlag både for handelsmenn og gjestgjevarar. Alt frå starten av 1700-talet er begge desse verksemdene registrerte i Rognaldsvåg. Den land- handelen som er i drift i dag, vart starta opp i 1893 av Lyder Sunde. Han hadde handel i eit stort hus, og dreiv i tillegg fiskemottak og trankokeri som ein del av verksemda. Den samla aktiviteten til handelstaden vart utøvd av Lyder og bror hans. Det var dessutan bakeri i kjellaren på hovudhuset. Varene kom i tønner, kasser og sekkar, og vart selde i laus vekt over disken. På fiskemottaket nede på sjøbua vart fisken anten salta, eller hengt opp på hjell til tørrfisk/ stokkfisk. Noko av den salta torsken vart tørka på berga til klippfisk. Produksjon av stokkfisk og
klippfisk heldt fram til seint på 1930-talet. Det var handel i dette store gamle huset i 100 år, fram til 1983. Då bygde familien Sunde, greina etter Lyder, nye og moderne butikklokale nærare rutebåtkaia, på «Sjøstrand» som grensar til den gamle handelstaden. Samstundes som Stortinget i 1860 vedtok at Florø by skulle byggjast, voks Rognaldsvåg til å bli ein av dei største tettstadane på kysten mellom Gulen og Stad. Aktiviteten var for ein stor del knytt til dei rike vintersildefiska, men på den tida gjekk hovudleia gjennom Kinnasundet, og båtane vart då ofte liggjande i Rognaldsvåg og vente på bør. Dette var med på å gjere landhandelen til ein sosial møteplass i bygda. Ei rolle handelsstaden av i dag framleis hegnar om gjennom møtestaden «Ingrid’s hjørne».

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.