2015-03 - Bjarte Sindre - SIS-agentane i Florø

SIS-agentane i Flora

ATLE SVARDAL OG DAGFINN ULRIKSEN

Etter at Noreg hadde kapitulert i 1940, gav Korvettenkapitän Kurt Zoepffel ut boka «Die Kriegesmarine erobert Norwegens Fjorde». Boka var konfirmert av sjølvaste føraren, Adolf Hitler. Kapteinen seier at grunnen til det dristige åtaket på Noreg var å sikre seg den norske vestkysten. Den gav handlingsrom for den tyske marinen, og vegen til Nordatlanteren låg open for omfattande landingsoperasjonar på den engelske kysten. Dessutan ville hærsetjinga hindre at engelskmennene tok Noreg og gjekk til åtak på Tyskland frå nord. Eit flankeangrep var noko av det Hitler frykta mest av alt. Derfor var det ei overordna målsetting for Hitler at engelskmennene aldri klarte å kaste han bort frå Vestlandskysten. Han var til det siste overtydd om at den verkelege invasjonen ville kome her.

Straks tyskarane hadde sett seg fast i Noreg, byrja difor ei storstilt utbygging av festningsverk og flåtestasjonar. Det var enormt med ressursar som blei satsa. Hos oss starta anleggsarbeida med forsvarsverka på Storåsen med ei rekke bunkersar, kanon- og maskingeværstillingar og løpegraver. Deretter kom festninga i Havreneset. Der ute var det digre saker med underjordiske gangar og salar. Heile 6 kanonstillingar for 15,5 cm-arar. Seinare bygde dei eit mindre batteri på Sørstrand som skulle dekke sørflanken.

Frøysjøen var eit viktig angrepsområde for allierte MTB-ar. Her bygde dei batteria på Gottra- neset og Aspenes. Ei hovudoppgåve var på sikre smelteverket i Svelgen mot alliert åtak. Til saman hadde desse to anlegga sju 10,5 cm feltkanoner. Ved alle anlegga var det lagt ut tusenvis av land- miner, og forsvaret hadde ei mengde flammekastarar til disposisjon. Ein angripar skulle ikkje få det lett om han prøvde seg.

I tillegg til alt dette hadde hærmakta sett ut speidepostar på strategiske stader, som straks kunne melde om allierte krigsskip var undervegs, eller om dei oppdaga mistenkeleg aktivitet. Flåtebasen i Florø vart godt utbygd. Dei mindre krigsskipa heldt til i hamneområdet, medan større skip drog seg inn i Havikbotnen, eller innetter mot Grønenga, der dei kunne ligge godt kamuflerte langs bergsidene.

Okkupantane hadde store transportar av våpen og varer langs Norskekysten, og flåten deira var i stadig rørsle. For Storbritannia var det av største verd for forsvaret å få vite om tyskarane pønska på eit angrep frå Noreg. Dei måtte få vite alt om troppeflyttingar, kvar den tyske krigsflåten heldt stad, og også varetransporten. Då måtte dei ha hemmelege agentar inne i det sterkt okkuperte kystområdet, og Fjordane skulle spele ei av- gjerande rolle. Vi låg langt frå tyske flybasar, og det var gunstig område for å gå til raske åtak på tyske transportar og anlegg.

I byrjinga av mai 1941 kom «Fiskebas» til Shetland med 8 flyktningar frå Florø. To av desse, Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, vart straks overført til SIS for opplæring som løynde agentar. Etter nokre månader med instruksjon, vart desse to dei første SIS-agentane. Dei vart sende til Noreg, og kom fram til Solberg den 20. august. Raskt hadde dei etablert stasjonen «Eric» på Gåsøya, rette utanfor garden Solberg. Den låg med utsyn til leia, var stort sett flat, og dei slo seg til i eit sauefjøs. Tyske krigsskip for framom dagleg, ofte med berre 100 meters fråstand, og dei registrerte all ferdsle av handelsskip i tysk teneste.

Vinteren 41/42 var spinnkald, og dei to karane heldt på å fryse i hel. Stundom måtte dei slost for å halde varmen. Om våren vart dei oppdaga av ei jente som var på saueleiting, og SIS fann det best at dei kom tilbake til England.

Dei to hadde sett i gang med ei omfattande rapportering til britane om tyske hærstyrkar, anlegg, krigsskip og konvoiar. Slik kunne dei dirigere MTB-ar og fly til gunstige mål. Dei kunne sørge for transport når flyktningar måtte over til England. Dette var ei teneste som etter kvart var utbygt langs heile kysten vår. Sjølvsagt gav dei meldingar om tyske observasjonspostar, slik at MTB-ane kunne unngå eller øydelegge desse. Ein veldig fordel var det at øyane Hovden, Batalden, Skorpa, Reksta og Kinn var kjemisk fri for nazistar eller tysk-sympatisørar. Her var dessutan eit utal mindre øyar, der det var lett for torpedobåtane å stikke seg vekk på dagtid. Difor førte samarbeidet mellom agentane og London til at svært mange tyske konvoiskip vart torpederte eller bomba av fly.

Den fremste spesialisten vår på desse norske SIS-agentane, Bjørn Rørholt, seier: «Svardal og Ulriksen var ankermenn i kyststasjonsnettet,» og dette har han full dekking for. Dei styrte 6 av dei 11 stasjonane i området vårt. «Eric» på Gåsøya med Svardal og Ulriksen. «Cygnus» på Skorpa med Ulriksen og Møller, «Erica» med Svardal og Viken ved Husefestvatnet, «Delia» med Svardal, Viken og Henningsen, «Gaupe» i Troll-ura Staveneset med Ulriksen og Møller, og «Roska» i Breivika med Svardal og Persen. Mest kontinuerleg i tida 19411945 arbeidde dei med livet som innsats i dette okkuperte kystområdet. Det er vanskeleg for oss i dag å fatte kva for forferdelege tilhøve desse agentane arbeidde under. Sjølv kom eg til å tenke på ei strofe frå eit Frimanndikt:

Ubåtjagaren «Hitra» var ein av dei tre ubåtjagarane dei norske styrkane i England fekk i gåve frå USA. Dei vart sette i trafikk hausten 1943, og erstatta dei små og saktegåande fiskeskøytene, som hadde hatt store tap, særleg vintaren 1942–43. Dei nye ubåtjarane vart hovudsakleg nytta til transport av agentar til norskekysten og flyktningar attende til Shetland. Det var «Hitra» som sette i land Dagfinn Ulriksen og Ivar Møller på Staveneset i august 1944, då dei etablerte sendaren «Gaupne».

Atle Svardal (t.h.) var i februar 1942 i audiens hjå Kong Haakon i London saman med Dagfinn Ulriksen (t.v.). Mellom dei sit Bjarne Thorsen.

Under Dun at varme, 
hvide bløde Arme,
var ei Nordmands Vis;
bruge Sten til Hovedpude,
naar han var i Marken ude,
det var Nordmands Vis.

Alle stadene agentane gøymde seg, var meir enn spartanske. Stormar som bles dei rett imot. Rå og fuktig havluft, der kulden kjendest dobbel når gradstokken kraup under null, og det var spinnkaldt desse krigsåra. Snø som gjorde at ein knapt kunne strekke på beina for ikkje å sette far etter seg. Ikkje tilgang til vatn, aldri få stelle seg skikkeleg. Tyske styrkar tett på. Kvar einaste dag kunne katastrofen vere ute, og døden var sikker. Isolert frå folk. Berre ein hende gong kontakt med sambandsperson, og nokre få andre. Dette var eit einsamt liv med veldige mentale utfordringar. Berre dei sterkaste fysisk og mentalt kunne utstå desse påfreistingane. I Svardal og Ulriksen sine tilfelle var dei nesten samanhengande i okkupert land i fire lange og svarte år. SISagentane tok på seg dette arbeidet av rein idealisme, kjærleik til fedrelandet og motvilje mot det nazistiske diktaturet.

Vi må heller ikkje gløyme den innsatsen og hjelpa dei fekk av folket lokalt. Utan deira støtte hadde agentane sitt arbeid vore svært vanskeleg. Isak Bredevik og familien hans kan stå som eit lysande døme på desse siste. Utan å stusse hadde han og huslyden straks hjelpt agentane på alle måtar, heilt frå Svardal hadde oppretta stasjonen «Erica.» Isak var også med i anna illegalt arbeid. Sigrun Solberg, som budde like sør for Breivika, var kontaktperson for agentane like frå hausten 1941 til «Roska» vart avslørt i mars 1945. Dagfinn Hjertenes var kontakten deira med Florø, og Arne Øvrebotten kureren mellom heimestyrkane sin base,«Snowflake», og «Roska». SIS-stasjonane sitt arbeid gav framifrå resultat. Den batt store tyske styrkar i landet vårt heilt til det siste. Då krigen slutta skal det ha vore 400 000 tyske soldatar i Noreg. Den veldige aktiviteten til agentane, nålestikka frå MTB-ar og allierte flyåtak fekk Hitler til å halde fast på meininga om at den verkelege invasjonen ville kome her på vest- kysten. Hadde han fått alt dette folk og utstyr ned til Tyskland, ville nok krigen ha vart eit år lenger.

Den tyske marineleiinga i Bergen forstod godt at alle dei allierte åtaka med fly og MTB-ar var dirigerte av SIS-agentane, som sende meldingar om alle aktuelle mål til leiinga i England. Tyske tap var alvorlege, og kommanderande admiral Schrader bad leiinga i Berlin om ein sterkare innsats mot SIS-agentane. Dei var ein stor fare for sjøtransporten, og aktiviteten deira berre auka på Hitler tok åtvaringane til marineleiinga i Noreg på alvor. SIS-agentane skulle knekkast. Tyske forskarar fekk utvikla eit nytt og effektivt peileutstyr, og Kriegsmarines peileskip «Hooge» og «Rude» fekk montert dette nye utstyret. Samstundes bygde marinen opp einingar med kommando- soldatar, som skulle kringsette og drepe eller ta til fange agentane. Dei var utstyrte med det aller beste tyskarane hadde av våpen. I byrjinga av mars klarte tyskarane med krysspeiling å fastslå kvar stasjonen «Roska» heldt til, like over Breivika i retning av Husefestvatnet. Marine Einsatz Kommando 35 (MEK 35), spesialsoldatar med dei mest moderne våpen, kom til Florø for å ta agentane. Tidleg om morgonen den 13. mars gjekk dei i land i Husefest utan at Svardal og Persen ante noko om aksjonen. «Roska» låg slik til at han var mest umogleg å finne, men ved eit tilfelle fekk ein kommandosoldat auge på den kvite isolasjonskoppen til antenna. Dermed var det berre å følgje leidninga ned til gøymestaden.

I aksjonen som følgde vart Svardal drepen og Persen ille torturert. Sjølvsagt vart Bredevik også arrestert. Same lagnad fekk Hjertenes og Magnus Uren. Den siste hadde bygt hytta. På mirakuløst vist klarte Sigrun Solberg å sleppe unna Gestapo.

Til alt hell vart Bredevik og Persen sittande i celler ved sida av kvarandre i Bergen, og dei kunne samordne forklaringane sine. Dei arresterte berga utruleg nok livet. Det vanlege var straks å skyte slike motstandsfolk. Truleg har tyskarane rekna med at krigen ville vere over når det skulle vere, og de ville ikkje legge stein til eiga bør når oppgjeret kom.

Ulriksen og Møller hadde fått melding frå London om at ein aksjon var på gang. Dei kom seg i all hast til Shetland dagen før dei tyske kom- mandosoldatane kom til Staveneset frå Breivika for å ta dei. 

For oss som opplevde krigen har det brent seg fast ei overtyding. Må dette aldri skje igjen, må komande slekter bli spart for okkupasjon og redsler som krig fører med seg. 

Men då må vi heller aldri gløyme kva historia fortel oss, for ein ting kan vi vere trygge på. Der vil alltid kome statsleiarar som liksom Hitler er styrt av samvitsløyse og vondskap.

Radiosendaren som vart brukt. Atle Svardal fekk St. Olavsmedalja med eikegrein, krigsmedalja og Distinguished Service Cross.

Oversikt over illegale radiosendarar og tyske kanonstillingar.

Sendarar merka raudt, og kanonstillingar blå.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2015.


Deprecated: Function lcg_value() is deprecated since 8.4, use \Random\Randomizer::getFloat() instead in /home/florahi2/public_html/plugins/system/sessiongc/src/Extension/SessionGC.php on line 66